lørdag 24. januar 2015

Koooooos...

...rett og slett berre valpekos ♥♥♥
Eg og Tom har vore på kurs i dag, så Tim Are har vore med tante og onkel, så med besta og besten. Katja har vore valpe- og hundepasser, og då har dei vore i dei beste hende...ja, for ho visste at omtrent kl. 15.03 gav ho valpane mat og kl. 15.20 var det spist opp og tatt vekk skålene etc...

Vore masse ilag med valpane og etter kveldsmaten stupte barna i bingen til ein gjeng med leikne valpa 
Herremin kor dei leika og kosa seg, det gjekk innimellom litt utover nåkken tær og Katja fekk dradd litt hårsåret litt lengre ;)
 
Hmmmmm...kva er denne dingsen som heng ned her, eit eller anna å leike med!?..
 Tim Are handtera valpane på alle mulige måta og veldig fin måte å gjer ting på. Han tek imot alle råd, veiledningar og er superflink!! Her skal han sjå på tennene medan "tigern" ligge geilt fint og rolig...
 Jepp, har tenkt litt og gått nåkken runde...så då er det klart for å leike med den "dingsen"!!...
 På andre sida sit tigern og har endelig funne ei "blondine" å leike med blant alle dei svarte, så den lange tynne "blondie" behandla han bra med eit fint grep ;)
 Då endelig har roa senka seg i bingen og Katja sitt hår får kvile...Her er "lilla tispe"...
 Her er hanne merka gult...
Både valpa og barn litt sliten etter ein fin og god leik...

Det her er kooooos for både store og små...måtte alle ha ein koseleg og varm kveld ♥♥♥
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...