mandag 10. april 2017

Telle valpa...

...det går ikkje i lam over grinda, men disse nurka som ligg heime i kassa blir talt igjen og igjen for å prøve å få sove ;) Kl. er i skrivande stund 05.10 og eg har talt valpa og sagt sov sov sida 04.01 til inga nytte, men når eg skal begynne å kjøre oppover vil det nok innhente meg så då får eg stoppe litt ekstra for lufting, eller mulig har eg slappa så godt av og sove så godt denne veka at no stille eg meg inn til eg kjem heim igjen, ja kven veit det kan vere slik eg er skrudd saman!?...
Loke og Nora utgjer eit fantastisk par...to kull tidligere der eg syns hannhundane har stått så bra til ho og vore fornøgd med kulla...no igjen er eg takknemlig for at det ser ut til eg har treft med nok ein "perfect match"!...Kan eg klare å vente på resultatet? Berre kryssa det eg har for st det vil bli valpa om ca 9 veker.

I går pakka og vaska eg meg ut av hytta, sat meg i bilen å kjørte til Kjell og Anita i Sandefjord...gjestfrie som dei er overnatta eg her før eg skal kjøre heim i dag.
Fine paringar som var torsdag på 14 dag med 16 min heng, paring søndag på 17 dag med 17 min heng, og greit å få ei til i dag før vi kjøre heimover. Så kryssa eg fingrane for at vi har dekt tida og må berre la naturen gå sin gang...

Gler meg gjer eg og no er eg berre eit lite forsøk på paring igjen, og ein biltur unna skattane mine igjen 💖
I tillegg blir det godt å sjå elverbanden i kassa som ligg å rulla rundt med god omsorg frå mor Berta og vår kjære KennelGut Tom 😘
Gler meg til å sjå dåkke og ikkje minst få feire påske!! 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...