torsdag 5. februar 2015

Valpane veks ♥

...i superfart og det har gått så utrulig fort!! I går var dei blitt 6 veker allereie ;)
Gul hanne til venstre og rosa tispe til høgre...

I dag tok eg og Tom litt bilder av dei, ikkje alle som er like flinke på bordet også få knipse i rette sekundet.
Men litt bilder blei det av dei skjønne firbeinte skattane våre ♥♥♥
Grå hanne...
 Gul hanne...
 Lilla tispe...
Oransj tispe...
 Rosa tispe...
 Raud tispe...
 Svart hanne...

No er det seng og "reperasjonstid" her med meg ;)
Klem -Anja-

tirsdag 3. februar 2015

RustikkChic...


...godt blanda med klassisk og tidlaus eleganse. Her er litt for ein kvar smak og for dei som er litt som meg så miksa vi litt klassisk,rustikk og natur ♥ Det er berre så fint og tøft det å få blande alt frå skinnande sølv til bark, tekstil gjerne ull, så borti rustne bokse til krystall!!...
Her møte det naturlig det fine og bort i det sarte...Det er både fjær og krystall i "treet", ja nåkken rosa fugla også ♥♥♥
 Det er massevis av fjær...over er det forskjellige kvite og under i jordtona...
This is CHIC - RusticChic!!...Sølv, grått og brunt, greiner, fjær...
Slike potter har vore borte litt, men så mange muligheta med dei!!...Lekker med eføy, og ikkje minst fin med eit rustikk preg med eit vårleg reier..
Stilige grønplanta med rustikke hengelykte...


I`m a RusticChic kind a girl!!...and so is my store!! I love it and hope you do too...

Eg fekk spørsmålet då eg opna butikken igjen om kva som ville bli og finne i butikken?: Jau, ting som eg lika som eg godt kunne plassert i min heim eller på hytta. Sik er det for det er ingen "må ha" varer i butikken som eg kan komme på...
Å no har det komt meir nye varere, og du og du kor kjekt!! Det var så deilig å få påfyll av litt meir av det grove ;) 

RUSTIKK - naturlig og enkel!!...

Håpe du lika det du ser eller kanskje har du fått litt inspirasjon?...
Ta deg gjerne turen innom oss ♥♥♥
Klem -Anja-

søndag 1. februar 2015

Fin avslutning...

...på Januar :)
Forige søndag var eg Tim are og pappa på ein fin tur, utan hund!! Ja, alle var i Langevåg og vi på Sunde...
Tim Are og besten på tur ei litt anna rute enn vanlig ;)
Ser kaldt ut for Timmen...men, eg helde dunjakka i handa, han har ulskjorte og ullgenser på seg asså!! Blei berre så varmt då vi gjekk oppover :)

Fredag morgon var det behandling og ein rask fjelltur ilag med "Sky" før det var heim igjen til valper. Der var det ein som var litt pjusk i magen så isolerte den i stua...jaja ikkje masse vits då det lett smitta, men fekk følge med at den fekk i seg nok med vatn etc.
Laurdag blei det heimetid med valper før det blei ein liten handletur...Kjørte raskt til Sunde der vi akkurat rakk ein fjelltur før det blei mørkt, klart til og med å kjøre bort til Breivika igjen før å kjøpe gulvtepper før kl. 18.00!!! :)  Tim Are har det med å ta litt mange valper inn i stua og klare ikkje passe på kven som tissa og bæsja, tok ut eit teppe, men klarte meg ikkje utan ;) Så no skal vi ha klare spilleregla for korleis vi ska ha valpane i stua.


 

Middag på Sunde før vi for ut igjen og der skulle eg få mest mulig med inn...Klare asså å få til eit overtråkk på den asfalterte gårdsplassen vår!! Men, heldigvis ikkje så gale hørte berre eit lite riv, isa ned, hatt foten høgt og komprimert ;)

I morra blir det "bydag" og innom Ullevål, så eg og min kjære skal på lunsjdate og kose oss litt også ♥♥♥
Klem -Anja-

Utetid og første solgløtt...


...gjennom stuevindauga på sånn ca. 2-3 månader!! Jepp, her er vi i skyggeland ei tid og deilig då strålande kom inn på stua i dag. At vindauga burde pussast det bryr eg meg elles lite om det kan du tru, men eg fekk lyst å hive meg i ein stige å pusse dei utvendig med ein gang!! ;)

Tidligare på dagen hadde valpane seg ein tur ut, det var godt å få komme ut når det var opplett og passe kaldt ute ingen som blei tilgrisa etc. Eit par av valpane har hatt litt dårlig mage så derfor hyppig vasking og passe på å ta vekk med ein gang...t

Tim Are elska å få helde på med valpane!! 
Her er litt bilde frå dagen i dag :)
Etter valpane var ute dekkje eit gløtt av sola!!!

