tirsdag 19. februar 2019

Forsiktig irritert(?)...

Flyplassen heite asså Vigra å ikkje Viagra som det stod i kalenderen min i dag...
Eg hadde markert så fint at eg skulle fly kl. 06.55 frå Viagra tirsdag 19.02.2019 :))

Eg har alltid trudd det var ein middelaldrande gubbetendens det å berre ta seg til rette, men neida..! 
Om du er ei middelaldrande overlegen kjerring også!! Eg kjem til mitt sete på flyet så er det opptatt av ei overlegen dame så ikkje vise mine til å ha tatt ein annan sin plass. Men for å oppklare noko så er det nok ein grunn for at vi bestille sete og då er det berre litt dumt om DU også hadde lyst på akkurat det seter...men, vit då at det er ikkje greit å haste seg til flyet berre for å få det beste setet på treradern!
Eg er stort sett positivt innstilt, men akkurat for tida litt «sliten» men likevel så gidd eg ikkje lage styr ombord i eit fly asså (sjølv om eg kanskje hadde hatt lyst berre for å få ut litt steam)!! Men, når eg kjem sjekka boardingpasset mitt nokre ganga å ser mot DEG så treng ikkje du sitte der som ei sur megge å leike som ingenting(?).
Men i dag gjorde eg det enkelt då setet foran hadde to ledige plassa så fikk eg rikeleg med plass...det dumme var at han som satt ved sidan av deg flytta seg yst å med det fikk du også god plass, det er dumt for ulydighet skal ikkje lønne seg 🤪
Frå rad 3 måtte eg i tillegg langt bak i flyet for å få plass til den lille kufferten min...tom sådan, men i fare for å kjenne meg sjølv litt for godt så klare eg heilt sikkert å få putte noko oppi den på den lille stunda eg har til rådighet i dag. For å bære rundt på eventuelle posa det blir berre stress...
Det er forskjellig som kan irritere litt på ein slik dag å då spesielt lyda...i eit bråkende fly skulle ein ikkje tru at filing av negla skulle vere ein framtredande lyd, men så feil kan eg altså ta.
Bør det også nemnast at det kosta kr. 70,- asså 70 norske krone for ein svart kopp kaffi og ei flaske vatn på flyplassen...!? 
Ut av flyet så går eg på rullebandet bortover så forstår eg at det går seint med krykker asså, men då kan vel gubben gå bak ho så slippe dei å sinke dei som går litt fortere.
Å når du vil kome deg framover så er det steike irriterande at to mannfolk står å prata på kvar si side i rulletrappa. Kva med å stå til høgre slik at folk kan gå forbi 😅
Eg som mest er positiv kjenne på følelsen av å vere litt negativ no på starten av ein ny dag å det er ikkje bra!!
Så eg må berre finne dei lyse punkta, sette litt musikk på øyrene åsså leite fram smilet 😇
Men, har du funne ut at når du først har begynt å irritere deg for ein ting så blir du lett reve med på det neste..!? 
Det har eg erfart i dag, men no skal eg omstille hjerna slik at når eg går av flytoget på Oslo S skal smilet vere tilbake å tenke at dette er og kjem til å bli ein strålande dag ✔️
Dagen starta ikkje på beste vis så det kan berre gå oppover 🔝
Ha ein lite irriterandes dag..!
Klem -Anja-

Nær eg er på trikken å ser Else Kåss Furuset mellom Stenersgata og Adamstuen så må eg jo berre smile...Så enkelt kan det vere ;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...