torsdag 2. februar 2012

"Lillamodus"

Her er vi nesten alltid i ein liten "lillamodus"…Lilla i mange nyansar er fint, så her skal du kunne finne litt forskjellig i den tonen.
Laaaaangt tilbake i tid var dei kongelige veldig glad i lilla fordi det var ein sjeldan og kostbar farge… I dag er lilla stort sett ikkje dyrare enn andre fargar du kan dermed godt auke kreativiteten eller finne ro og balanse med litt lilla på interiøret eller ein "liten" blomst ♥
Kanskje likar eg (vi) så godt lilla fordi vi assosiera den med herlige dufter av syrin og lavendel!? For ordet lilla kjem frå det franske ordet lilas, som betyr syrin og syrinfarga, og det stamma frå det arabisk lilac som betyr syrin…

Fine te lysestakar i ein herlig matt lillatone, fleire forskjellege strukturar...

Fargen lilla betyr rettferdighet, clairvoyance, mystikk, hell, sjarm, framgang, meditasjon, religion, veiledning eller idealisme...
Skjønne campanual har vi i butikken, disse kan du ha inne fram til våren, då kan du plante dei ute i ei krukke...
Då eg tok over butikken for 3 år sidan var eg på leiting etter lilla, har vel alltid likt den fargen og ønskte å ha den i butikken…Første messa tråla eg alle stands på leiting etter det «perfekte» - i dag er det heldigvis ikkje vanskeleg å finne…
Vi har fleire fine lillatonar til vår og sommar, når vi går over til haust får vi ein anna nyanse og mot advent får vi «adventslilla» - sjølv om fleire no også be nyttar seg av andre nyansar av fargen i denne tida.
Alt er lov heile året…ikkje minst er det utrulig flott med lilla blomster ♥
Disse telys glasa har vi i lilla og ein fin blå/grønn farge...

Ønskjer deg ein fin og drømmande kveld ♥ ♥ ♥
Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. hihi...tante Lilla herself talking????;)
    Deilig med vårlige farger og spennende med nyheter Anja,tipper dokke kosa dokke:) Tenk det har gått tre år da,gratulerer!!!:)
    toveklem:)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for det Tove!!
    Jepp......må vel berre innrømme at ej e veldig glad i lilla ;))
    Klem på du!!

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...