mandag 21. juli 2014

I natt eg drøymde

...at eg åpna butikk igjen ♡ å det var ein fin draum...men er redd denne draumen er vanskelig å få gjort om til virkelighet.  Men tenk hadde eg berre kunne åpne dørene igjen!!
Neste veke retter til denne veka blir lokala i sentrum lagt ut for sal og vi håpa sjølvsagt at dei blir solgt til nåkken som har erfaring frå utleie eller vil drive nåkke sjølv eventuelt i heile eller deler av lokalet.
Som eg har sagt før er desse lokala egna til butikkdrift og kontorer, kan delast opp til fleire forskjellige.

Men, draumen den var berre som ei rosa sky...eg kunne få jobbe og gjere det som eg aller mest har lyst til - drive butikk med mitt preg, sette saman dei vakraste blomster, bestille varer og ha kontakt med så mange forskjellige og flotte folk!!...
Draumen var fin på så mange måta både det å kunne få vere i gang igjen, barna var der å hjalp til og kosa seg, tilbakemeldingar frå kundane som var så kjekke det kunne eg levd lenge på, ja det er rart alt ein draume om... Men, så er dette - som ein ikkje ferdig utlevd draum det å drive butikken som eg var så veldig glad i ♡ eg fekk drive butikken, men den blei nedlagt både før eg og hejrtet mitt ville...eg hadde så uendleig masse  meir eg ville gjer, endre litt på konseptet og få enda meir sjel, eg såg for meg korleis butikken skulle fovandlast slik at det ikkje berre var ein vanlig handletur, men at kunadan kunne få ei spesiell "reise gjennom butikken". Som du skjønna så vil eg mei enn kva kroppen klare å gi...Ja, heilt klart e ønsket der fortsatt at eg kan få gjer det igjen, og det svirra i bakhovudet og sikkert derfor eg drøyme om det også.
Samtidig veit eg at det å drive butikk med ei slik helse ikkje er forenelig, og måtte til slutt innsjå det...samtidig som eg ikkje heil vil goodta det ;)

Men, godt er det når eg i mine draumar kan komme tilbake til dei gode, fine lilla og rosa dagane der eg er frisk og rask og storkosa meg i butikken!!...Men, kven veit kva morgondagen bringe!?

Det er viktig med fine draumar...
Klem -Anja-


NB! Rett skal vere rett og det var torsdag eg hadde denne draumen, men problem med litt nett så blei det ikkje publisert før i dag ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...