lørdag 7. juni 2014

Luseknekk

Har lagra på oppskrifta til den dag eg måtte trenge den...Den var vist i programet Grønn glede. Vi kjøpte vårt første hus i 1998 og med det kom det hage og blomster i krukker, og eg kan med handa på hjarte sei eg aldri har hatt lus på blomstrane...men, no oppdaga eg det på eine rosa i hagen, eg har laga til med litt meir blomster i krukker på ein anna del av hagen og det første som skjer er at lusa kjem.
Då var det berre å finne fram lusemiddeloppskrifta eg hadde gjømt på dataen!!
Rosa full i lus....håpe eg kan vise den seinare vakker og i full blomst ♥

Fann fram ei tilitersbøtte og blanda i hop halv mengde, helte over på sprayflaske og gjekk til åtak!! :)))
Det tok ikkje lange stunda før lusa var satt ut av spel, men du må huske å gjenta det kvar dag fram til du er heilt sikker på at du er kvitt problemet.
Det her funka veffal på den grønne bladlusa, eg er raus og spraya...husk la det virke til neste dag og spray igjen til lusa er vekk!!

- 10 l vann
- 2 dl grønnsåpe
- 3 dl rapsolje
- 1 ss bakepulver
- 2 dråper oppvaskmiddel

Lykke til og ha ein lusfri dag!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...