onsdag 29. februar 2012

Skuddårsdag - frieri giveaway!!

I dag er det 29. februar det vil sei skuddårsdag og det er nesten kvart 4. år vi har det, fint derfor å gjere nåkke ekstra ut av dagen…Eg fleipar innimellom med at eg søkjer om fleire timar i døgnet men søknaden blir avslått, i dag kan eg ha ein følelse av at vi ha fått nåkken ekstra timar til å nyte kvardagen ♥♥♥

Etter gammal tradisjon var det den eine dagen i året ei jente kunne fri til sin mann, men om mannen sa nei måtte han betale ei oppreisning til ho og det var 12 par hanskar, eg vil tru at ho då kunne ha eit hanskepar pr månad og då skjule handa og ikkje visa at der var ingen ring på fingeren.
Treng du blomster til frieriet!? Det har vi sjølvsagt i butikken...
Synest det er litt kjekt med slike gamle «tradisjonar» og ønskjer å premiere dagens «beste» frieri!! Om du har fridd eller blitt fridd til i dag, fortell di historie i kommentarfeltet her og eg vil velje ut eit frieri som får ein liten giveaway!!
Eg har ikkje hatt giveaway tidlegare så det skal bli spennande...håpe det er nåkken romantiske tobeinte her ute og som også kikkar innom bloggen min 

På butikken vil vi også gjere ein liten ting, vi gir derfor alle våre kundar som følgjer oss på nett -10% på alle varer frå Rosendahl (gjelder ikkje i kombinasjon med andre tilbod)…Men husk å sei frå om rabatten i kassa!!


Ønskjer dåkke alle ein flott skuddårsdag ♥♥♥
Klem -Anja-

torsdag 23. februar 2012

Love is green

Vi har no fått påfyll av dei herlige duftlysa frå Love is green…dei har ei fantastisk lukt og brenne så flott, vi har dei i forskjellege dufter i både stort og lite glas.


Her er bilde av stor og lite glas med lavender...

Lysa er handlaga i England av 100 % økologisk palme- og soyavoks og kjem i fleire størrelsar. Veiken er av bomull med ei lilla papirkjerne og heilt utan nylon og bly, det lille glaset har ei brenntid på opptil 20 timar, stort lys brenne i opptil 60 tima. 

Voksblandinga er enten tilsett reine eteriske oljer eller duftoljer, den smelta ved veldig lav temperatur og egna til massasje eller som handkrem. Skal voksen nyttast til det bør man velje lys med eteriske oljer.

Ej er nok som dei fleste sikker forstår litt svak for lilla, ikkje minst herlig sommarleg velluktande lavendel – det er balsam for sjela ♥♥♥

Når man først er inne på lavendel ventar vi på vår nye firbeinte venn, vi skal snart hente heim ei lita svart frøken frå Tsjekkia, ej fikk ei liste med namn å velje mellom og det blei då sjølvsagt ♥ «Lavender Sky Black Brianta» ♥ ...


Ønska dåkke alle ein fin kveld  ♥♥♥ 
Klem -Anja-

onsdag 22. februar 2012

Nye leverandørar

Under gave og interiørmessa i januar må man rundt om for å finne varer med både nye og gamle leverandørar…I år fant vi en masse fint og praktisk, nåkken varer har vi fått men vi ventar inn ein heil del med nye fine varer ♥♥♥
Har satt inn bilder av nåkke av det som kjeme, bilda er ikkje tatt av meg, men henta frå leverandørane sine sider...


Cupcakes er nåkke mange av oss lagar og vi får snart inn cupcakes jern og en masse flotte tilbehør til…vi gleda oss og då må det vel bli prøvesteiking i butikken : ))))
Fredag formiddag blei det først muffinssmaking og deretter inn til nye flotte Barfota!! Dette er eit heilt nytt merke som produsera og levera klede, smykker og ikkje minst fantastiske skjerf!! Vi har hatt eit par andre leverandørar på skjerf, men disse e utrulig flotte og det er dei vi vil ha i butikken framover. Høres kanskje lenge ut, men første leveranse blir mars/april men det går så fort så…

Håpe dåkke lika det dåkke ser og vi legge ut info når det kjem i butikken!!
Ha ein fin fin kveld
Klem –Anja-

søndag 19. februar 2012

Litt forandring fryder!?...


For nåkken daga sida tok damene i butikken å ommøblerte litt…

Eg var «lei» av den store veggreolen midt i butikken, ville prøve å sette den på andre sida...Då eg såg resultatet blei eg veldig fornøgd!!
Der som den står no blei fort rotete og eg håpa det blir lettare å halde orden der no…  
Her er nåkken bilde av litt av butikken 

Den nye veggen blei veldig "ny"...Alt må man venne seg til ;) Men her er mange lekre varer, fine speil, lekre rustikke lysestaker, nyyyydelig lammeskinn, flott krystall og ikkje minst en masse lekkert servise frå PIP Home 

Lekker lysekrone, klede frå Sagen Vintage Design, pute frå Mathilde M., diverse varerer frå Trend Design etc...

