torsdag 1. september 2016

I fare...

Er jo trass alt sosial for har eit bevis her...har vore i barnedåp, men må innom hundane så dei får sosialisert seg litt før eg vende tilbake til "festen"... ;)

...for å bli ho derre "kjerringa med hundane på tur" av ein einstøing må eg finne på litt innimellom! Så medan eg var på Ullevål i går bestilte mi kjære lillesøster Bryan Adams billetta til meg :) Å ikkje gløym at eg hadde date med han Elton John i juni!!...jaja, date kan no vere så mangt.
Eg tok ein realitetssjekk og fann ut at eg er ganske sosial og spesielt når det kjem til hund...så då må eg finne på litt meir "ut å gjer det ting!"
Det store spørsmålet er...DDE konsert i Volda på laurdag - skal skal ikkje!? Eg som er i fare for å vere meget usosial kva har eg liksom i Volda på "fyllefest" å gjer? Er det berre ein fyllefest eller er det "greit" å gå der? Nåkken som kanskje kan svare må gjerne sende meg ei melding på telefon, mail eller innboksa på Facebook ;)

Har jo sett dei på tv og veit dei kan underhalde så hadde jo vore kjekt å sjå dei live...tenkte Oslo i Oktober med det var utsolgt. Så då er det eventuelt å berre svipe innom Volda men der er eg litt på gyngande grunn føle eg...

Ha ein sosial dag!!...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk, for ei super kurshelg!!

Takk, tusen takk til dåkke alle for ei super kurshelg!! 🤩  Eg har kost meg meg huset fult i flotte «hundefolk» og ikkje minst fått lov å se...