fredag 30. oktober 2015

Hus for salg!!

Ja, no ligg huset våra ute for salg og venta på ny eigar eventuelt eit par leigera :) 

Utrulig fint og sentralt område i Langevåg, 5 minutt å gå til sentrum og 3 minutt til Kiwi butikken på nyvegen ;) 


Velkomen til visning torsdag 5. november kl. 17.00 - 18.00!!...
 Det herlige uterommet med plass til utebad og sittegruppe...


Om du er på husjakt eller skal selge hus? ja då ønska eg deg ekstra lykke til og ha ein fin dag!!
-Anja-

mandag 26. oktober 2015

For første gang......

...Trur eg at eg kan skrive for første gang sidan januar 2011 har eg kjend på tanken å ville gi opp!!... Eg som har det mottoet at "eg har eit liv og det vil eg leve"!! Kva har skjedd!?...
Eg går i motbakke kvar ein dag og prøva å finne det lille positive og klamre meg fast ved, men akkurat no har eg ikkje lenger lyst å vere i godt humør, prate med folk eller sjå ein j**** lege i augene!! Akkurat no ønska eg aldri å ha vore innom Ålesund sjukehus, eg ønska eg aldri hadde sett dei to som opererte meg i januar 2011!!...

Kva med å tenke på kva dåkke har gjort!? Det kan ikkje vere slik at så lenge det ikkje går bra med ein pasient så "ta pasienten for det". For eg har prøvd å finne svar disse åra og spurt dei og får litt nedlatende tilbake ja spesielt etter at eg melde inn ein skade. Neida, send meg vidare og legg papira i ei skuff og gå rundt med nasen i sky, ja eg syns eg ser han eine for meg.
Det er nok ikkje likt meg å spy eder og galle på denne måten, men no har eg fått nok og må få det ut på ein måte...eller berre gi opp(?)
Ja, eg ser forbaska frisk ut...men heile kroppen leve i eit smerteh****** 24/7 og foreløpig ingenting som hjelpe på det,  kanskje dritfylla men det ligg ikkje heilt for meg...

Akkurat no prøva eg å finne noko positivt å halde fast ved, men det er svart!! Det er tøft å skulle vere blid og "oppegåande" til ei kvar tid, og spesielt når eg møte så lite forståelse for mitt handicap blant "venner og bekjente". Eg er langt ifrå bra, ja eg har fått kommentara på at no er det ei stund sidan sist operasjon og du er bra.........eg skulle berre ønskt det var så lett!! 
Eg ligge no i senga søvnlaus som ofte elles med ein fot så full i nervesmerter at eg ikkje ana kvar eg skal legge den, og samtidig ein rygg som er så vond uansett korleis eg ligg at eg skulle bytta den med einkvar prolaps!! 

Akkurat no er eg fortvilt over at legane kan ta så lett på øydelagt liv(skvalitet!) for eg vil følge opp barna mine, kose meg ein kveld ilag med mannen min, trene hunda, ha reint og ryddig hus 24/7 (som alltid før!), kle på meg sjølv kvar dag, ta på meg diverse verv igjen, spise god mat utan å vere kvalm (har eit problem med kvalme ved sterke smerter), 1 time eller berre 5 minutt smertefri, besøke familien, halde kontakt med venner!! Eg kunne fortsatt lista lengre enn langt, men det er liten vits å ramse opp ting som ikkje er gjennomførbart!!...

I tillegg til min skrale skrott skulle vi vel vere så heldig å ha ein frisk far i heimen ❤️ Men slik er det ikkje her, vi er langt i frå ein a-4 familie og godt er det!! Men akkurat no kunne vi trenge ein liten pust med "frihet"...frihet/ferie til å kunne kjenne på eit liv utan smerte der vi berre kunne fått tida å kjenne på heilt andre ting.
I dag har eg fått det siste lille som har gjort at nok er nok, ja eg har kjent på det ei stund men tenkt som alltid før at det går seg til...

Eg håpa at gnisten kjem raskt tilbake for dette er berre heilt dritt!!
-Anja-

lørdag 24. oktober 2015

Surrealistisk!!...

