...i stua ♥
Denne gangen tok vi med oss mange små skatta frå herlige Thailand. Før har vi kjøpt med oss massevis av gaver til veldig mange, men i år blei det gaver til dei næraste og resten til oss sjølve.
Det blei litt av det samme som tidligere klede, nips og naps...så måtte Timmen ha med seg tromma si heim ♥ mamsen fann seg både lampe, nye putetrekk og løpera, buddafigura, duftlampe med forskjellige "favorittdufter" og massevis av "pleieprodukter" som vege meir i kufferten enn nødvendig men så kjekt å få det med heim!! Så på vakre Kho Larn var det skattejakt i sanden etter dei mest sjarmerande corallane som har fått plass på brett og i lyslykt, kosta nada men vegde nok dei også ;)
Vi sit igjen med fantastiske opplevingar, kvalitetstid og gode minne ♥ Herlig å kunne fungere litt bedre enn eg gjer her heime...sjølv om eg lika å få med små skattar heim, er min beste fangst ved å vere i varmen, å kunne få gi alt eg kan for barna mine ♥
Tim Are har hatt litt av ei oppleving då han fikk spille tromme med sjølvaste PK Støbak og Odd Arne Sørensen - to nye heltar som han sist sa han savna i dag tidlig...
Stua er fylt med vakre taiorkidear og vakker duft frå eit fantastisk land ♥
Klem -Anja-
Anja`s ♥ skatter er mange, og for meg er det eit dekkande ord. I huset her i Runnane – Villa Galskap – har vi mange skattar. Det er alt frå to herlege born på to bein, til sjarmerande, svarte skapningar på fire bein. Som hjå dei fleste andre er det sjølvsagt også nokre "ting" her som ligg hjartet nærast, og som har ei heilt spesiell tyding akkurat for oss. Men så, ein reality check: Eg har plutseleg blitt trebarnsmor, dei to eldste har flytta ut, og i tillegg har eg vorte mormor. Livet, asså!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Sluttstreken er dregen
...den er i alle fall påbegynt med dette skrivet. Eg trudde eg hadde skrive det siste i denne lange saka, men eg blir faktisk så provosert n...
-
Stamtavle, bilde av far «Loke» og mor «Abi», samt kvalpane i midten er Abi’s barnebarn… …Det gleda meg å kunne få planlegge eit siste kull, ...
-
Helga for to veke sidan var eg så heldig å få besøk av mi kjære søster frå Bergen og borna henna. Jentene til søstra mi lika veldig godt...
-
Her er same hund som eg har klipt berre ein gong tidligare... Tidligare hadde eg skrive ein del om klipping i tilegg med detaljerte bi...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar