Tenke seg til at ho turde gå på tur ilag med meg i dag etter at ho drøymde at eg datt utføre!!.. "wooooooops ho berre datt"...
I dag gjekk turen til Middagshornet 1091 moh i Ørsta Kommune.
August er innvia med ein flott fjelltur!!
Var litt usikker på om fote tålte ein slik tur i dag i og med den skulle avlastast med krykker ei veke…men, då var det egentlig berre å skifte krykker ut med stava og traske i veg. Fikk beskjed om å snu om foten var litt kranglete, men såg det slik at når ryggen verke verre enn foten då er det berre å gå.
Like under toppen fikk eg det igjen føre for meg at eg spurte kva i himmelens namn vi gjer på!!...Eg stagga ranselen oppi steinen over meg og det kjentes som eg datt bakover og det sjølvsagt på det værste og mest luftige.
Veret skifta fort og det blei veldig kald vind, men då er det berre å gå så blir det varmt nok og litt vatn frå oven var ikkje så gale det heller…
Oppi der ser du målet for denne turen...
Romedalen...
Middagshornet i sikte...
Du bør absolutt ha gått litt før du legg ut på slike tura...
Den fantastiske Molladalen har begynt å vise seg!!...
Litt lett klyving må til og halde fokus rett inn i fjellet eller oppover var lurt ;)
Det begynte å blåse friskt så greit med både tørt skift i sekken og ei vindjakke...
For eit turfølge!!... ♥♥♥ Tusen takk for nok ein fin tur!!...
Uansett kva denne kroppen vil eller ikkje vil så trur eg stort sett at "den som vil den kan"!...
Konklusjon etter dagens tur; utrulig fin tur med ei fantastisk utsikt, men eg har fortsatt sykt med høgdeskrekk………………ikkje minst er det viktig å utfordre frykta si og smertemestring er eg faktisk litt god på ;)
Håper det blir mange tura framover for no er det virkelig tida for flotte tura ♥♥♥
Håper det blir mange tura framover for no er det virkelig tida for flotte tura ♥♥♥
Fortsatt gir heldgvis både fjella, naturen og hundane meg energi, og utrulig nok hjelpe det på topplokket når kroppen vil sei stopp...
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar