mandag 21. juli 2014

Idylliske Blaafarveverket

I går blei det ein liten impulstur til Blaafarveverket ved Åmot. Etter litt småjobbing med skruing av terrasse så tok eg ei lita pause og for med barna…Dei ville ein liten tur ut dit der vi sette oss på Haugfoss å kosa oss med pannekaker med blåbær og is eller vaflar med jordbær og is…
Mine to kjæraste skatta
Innom den koselige butikken og her må vi innom seinare for å sjå om dei får inn igjen ei lita gåve vi skal ha med heim

 Dette her må vel vere "dei tre bukkende bruse og det lille trollet!?"...Tim Are med sine ablegøyer...
 Katja måtte holde litt...
 Mamsen held kaninene...jaja om det blei nåkken kaninperler på skjørtet spilla ingen rolle, no er det i maskina etter ein tur med dyra...
Ein aldri så liten selfie...Her held eg berre kaninene då barna syns det var greit å sitte ved sida av dei og klappe...
 

Alltid like koselig inne med dyra og Tim Are var klar meg kameraet allereie før han gjekk inn…Herlig atmosfære og fine dyr!! Tim Are tek bilde av alle dei dyra han vil ha på garden sin ;)


Mine to skatta på Haugfoss etter litt mat...

Er du forbi i området her er det vel verdt turen innom verket…vi er her gjerne fleire ganga i løpet av sommaren, sist vi var her i begynnelsen av juni var søstera mi Eirin og Ferdinand også med – vi savna dei litt i dag ♥♥♥Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...