onsdag 31. juli 2019

Blomstrande energi ♥

I mitt siste innlegg skreiv eg: - er det no eg bør skrive "To be continued...!(?)"
Så no tenkte eg at det burde eg kanskje gjere så derfor vil eg dele litt frå eine lille plassen av hagen ♥ 

Her var heldigvis det meste av steinkanten klar då eg begynte saman med den store og flotte raude MaireRosa - ja eg har kalt den det for den har ikkje namn då det var ei potterose som mamma berre satt ned. Det var den rosa eg hadde beskjært i forige innlegg..!
Elles er det kun den og valmuene dei kjem igjen år etter år å finne seg hol å kome gjennom som er igjen på denne "kanten" frå før mi tid i hagen.
Eg og mamma gjekk igang å prøvde å lage til, luka å fikk det så fint...etter nokre få veke var skvallerkålen og anna uønska ting tilbake så då stoppa begeistringa mi det året så det var å prøve å halde det nede, men eg såg fort at det var energikrevjande istaden for energigivande....!
Dette var før vi snikra platten så det vart liksom eit felt over som heller ikkje gjorde den riktige ramma. 

Året etter gjekk eg på med friskt mot, ein dose optimisme og ein stor sekk staheit...Det var på tide å bekjempe det som tok glansen frå det som verkeleg er vakkert i mine auge sjølvsagt først tenkt så gjort.


Litt rose og lavendel må til saman med alunrot og deilig peppermyntebusk...det begynte fort å ta form å vise seg frå ei betre side!! Rosene "Nina Weibull" og "The Fairy" var dei første som kom.
Det vart slettes ikkje så dumt når vi fikk plattningen på oppsida same året. Endelig var eg igang med å få kontroll på "urokråkene" så då var det berre å halde ved like til året etter...
Lukta og ser heilt fantastisk ut...det er ein herlig grønfarge som roa ned alt rundt...

For i fjor då kom det enda fleire rose til og sjølvsagt ei god dose med lavendel...men så kom også det først ein Wisteria på vårparten før det seinare på året kom ein rosa i andre enden saman med overbygget. Eg ser for meg korleis disse skal få fritt spillerom å ramme vakkert inn plassen etterkvart 
"Urokråkene" har vore greit å ha kontroll på, men når gleda over det snike seg inn så må ein liten frustrasjon snike seg inn ilag med gleda...for dei kreative på 4 bein har vore problematisk for dei skal sjølvsag drive litt risikosport med å hive seg utfor platten å samtidig sjå kor beina landa innimellom til dei er trykt ned på graset.......jaja då fikk eg berre hive på med fleire krukke på terassen for mi gleda å til andre sin frustrasjon over "krukkehelvete"...! :))
Tek med meg orda til jentene til veninna mi som synes eg har så mange fine blomstra 


På vårparten i år fikk vi også opp ein liten levegg mot naboen som gjorde det heile til ein mykje lunare plass...Ja det er berre digg å sitte her utover kveldane!
Å steik kor stor gleda vart over å sjå Wisteria/Blåregn kome med knoppar, ja eg trudde nesten ikkje det eg såg for ofte kan det ta mange år før den blomstra på ny plass! Mulig eg kun var dritheldig i år så kan ikkje glede meg for masse til neste år. Den rosa hadde ikkje meir enn ein blomst da, men ein blomst er ein blomst :) 
 
Fantastiske "blåregn" med ei heilt nydelig lukt...
Blåregn - Wisteria Brakybotrys "Ikoyama Fuji"
Ja,faktisk så overvelda glad at det også måtte filmast...! 
Med bilda frå i dag så ser vi litt korleis den slynga seg vidare...

Her er den eine rosa knoppen...Å den har no nesten klatra heile vegen til topps..! 
Wisteria Brakybotrys "Schowa Beni"


Det vise seg at ting kan bli til med litt tid og tålmodigheit...godt å få gjere ting sjølv om det tek lang tid.



Det er så herlig med ein blomnstrande hagen, men jaggu deilig når den smaka godt også...

Så då har eg vist litt av det som er innafor gjerdet her med oss...det ligge terapi bak kvart spadetak, smertelindring i kvar ein knop som eg kan nyte til den springe ut. Nyte den heilt til eg klippe vekk ein blomst på hell i håp om at ein ny skal kome ikkje lenge etter ♥ ♥ 

Til slutt må eg sette inn eit bilde av dei som kan lage litt uro mellom blomstrane mine, men som også er mine trufaste venna som alltid helde meg med godt selskap i hagen...!

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...