mandag 5. januar 2015

5. januar full av kontraster...

I dag har verdens beste Tim Are bursdag!! :)
Vi starta dagen med frukost på senga, i papsen si seng 
fekk han heist opp ryggen litt ommøblering då papsen rømme når valpelydane blir for høge og Tim Are kjem ut på morrakvisten for å passe på "familien sin". Når han får maten ser han på meg og sei "hadde sett det for meg litt anleis"...kva da..."liksom litt sånn middagsaktig, ja åsså gjerne rundstykke!" :) Eg ut på kjøkkenet igjen å laga til eit rundstykke med fenalår og eggerøre til. "Der ja, ditta såg veldig bra ut!" :) Etter ei stund spør eg om han ikkje skulle spise opp, "neeeeeei vakje så veldig svolten eg"...
Tim Are litt småtrøtt men fornøgd med maten...Katja "sove" i bakgrunnen. 

Jaja, uansett er kvardagen tilbake og første skuledag etter ferien...dei begge hadde ein fin skuledag og vi kosa oss her heime. Mamsen laga kjøttbolla med diverse tilbehør og tropisk til kaffen...I dag var det ikkje storfeiring, men besten og besta skulle komme å spise etter at dei hadde vore med "Pekka" til veterinæren.
...Ja, så er det berre å konkludere med at 5. januar er ein dag som følge oss tett på godt og vondt, for i dag hadde mamma og pappa ikkje anna val enn å la "Pekka" få sovne inn og springe til dei evige jaktmarker!!...
Etter besta og besten for gjekk Tim Are å satt seg i andre sofaen der han pusta ut og sa trist "no er det slutt for Pekka også!"...
Trist at han måtte forlate oss så tidlig, men etter ein skade i ryggen fekk han no akutte smerte som lamma han, i romjula hadde vi skikkelig sjekk og fekk medisin som beklageligvis ikkje har hjulpe og "Pekka" blei berre verre på få daga. No når han var blitt så fin igjen etter forgiftinga så skulle vere med meg i utstillingsringen, planen var i 2014 men blei lite utstilling med helsa mi!!...Alt har si tid og viktig å ikkje utsette det du kan gjere no! Men, det blir tomt når både han og "bajas" er borte no når vi har valper alltid vore så fint å hatt ein hannhund...
"Pekka" som valp våren 2009...
I Molladalen august 2014...
 14. september 2014 skreiv eg til dette bildet;  Tre goinga  pappa, "Pekka" og mamma...
Pappa og "Pekka" på Lervågfjellet 14. september 2014...
 ♥♥♥ Pekka ♥♥♥
"Pekka" og pappa i Astrid Lindgrens verden sommeren 2014...
"Pekka" ved hytta sommaren 2014...
Siste turen vi hadde ilag 1. juledag 2014...vi såg at "Pekka" ikkje var heilt bra, men han storkoste seg og viste ingen form for svakhet...

Han var ein fantastisk hund så snill og god, veldig lik sin far og bestefar- ja så gjekk han bort nøyaktig 10 år etter sin bestefar, den datoen følge oss den på godt og vondt...

Ingenting skal få skygge for bursdagsgleda og i dag var skatten vår 7 år!! Men, før hans tid var dette bursdagen til mi farmor :) søskenbarnet mitt har også ein son født på denne dag for 8 år sidan. Ja så "Cassie" mora til min første flat "Siko" hadde også bursdag 5. januar...ja som sagt måtte vi ta farvel med vår kjære "Siko" 5. januar 2005.

2013 var eit år vi ville gløyme med så masse triste ting og såg fram til eit supert 2014!! Det starta ikkje bra og uhella fulgte oss gjennom det året også. 
Men, så til alle glede snudde det på slutten då vi starta opp igjen butikken og eg såg litt lysare på livet med tanke på eigen helse, ja det er helsegevinst i å kunne få jobbe litt!! Ikkje minst fekk vi på tampen av året endelig eit flatkull igjen!!!!!!...
Med familien rundt meg og ting som snudde litt tenkte eg at eg ikkje skulle ønske meg det så mykje betre i 2015. Men, å starte året med å miste ein hund igjen er berre trist og hadde ønskt ein betre start for både oss, mamma og pappa...

Måtte det bli mange opptura gjennom 2015 for vår del...og eg ønska alle sammen berre alt godt for to- og firbeinte rundt om!!
Ta vare på kvarandre og ikkje utsett ting...
Tåreklem -Anja-






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...