Ha en fin og koselig ettermiddag 
Klem -Anja-

Valpane 3 veker 18. februar


Her er lille "Dennis" 2,5 veker...
Tida går og valpane he allereie blitt 3 veker!! 
Dei er utrulig skjønne og både små og store på to bein koser seg. Bajassen er som en reservefar å regne, han får ligge ved valpane og går å tusler rundt…
Tim koser med valpane...

Fredag hadde vi koselig besøk av familien Måseidvåg/Brown – dei skal etter kvart få med seg lille «Dennis» heim. Det skal bli spennande å følgje dei to og kjekt at dei får bo så nært!!
♥ skjønningane 

Katja skal sjølvsagt igjen bestemme namn på papillon valpen vår…Sist blei det «Tutta» etter tuttissane henna, no blir det enten Sharpay eller Miley – frå High School Musical og Hannah Montana, vi kan dermed sjå på hundane (til papillonane) kva fase Katja er/var i 

Vi vinker hade bra for i dag 

Ha en fin dag videre...
Klem -Anja-

onsdag 15. februar 2012

Vårnytt frå Spicy Vanilla

I dag fikk vi inn første vårsending frå Spicy Vanilla
Vi har gådd å gledd oss til dei skulle komme inn og endelig fikk vi jakker, bukse, underkjole og ein heilt fantastisk flott tunika ♥
Dei vakre og feminine kleda frå Spicy Vanilla er romantisk og tidlause - bak design og produksjon står Mette Winther frå Norge…
Det er nok ikkje så masse meir som trengst å skrivast berre å "nyte" bilda som er lånt frå Spicy Vanilla J
Vårens kåpe i mjuk stretchbabycord med fleecefôra overdel. Detaljar i mesh regulerbar i midja med knyting bak. Vi har den i blått og crémekvitt...
Fantastisk Cotton Tunic!! Strikk under brystet og i ryggen, fantastisk passform! Knyting i livet. Broderte kloke ord ton-i-ton bak på tunikaen - samme som innsida på jakka...
Tøff bukse med liten sleng. Slitte effekter og stikninger midt foran og bak. Får beina til å se lengre ut. Veldig myk og behagelig stretch som holder fasongen! Lommer foran, "fake" baklommer, men englevinger fra Spicy Vanilla logoen brodert på...
Deilig underkjole i Modal/spandex med regulerbare stropper og broderte blonder, dette er samme som vi har i creme...

Ha en fin fin kveld og du er sjølvsagt velkommen i butikken for prøving...for dei som bor langt unna sender vi sjølvsagt varere, då er det berre å ringe til butikken...
Klem -Anja-

søndag 12. februar 2012

Valpane 2 veker - 11. februar

Heilt utrulig å sjå forandringa frå dag til dag ♥Tok nåkken bilder no i kveld...skal få til litt bedre etterkvart. Herlig å ligge å høre lydane til disse to vidundera, til og med barna må inn å sjekke at alt står bra til med dei!
Dei er som dåkke ser tjukke og goe...


Ha ei fin fin natt og ønska alle mødre ein fine morsdag ♥♥♥
Klem -Anja-

lørdag 11. februar 2012

Nye skilt...

Her er nåkken av dei nye skilta vi har fått inn...Det er mang godbitar i butikken, fleire bilde kan sjåast på Gavehuset si facebookside  :))



Då skal ej berre drøyme meg gjennom resten av helga...
Klem -Anja-

torsdag 9. februar 2012

SafeCandle in store!!

No har vi endelig fått flotte kvalitetslys i butikken...vi har leita ei stund etter gode elektriske lys og har no fått første levering :))

Levende lys utan flamme!!

Det er vakkert, trygt og miljøvennleg...
Ingen risiko for brann...
Flimrar som vanlige stearinlys...
Perfekt alternativ til open eld...
Miljøvennlege...

Batteridrivne...
Ikkje minst er dei fine på verandaen når det bles ute...

Det unike ved disse vokslysa er teknologien, som skapar ei identisk flimring, samanlikna med bevegelsane i eit vanleg lys.
Med ei patentert databrikke inni velge den reint tilfeldige sekvensar. Dette gir deg ein heilt naturlig flamme, som flimrar og kasta dansande skyggar.
Voksen er gjennom skinnelig, og har same tekstur og matte glans som vanlege vokslys.
Sjølv når lyset er av ser det bra ut på eit bord eller i ein lysstake.


Ha en fin og lun kveld ♥♥♥
Klem -Anja-

Frå "pap" til staff...

 Vi har hatt ein fin ettermiddag med gode venner ♥♥♥
Kennel Furstaff har eit flott kull med herlige staffordshire bull terrier valper...setter inn nåkken bilder - dei sei meir enn tusen ord...
Barna storkosa seg i valpebingen... 
 Herlige valper ♥♥♥ Utpå kvelden tok ej med Katja, Tim og Mathea til Sparebanken Møre og tømming av bøssa...Der fikk dei hilse på han Tare, fikk premiar og ikkje minst ansiktsmaling!!
Katja med blomster, Tim Are er eit spøkelse og Mathea har fått sommerfugl ♥ ♥ ♥

Ha en fin fin kveld...
Klem -Anja-


Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...