tirsdag 30. juli 2019

Kva med eit "rosebad"...

...ja for kven vil vel ikkje ta eit herlig bad fylt med roser...!(?)
Her kan den som vil (og er liten nok) drøyme seg vekk i eit kar fylt med kronblad frå "MaireRosa" vår rett framføre Hjørundfjorden...

Som ei blomsterelskande romlemantisk kjerring så hadde eg vel ikkje akkurat hatt så veldig mykje imot det, meeeeen det skal jaggy mykje til før eg prøva å krøke saman denne skrotten her sopass at eg klare å kome meg nedi den stampen der :))
"Bath of Roses"...!! ♥

På slike varme sommardaga som vi har no så sitte der ofte ein hund oppi der, ja om dei ikkje ligge oppi...Etter eg hadde beskjært nokre rose så måtte eg berre strø litt rose oppi å heilt etter mitt hjarte så vart ho sittande der...
Det er vel ikkje så rart at det vart knipsa nokre bilde her..!(?) Nope ikkje i det heile synes eg..!

Dagen går å vi kan kose oss i hagen og på kvelden er hundane igjen borte på "favorittplassen" vår...
 Litt klining er heilt klart innafor på ein slik kveld..
 Vår to yngste rakkera "Abi" og "Ipa"...
Litt usikker, men mulig det smaka godt også..! 

Du kan sjå på å stelle hagen som eit ork eller berre ein plasss å samle ny energi...!!
Før hadde eg ein meir lettstelt hage tilpassa kvardagen...nooo har eg kanskje laga meg litt jobb å det blir meir og meir, men det er også ein måte å kome seg ut og igjen hente energi - er det no eg bør skrive "To be continued...!(?)"
 

Ha ein romantisk dag 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...