søndag 10. mai 2015

Ei meeeeget oppegåande helg!...

...så eg må berre takke alle herlige hundefolk for at vi har det så kjekt i og rundt ringen! :)
I går fekk vi også tid til ein tur på fotballcup med Tim Are på formiddagen, før vi møtte i hallen for ettermiddags utstilling. 
Tim Are spelte tre kampa der det blei tap, seier med god margin og så eit knepent tap...

I går laurdag på NRK avd. Sunnmøre si utstilling debuterte "Bobby" og "Keesha" i ringen med sine 4 1/2 mnd. og kan ikkje sei seg anna enn meget fornøgd!!
"Bobby" vant 4-6 mnd og slo 6-9 mnd hannvalp og blei då beste hannvalp - BIR og BIS 2!!
"Keesha" vant 4-6 mnd og slo 6-9 mnd tispevalp og blei då beste tispevalp - konkurrerte mot sin bror og blei BIM.
"Chico" til Sølvi og Jarle hadde ikkje heilt dagen i ringen og bakte litt kake med vispinga si ;) fikk VG og det er slettes ikkje nederlag men rom for forbetring.
"Nemi" til Janita fikk CK, beste veteran og BIS veteran!! :)
"Keesha" til venstre og "Bobby" til høgre...
"Nemi"

I dag møtte vi til nye runder med venstresvinga i ringen. Valpane var for små for NKK si utstilling og ei høgløpsk "Sky" blei heime, så vi hadde ingen hunda å stille men eg stilte to "eigenproduserte" å så gøy som det er!! :)
"Chico" fekk ein omgang til med saksa og eg brukte ei tid på å gå han ned...etterkvart kom bevegelsane meir til sin rett ;)

Vi går i ringen og det eg håpte for i dagen i dag gjekk fint og vi fikk raudt. På utsida fikk eg kommentar på at han tar denne klassa i dag, ja du tar sikkert certet også!! Neeei, du tulla sa eg :)
Inn igjen og vant klassa med CK. At vi skulle ende som BESTE HANNE med RESERVE CACIB og det STORE CERTET hadde eg aldri drøymd om etter forestilinga vi hadde føre oss i går!!... Så utrulig kjekt og stolt oppdretter!!
Utrulig glad så no skal vi berre få stramme han litt mer opp med sykling, å du steike no skal både eg og "Chico" få betre linjer eller litt meir eleganse ;) ja for vi som går så masse i fjellet bygge muskla og er kanskje ikkje like grasiøse :)))
"Chico" in action...
 "Chico" ute ved hallen...
 "Chico" ute ved hallen med sine fine rosetter...

Så til slutt i dag var det gamlemor "Nemi" som bli 11 år i juni!!...Beste veteran og billett til "best in show veteran" - av mange flotte veteraner endte "Nemi" som BIS 2!! Veldig kjekt og superstolt av gamlemor!! :)
 "Nemi" in action i den store ringen...
 Blir her snart oppropt som BIS 2!!...
Meget godt fornøgd med BIS 2 og bilde med best in show dommer...

Medan eg og Katja var i hallen var Tom og Tim Are på trailkjøring og det var visst så spennede og kjekt at Tim Are ikkje kjem til å få sove i natt ;)

Pappa var heime med oss å henta alle hundane med seg heim til seg. Å tru meg eg var nær ved å få hjarteinfarkt av telefonen: "Sky" har hoppa ned frå verandaen!! Uten eit pip sprang ho visst bort til pappa for litt kos, så det var nok at ho såg han i hagen og ville rett og slett berre joine han.......Mamma som stod i verandadøra hylte til og klarte ikkje sjå ut for verandaen for ho var redd for kor det gjekk. Ja, det blei "Sky" fly in the sky!! og eg kan fleipe slik no etter at det gjekk så bra. Bobby og Keesha hadde klatra ut av hundegarden der så dei kom seg også ut, er det slik at når "mor er borte dansa hundane i lufta!?". 
Gjekk over kvar tomme av Sky når eg kom heim og der var det berre god muskulatur som kjentes. 
Avslutta dagen med ein tur med alle hundane, og no pakka eg klart for nåkken daga på austlandet...Tek litt "husmorferie" for å klippe rosene mine på hytta og litt ymse anna ;)))

