onsdag 11. desember 2013

Ny butikk!!...

...Alle ♥ gleder seg har eg skjønt!!...Det vil bety ein ting, butikken vil som eg trur blomstre som aldri før!!  For vi hadde "skriking" i to veker etter eg bestemte å avvikle om kor trist det blir utan Gavehuset i sentrum!! Butikken har jo vore her i fleire titallsår og sjølvsagt vil det vere eit stort tap for bygda og tilreisande å ikkje kunne ha dette tilbodet lenger...

Med den etterspørselen at butikken må fortsette, så MÅ det her berre bli SÅ bra vidare!!

I vår hadde eg sjølv planer om å reise til Herregård i Larvik, gjere litt om på konseptet. Men, ettersom eg ikkje fekk dei ønska svar frå legar var det berre å snu...

Gleda var stor når Monica skulle i gang og ho ville ha meg med til Larvik og gå for ein liknande plan!! :))
Her kjem litt bilder eg tok i Larvik for nokre veker sidan...
Ein favoritt er BC, serviset er jo bere herlig, men det var jaggu den puta her også!!...
Å du og du for ein butikk ditte her blir ♥♥♥ Her har litt av herlighetane komt inn i butikken og er klare for å bli prisa...Det er dei no og i morra kjem dei frå Herregård for å dekorere :)
Eg er glad eg kan bruke butikken som "sosialisering" rundt strikkebordet, men mest av alt at eg kan bidra med litt på blomsterfronten...berre å bestille så skal eg komme innom å lage bukettar, dekorasjonar og kransar ♥ ;)
Har hatt Monica som "elev" og ho er veldig flink!! Ikkje lenge før alt sitte og ho ikkje har behov for meg lenger...


Håpe butikken igjen blir godt mottatt og husk, for å ha eit levande sentrum - MÅ VI BRUKE DET!!... ;)

Elles vil det nok framover bli enda meir blogging om alt mulig...gleder meg til forma er stigande og eg kan å komme meg ut å ta bilder igjen :)
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...