Ja, akkurat det eg har vore vitne til dei siste dagane er nok det og faktisk så at eg nesten ikkje har ord...eg trur nok eingong ikkje den amerikanske filmindustrien har ein slik fantasi at dei kan finne på slikt. Så med det trur eg alle løgnene godt kunne heldt til ein Oskar i gull!!........hmmm det her gav meg ein steike god ide, og det værste er at eg slipp å dikte eit manus til svart komedie, det er berre å ta fram frå minnet og "stikkorda" så kan dette muligens bli eit kvart "sykt nåkke" ;)) for det er akkurat det dette var SYKT SYKELIG!!...
Vi starta med herlig kaffi og frukost på Racoon Coffee & More...

Sett dei siste dagane under eitt har det vore fint på få tid med mi kjære storesøster igjen ❤️ sjølv hadde det vore betre under andre omstendigheite...men vår familie helde saman og vi gjer alltid det beste utav einkvar situasjon.
Før ho for heim så var familien samla til eit fantastisk sushi måltid frå Zuuma...


Tenke det er viktig for alle å ha tanken i hovudet om å vere ærlig, ja vær ærlig for ei løgn blir ikkje sannere uansett kor mange ganga du fortel ho. Om du vrimla deg inn i ein skog av løgner er det desto vanskeligere å kome deg ut med æra og stoltheta i behald...

Eg skreiv dette for nåkken daga sidan...Vi har vaska oss ut av huset som det skal vere visning i på mandag. Så no ligg eg i senga på Sunde å høyre kor det stormar ute og kjenne på ei herlig ro.
Hundane har også roa og søv lenge...skal tru kva tid dei har tenkt å vakne!?...
Ha ein herlig og kanskje vindfull dag ❤️
Klem -Anja-

lørdag 17. oktober 2015

Endelig!!!...

Jaaa endelig er vi på hundejentetur igjen!! Å såååå herlig at vi klarte å ta turen, har hatt planer lenge og i dag berre skulle vi (egentlig godt beregna at tre dårlige daga var overstått så på betring i går)!! 
Starta kl. 08.00 i dag slik at vi kunne bruke heile dagen og det trengtes ;) Vi tok ferga frå Linge kl. 09.30 og koste oss med å kjøre om Geiranger, Strynefjellet og Lom godt å skifte ut Åndalsnes, Bjorli, Lesja til ei forandring, og vi kunne vel knapt gjer det på betre tidspunkt!! For Skjåk og Lom kunne vise oss ei fantastisk stemning av haust og frost... Eg var heil overveldande av magien og blei ikkje metta så eg babla og babla om kor vakkert alt var "Katja, sjå kor fantastisk!" "Ja nyyydelig" eg kikka litt bort på ho... "Ja eg er berre ikkje fult så opptatt av naturen som deg."... Hahaha ho kan å få sagt det. Men ho var også betatt av alt oss såg og den frostrøyken då vi stoppa ved Skjåk kyrkje i -6 grader...
No er vi på veg!! ❤️ Ferge = gå gå gå...
Veldig viktig å halde seg varm på føttene, og i ryggen så då er det ull og setevatme 😊
Knuten...
Fantastisk stemning over Strynefjellet...
Fantastisk stemning rundt Skjåk Kyrkje...
-6 grader viste det nesten heilt til Vågåmo...
Sjølvsagt innom bakeriet i Lom... 
Lom Stavkyrkje...
Winter wonderland 💙 julestemning her nesten...
Middag på Strandtorget og Katja klarte sjølvsagt ikkje all denne ribba, så ho skal ikkje bestille det fleire ganga sa ho ;) 
Bobbyen vår er fantastisk å reise på tur med, så blir det spennende å sjå han i hallen med så masse "ståk" på ein gang...
Katja storkosa seg og det gjer mamsen også... 

Etter mange tima vel framme på hotellet fikk vi kveldsmat og har berre kost oss!! Bobbyen er ei fryd å ha med seg (så lenge han ikkje tek senga vår)... Så håpe vi dagen i morra blir super ved ringen!! Gleda oss til å hilse på hundefolket igjen så åpa vi den unge lovende på 9 1/2 mnd får ein fin kritikk :))

Så utrulig glad for eg kom meg på tur og det med verdas beste jente og firbeinte godgut ❤️❤️❤️
Klem -Anja-

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...