Ut på ettermiddagen gjekk Tom ut til barna, tok på seg skia og tok ei runde rudt i nabolaget. Eg laga pastasalat til lunsj og måtte berre spise opp før eg kunne joine dei.
Fekk beskjed av min kjære at dette måtte dokumenterast!!...jaujau i dag var du spreke, men dsse skia dine må brukast litt oftare, ja mine med for den del ;)
I dag tenkte eg at dagens tur skulle gjerast på ski!!...Spør jentene om dei vil vere med rundt vatnet? Jepp det ville dei sjølv etter tima og i bakken og litt hit og dit så blei dei med.
Tenke seg til å kunne ta på seg skia ved husveggen og skliiiii heilt opp til vatet!...
Tre jenter, ja og ei firbeint lita dame på tur...
Emilie, Sky og Katja med to minutts pust i gapa-huken bak skulen...
Steike varm og svett matmor etter ein lang og fin tur med massevis av latter!!... :)
Eg har vel aldri bombadert folk med så mange snappa før heldigvis dei fleste på my story men du og du kor kjekt det var!! :)))) Tenk at vi er så heldig å få snøv så vi kan kose oss med i jula. Ja litt dritt at den kjem til å regne vek straks, men vi får nyte det så lenge det vare :)
Her kjem ein del videosnutta frå dagens skitur!! Håpe det får deg til å dra litt på smilebandet...vi har veffal flira godt ;))
Eg og Sky kjøre på stadion og Katja ligg på trynet i snøven...
Åjåjåj...der ligge ho igjen...Eg og Sky kjem i sto fart :)
Det går fort gjennom skauen når Sky sette farta så vi gir jentene eit forsprang, men tek dei fort igjen...
På veg nedover og vi tek nesten igjen jentene som låg i bakken, så skeia Sky ut og må gjer sitt fornødne...heldigvis klarte eg å halde meg på beina :)))
Du og du kor eg flira, ja godt eg ikkje nett ha født for då ha eg sikkert pissa på meg ;)
Steik for ein kjekke tur...
Litt ekstra renning ved skulen før vi skliiiiiir heim igjen...
Så var det berre å skliiii siste biten heim...
Jaja med både knall og fall på jentene var vi heldigvis like heile då vi kom heim etter ein herlig tur ♥♥♥
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar