fredag 29. juli 2016

Dobbel utstilling Trondheim

Eg og barna starta ferieturen med dobbel utstilling i Trondheim :)
Fredag 1. juli tok vi med oss Bobby og Berta til Trondheim for NKK utstilling lørdag og retrierverklubbens utstilling søndag. Stor utstilling med mange påmeldte og derfor ingen forhåpninga for våre to unge lovande, men fin trening og ikkje minst så kjekt å treffe så mange kjente igjen.


Vi hadde fine daga med to herlige hunder å ha med på hotell mindt i Trondheim sentrum!!...
Så kjekt å sjå Sonja og Leif igjen med sine fire hunda, og spesielt kjekt å få kunne stille lille "Phoenix" bror til "Berta" han vann junior klassen begge daga og lørdag blei han 4 BHK i stor konkurranse...

Helga blei toppa når Katja og "Berta" van juniorklassen igjen som dagen før og sprang inn til 4 BTK med CERT!!...
 Katja og Berta inne til kvalitetsbedømming..
 Her står dei og springe for å konkurrere om plassering i juniorklassen...
 Her leda Katja an inn til 1. plassering i klassen til stor applaus frå dei rundt ringen!!...
 Ho er nok fornøgd med plasseringa og kan sjå fram imot å konkurrere mot mammsen og broren i BIR/BIM...som ho vann ;)
Her stiller ho opp i den store beste tispeklassa om 4 plasseringer og ønske om certet ;)

Katja debutere og for ein deby! ikkje rart eg var stolt av dei to jentene  i utstillingsringen denne helga og det gav meirsmak så dermed måtte eg melde på Elverum og Lillehammer :)

Berre for å nemne det går beauty and brain hand i hand!!...

No må vi berre få på igjen litt av all den pelsen som har silt av, og ikkje minst roe ned fjelltura og anna trening slik at dei firbeinte får på seg litt sideflesk :))
Klem -Anja- 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...