I morra skal mi kjære mor passe barna, valper og hundane...Eg og Tom skal på dagstur til Oslo så håpe det går bra med dei her heime!! Men, eg kan nok senke skuldrane for dei er i dei beste hende...Katja ha full kontroll på foring, Tim Are det sosiale og mamma med reinhaldet ♥♥♥
Klem -Anja-

Ting å ordne før valpen kjem i hus

...Ja det kan vere så mangt både nødvendig og unødvendig ;) Dyrebutikkane har så masse forskjellig å by på at ein kan bli tullete av mindre. Så eg skal prøve å komme med det som er nødvendig og ja åsså litt som ein berre må ha for å ha det.
 Bilda av banda lånte eg frå Rudskog hund og gå gjerne innom deira netthandel å sjå om der kan vere nåkke av interesse!! Band, leiker, godbita, dummy etc.

  • Hundeför, skikkelig hundeför er eit must!! Du får med litt herifrå så du kan blande med eit anna merke om du ikkje fortsette på det samme...Vi har også store sekka for sal om ønskelig for no og seinare, vi fora på MERADOG.
    Om du går over på anna merke råda eg de sterkt til å handle dette med dyrebutikk eller veterinær!!
  • Bæsjeposa!! Det som kjem inn må også ut og husk å ver ansvarlig hundeigar og plukk opp igjen der det trengst!! :)
  • Mat- og vannskål gjerne i stål som står stødig på gulvet og er lett å halde rein. Denne vil heller ikkje valpen klare å bite istykker...
  • Valpen må få sin faste plass  huset, greit med eit bur som den kan finne roa i med eit godt teppe. Ikkje dumt med ei seng i stua, på kjøkkenet eller kor de måtte ønske. Ei mjuk seng som dei kan ligge godt i, husk at valpen og hunder sove masse i løpet av ein dag og må ha mulighet til å ligge bra!! For mjuke madrasser vil eg sterkt anbefale Buster som sikkert kan kjøpast på nett eller kjøpe/bestille det med dyrebutikk. Biabed er også å anbefale med glattere overflate...
  • Bur er det mange av og der kan du g for eit sammenleggbart stålbur eller eit hardplastbur. Her skal hunden kunne stå oppreist og ligge godt...
  • Band er det i hopetal og ikkje like lett å lande på eit...her blir det sikkert fleire både med tanke på det praktiske og utsjånad...Eg anbefala eit halsband for valper uten strup til å begynne med, eit justerbart nylonhalsband som ikkje blir for stort finn du i alle dyrebutikker til ein rimelig penge. Etterkvart som valpen vokser må man ha fleire og etterkvart når hunden blir større er det mange som vil gå over til halvstup.
    NB! Skal du på utstilling med hunden så husk å ikkje ha halsbandet på heile tida, ta det av og på når du skal ut slik du slippe ein krage rundt halsen ;)
  • Kobbel får du også i mange forskjellige utførelsa så her kan du sjå kva som passa best il handa og auget ditt.
  • Retrieverband/jaktkobbel bruka eg masse!! Dei er lett å ta av og på og du har halsband og kobbel i eitt. Men, du må vere påpasselig at valpen/hunden ikkje drar for dette er strupband så derfor skal det ikkje brukast før hunden kan gå i band...Men, hallo!! Dåkke er jo så flinke å trene at valpen/hunden ikkje dreg i bandet ;)
  • Børste er der også godt utval av, men om du kjøpe ei "grei" børste og ein kam (ikkje for tette tagga) så har du til å starte med.
  • Klotang må ein også ha og her spør du i dyrebutiken for kva dei vil anbefale deg.
  • Saks, ja når du kjem så langt at du skal begynne å klippe hunden er det greit med ei dobbel effileringssaks for å slippe for masse "tagger", rett saks og ei potesaks. Det er ikkje nødvendig å starte med dei dyreste i butikken så spør etter ei god "billigsaks"...
  • Vapen klør godt i tennene så det kan vere lurt å ha litt som den kan bite på...forskjellige tggebein etc. får du i dyrebutikken og der er også diverse som er grei for ein valpemage...
  • Så er det alltid kjekt med litt leiker og det er det massevis av i dyrebutikken og der kan du velge det du sjølv syns ser greit ut. Viktig at valpen har litt å sysselsette seg med.

Håpe det her kan vere litt til hjelp med kva de kan kjøpe inn å ha klart til valpen kjem i hus...

Ha ein fin kveld!!
-Anja-rud

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...