fredag 1. desember 2017

1. Desember - Konklusjon...

...I dag konkludera eg med at munndiareen har gått i arv i fire generasjonar!!...Frå farmora mi som hadde utrulig mange historie  ja, ho hadde alltid mykje å fortelje og snakke om. Pappa han snakka om alt med alle, med sitt hyggelige vesen er det ikkje alltid berre like enkelt å gå vidare med kun eit hallo. Ja så kjem eg som kan snakke på inn- og utpust om alt som engasjera meg frå hund til blomster, ein del i samfunnsdebatten og ikkje minst engasjement for dei svake...ja det ekje så lett å slå av bryteren då og sjølv om stikkontakta blir dradd ut er det fortsatt lyd. Einaste som får meg til å halde kjeft er når eg har det ekstra vondt då vil eg helst kun snakke med hundane, og sjølvsagt barna har eg ein måte å kommunisere på. 
SÅÅÅÅ i kveld har ho tenåringen vår prata igjen så ho går mora ein høg gang!! I dag var det faktisk ekstremt slitsamt å vere still i fem tima på skulen, ja ho haldt på å døøø, så ho måtte ha med seg vakt å få lufta seg og prata litt!...
Tenke at det ikkje er det mest negative som gjeng i arv, og så lenge vi er positiv og glad når vi skal prate er det greit syns eg :)
Utrulig bra at vi kan få ting ut og engasjera oss!! Eit par ganga eg har tenkt "Anja kva i helsikke sa du no!?" Ikkje mange gangane, men så utrulig teit at det er dei gangane vi huska så godt..jaja sånn kan det gå.

Trur dei to barna mine har arva litt anna av meg også for dei vil ofte ha litt å gjer på, og dille til i huset er visst også kjekt. Så i kveld har Timmen julepynta ein del då mamsen hadde tatt fram for lite...
Ønska de alle ei innhaldsrik, fin, rolig, koselig og god adventstid...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...