søndag 4. januar 2015

Åpne auge og feiring...

...Litt av kvart som skjer ja, men det er stort når valpane begynne å åpne augene!! Så er Tim Are 7 år på mandag og no når Irja med familien er her frå Bergen måtte vi ta familieselskap i dag litt sånn på sparket så det blei ei fin og koselig feiring i dag :)

Er du på facebook kan du gjerne gå inn på sida til Kennel Kvasneset og følge med på nyheter der!!...
Sjølv om skrotten var nok så skral i dag så måtte eg lage til litt å bite i...når eg stod ved kjøkkenbenken kjem Tim Are tripende "valpane har fått øyne!!", ja då hadde han vore å kosa i valpekassa og så vakna dei og det glitra svakt i små blå auge...
Så blei det etterkvart ei utrulig koselig feiring av guten vår ♥ 
Så koselig med alle søskenbarna samla tante og onkler...Masse mat, drikke og fin prat med familien...kosing med hund og valper...kunne ikkje fått det betre denne gangen heller, uten krangling og berre kos slik vi lika det!!...
 Tim Are som blir 7 år på mandag!!...Alltid eit glis på lur og hoppa opp når blitsen går av. Litt av blåauget er der enda, men berre litt. Ja om du lure kom den av at han i iveren sprang rett på ein stol...
 Dei firbeinte veit å utnytte besøka våre...
 Ledlys ballonger var kjekt...

Etterkvart då dei fleste var reist blei det også nachspiel og valpekos ilag med onkel Kåre Gunnar :) Kjempedigg syns Tim Are for onkel er med på "notane"...

Tim Are har hatt ein fin dag, det har vi andre i familien også. Kjempe kos for store og små ♥♥♥
Klem -Anja-


 Låke og "sliten" ja for ein blir ufattelig sliten berre av å vere låke ;) Men, jaggu har eg beste medisin med familien min og så dei herlige firbeinte og no vi jo ein drøss...




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...