mandag 14. juli 2014

Mindre feminint prosjekt

Kan nå starte eit litt "maskulint" innlegg med ein fargerik selfie...her var vi voksne å grov etter litt stein på eit lite anna prosjekt "trapp til verandaen" der Tim Are laga ein miks av handsåpe, vatn og Zalo og det var skum overalt, og på steinane la det seg ei stor boble der fekk eg med nåkken tre på kvar side og meg i midten...
 
Altså eit litt mindre feminint prosjekt utan glafarga!? Jepp for alt eg gjer både her på hytta og andre plassa er ikkje alltid like feminint asså ;) Men, trur dei litt skrullete ideane mine fenge litt for eg har fått så mange tilbakemeldingar på det :))

Vi tok oss ein tur på saga for å kjøpe material då Tom ville legge litt plank i hundegården slik at det ikkje blei så møkkete med all jorda.
Men, så kjem kjerringa heim og finn ut at så enkelt som først tenkt var det nok ikkje. For kjerringa i huset ville gjerne demontere gården, planere gropene, få på duk, platting og så hundegården opp på der igjen...
Her har vi fått tatt vekk elementa jada, der er eit igjen og begynt å grafse i jorda...Her kan jo det bli bedre sant? ;)
 

Ja og som sagt så starta vi på eit nytt prosjekt som ikkje var heilt planlagt men litt nødvendig. Eg blei litt smågretten på meg sjølv den kvelden når eg hadde regna feil, og hadde akkurat halve med den mengde bord som vi trengte skal ikkje skulde på han fyren der nede, men han var overraska over at eg klarte å plusse saman mengde material før han hadde klart å trykt det inn på kalkulatoren. Så skulle han blande seg inn når eg gjor om kvadrat til lengde bord, men pytt spilla ingen rolle. Tur ned igjen på saga dagen etter og då tok vi ein tur innom Modum Bygg der vi fekk med markise heim...Jadda no har hundane finere markise enn over verandaen vår også!! Flott skal det ver om halve ræva heng utafor og mi heng litt ekstra gitt ;)
 Ja ganske så fornøgd...grei halling for å få vekk vatn, no fekk vi også skrudd elementa fast i bakken...
 Hundane virka nøgde med den oppgraderte gården sin - kanskje "Sky" vil savne å kunne grave seg ned på dei varmaste dagane, men håpe markisa tek vekk litt av behovet for det...Ikkje minst er det fantastisk å slippe å få mold i vannskålene ;)
Herlig ro rundt oss...savna sjølvsagt dei vakre Sunnmørs fjella, men jaggu er det herlig å få seg fleire tura for dag i skauen eller på skogsvegen her...
 
Planen var egentlig å lage ny og fin uteplass til oss tobeinte, men no blei hundane prioritert først gitt så får vi sjå kva resten av sommeren byr på...
Her har vi ein sommer på vår måte med litt sære påfunn, kos og bading...Her leve vi i nuet med små plana som sveva fram i der, og som vi tek ned litt etter litt som lysta er der...
OG!!...Den som trur at eg har massevis av idear og let gubben min gjer alt eg ber om må nok tru om igjen!!...Sorry asså, - men eg berre sei det at "bak einkvar superhelt står det alltid ei sterk kvinne" ;))) hahaha og sterke kvinner klare litt dei også sjølv om dei har litt skavanka, er jo dugandes med både målband, sag, drill etc. eg...
Ååååå du herlige sumarnatt...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...