Takk for ei herlig innhaldsrik helg...velkomen ny veke!!
Klem -Anja-

fredag 8. mai 2015

Vårt lille uterom

...Høres litt rart ut kanskje, men for tida er det kun det lille uterommet våra som eg "lika" for hagen er ikkje slik eg vil ha den for tida, og når vi no har bestemd oss for å flytte i år blir det ikkje nok energi til å styre så masse i resten av den store hagen.
Men, den lille hula vi har ved inngangen med bad og massevis av potter er akkurat passe landlig og sjarmerande for meg, ja no venta eg berre på at rosene skal begynne å sprette...
 Her er eit par av rosene i blomstring for eit par år sidan...Det har etter den tid "balla på seg" med massevis av krukker, kan aldri få nok krukker ;) 
 Her er krukker som det har begynt å livne til i, men enda litt "gresent" men det har sin sjarm likevel...
 No har det begynt å vekse ut raude blad i rosakrukka også :)
 Sakna den store sofagruppa, men der var det så store og tunge pute i at dei låg på heile tida...då sei det seg at vi måtte ta den vekk for det vart nabolagets katta som storkosa seg i dei. Med massevs av hår og kattapiss var det berre å få vekk...
Her ligg det no berre eit par reinsskinn...

Så kom eg over eit par bilder frå i fjor og det vise seg at det forandra seg litt heile tida ;)
 No gleda eg meg skikkelig til det begynne  blomstre her igjen...
NIB har utfordring "Ut i vår hage" og då måtte eg berre hive ut litt bilder, og fleire blir det nok utover våren og sommaren...
Ha ein fin dag!!
Klem -Anja-

NB! Litt på sida, men huset vil bli lagt ut for sal på seinsommaren (trur ikkje vi rekk det før), er det av interesse for deg eller nokon du kjenne er det berre å ta kontakt med oss for info og eventuelt visning:

Tom på 941 54 947 eller tom@kvasneset.com
Anja på 900 18 619 eller anja@kvasneset.com




mandag 4. mai 2015

Sukker + Ålesund...

...= Sukkertoppen!! :)
Endelig etter femogtredve år kom eg med endelig opp på Sukkertoppen. Den har nok vore i tankane ofte og lenge, men har liksom ikkje blitt for om eg skulle ha meg ein kjapp tur blir det oftast favoritten Lervågfjellet eller tura på Sulafjellet.
Men, etter at vi blei invitert i etterselskap i går kunne Tom og barna kjøre heim medan eg og mamma tok turen på dette lille sjarmerande fjellet yst i Ålesund...

Kjempe fint og lett å gå opp og sikkert "litt" vått etter eit par daga med regn, men i går var det toppers!! Litt sur nordavind på toppen og då fekk fingertuppane kjølt seg, ja dei blei nesten nedkjølt der oppe då eg skulle prøve å ta nokre bilder...
Til venstre ser de Langevåg og det store fjellet er Sulafjellet... Ein fantastisk fin tur er å kome seg opp til toppen og g utover heile vegen til Elstrane (yst ute til høgre) er som å gå på ei vidde...
 Ålesund ned til venstre og på andre sida av sjøen til høgre ser de Langevåg...
 På veg ned hadde eg nåkke så trykte så fælt på oppi hælen og lurte på kva det var og måtte sjekke om eg hadde fått nåkke i skoen...Nope, det var nok medbrakt - for det var peanøtter som hang fast i hælen det var nok etter kaka eg leverte i konfirmasjon laurdag ;)
På veg heimover hadde vi ein fantastisk solnedgang på venstre sida vår...eg måtte stoppe før Steinvågbrua og knipse litt ;)
 Ein skikkelig sjølvfi ;)
Mamsen og meg i solnedgangen...


Mai er herlig og gleda meg til fleie fine tura :)
1. mai hadde eg, mamsen og Eirin oss ein tur til Lervågfjellet, kan ikkje sei at det var ein lett og fin tur men likevel godt for topplokket! Elska å jobbe med blomster og dei siste dagane før var det både til konfirmasjonar og begravelsa (sjølv om det gir meg masse, er det slettes ikkje godt for kroppen) så dermed blei det litt problem med å gå oppover, men eg fortsatte for som regel går det seg til, men ikkje alltid skjøna eg ;) På veg ned blei det enda verre så mamma var redd ho måtte ringe etter helikopter for å få meg ned. Men, eg brukte armane ein del nedover der eg sikta meg inn på greiner å støtte meg i...jaja, nåkken ganga er det langt frå godt, men litt hjelpe det på uansett velge eg å tru.

I går var ein heeeerlig dag etter liten tur og tussling i heimen, koselig etterselskap og avslutta med ei suerfin tur!! :)
Herlig avslutning på veka og ingen dum følelse å ta med seg inn i den nye...
Klem -Anja-



29. oktober - for meg ein merkedag

Det blir litt mimring innimellom, og eg kan sjå tilbake på  så  mykje fint i «hundegalskapen» – eit liv fylt med mykje godt innhald, gleder ...