...eller heilt enkelt Banankake!! :)
Det var min kjære svoger som sist eg fekk egg frå Emblem og laga deilig "sukkerbrødsjokoladekake" sa at det skulle vore med banan, for han lika så godt banankake.
Til Ferdinand sin 1 års dag prøvde eg meg for første gang og den var visst vellykka :)
Så når eg no i romjula fekk nye egg frå garden der Nora bor måtte eg bake igjen - Tusen takk!!...med slike eksklusive varer må man bake nåkke ekstra godt! Berre så synn at Adrian er på jobb igjen...
Ekstra godsaker til nyttårsfesten blir altså ei lita rullekake med nøtter, banan og sjokolade.
4 egg
1,5 dl sukker
1,5 ss potetmel
2 ts bakepulver
100 gr. hasselnøtter
50 gr. kokesjokolade
Nøtter og sjokolade raspes i mandelkvern, pisk egg og sukker til eggedosis, sikt i potetmel og bakepuler og vend forsiktig inn, vend så inn nøtter og sjokolade.
Røren bres utover eit bakepapir og steikast på 230 grader i ca. 8 minutter. Vend kaka på eit sukra bakepapir og avkjøl med langpanna over...
Fyll og pynt
4-6 dl kremfløte
litt sukker til kremmen
2 - 3 bananer
50 gram kokesjokolade (litt ekstra om ønskelig)
På avkjølt kake smørast det på eit lag med krem, skjær opp bananane og sjokoladen legg det på kremen, så ruller du kaka sammen og til slutt krem oppå kaka med litt raspa sjokolade på toppen...
Enkel og grei kake som er nydelig til kaffen...
Ha ein flott nyttårskveld ♥
Klem -Anja-
Anja`s ♥ skatter er mange, og for meg er det eit dekkande ord. I huset her i Runnane – Villa Galskap – har vi mange skattar. Det er alt frå to herlege born på to bein, til sjarmerande, svarte skapningar på fire bein. Som hjå dei fleste andre er det sjølvsagt også nokre "ting" her som ligg hjartet nærast, og som har ei heilt spesiell tyding akkurat for oss. Men så, ein reality check: Eg har plutseleg blitt trebarnsmor, dei to eldste har flytta ut, og i tillegg har eg vorte mormor. Livet, asså!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Magisk helg...
Det er faktisk det eg tenkjer etter ei verkeleg magisk festivaloppleving i fjellheimen ♥ Foten av Besseggen var hovudarenaen for helga. Oppl...
-
Helga for to veke sidan var eg så heldig å få besøk av mi kjære søster frå Bergen og borna henna. Jentene til søstra mi lika veldig godt...
-
Stamtavle, bilde av far «Loke» og mor «Abi», samt kvalpane i midten er Abi’s barnebarn… …Det gleda meg å kunne få planlegge eit siste kull, ...
-
Her er same hund som eg har klipt berre ein gong tidligare... Tidligare hadde eg skrive ein del om klipping i tilegg med detaljerte bi...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar