mandag 4. januar 2016

Stille...

Ja det er så stille...så stille at forklaringa ligg mykje i teksten på bildet og mykje i eit eldre innlegg.
Er mykje eg både vil skrive og sei men eg er ikkje heilt klar med det. Innimellom er ting berre tungt og vanskelig, men det er vel kanskje værst når det er skikkelig vestlandsver, så 16 grader pluss og plutselig 4 minus!! Ein skrott som min skulle då gjerne vore i Thailand for lik varme heile døgnet. Men, akkurat no med litt diverse å gjer er det best å vere heime.

Eg ser fram imot å få rydda vekk jula (den er her enda!!) etterkvart gå våren i møte og med den litt hundeaktivitetar som alltid gir meg påfyll sjølv om eg blir liggande nåkken daga ;) 
Eit valpekull helde meg i akkurat passe ånde og gir sååååå ufattelig mykje, så håpe det kjeme i løpet av våren/sommaren.

Med positive ting kjem det nok positive ord!!

I morra mandag skal Tim Are begynne på ny skule, så har han bursdag på tirsdag...vi har ikkje så stor familie rundt oss her men håpe å få til ei koselig stund for han likevel.

For all del til alle rundt om - sjekk mykje rundt før du let deg operere!!
-Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...