tirsdag 29. oktober 2019

19 år... ♥

This is me with Berta and her puppies from the P-litter on May 17, 2018...

Today it is 19 years since I had my first litter  After Tårpilens Bogart and Coneken’s Glenmorangie Port Wood! Our A-litter was born with 7 lovely siblings 29. October 2000!
Today we have 4 generations puppies after this litter who are now 3 1/2 weeks old..! And they have (for me) an exciting pedigree and are also a linebreeding after the first male that I used.
I hope I will be allowed to study pedigrees, and create new combinations that can give the breed good individuals for many years to come!

And if are you interested in one of those treasures please let me know ♥♥♥

Eg kan fortsatt høyre skrattinga frå den lille skjønne Timmen som springe rundt i barn og hund konkurransen med Ayla på utstilling i Eid i 2011...

...Men, asså 19 år, vil det sei at eg begynne å dra på åra!!?
Jaja, det får so vere for det er faktisk 19 
år sidan i dag at mitt første valpekull såg dagens lys på Kvasnes. Eller dei såg ikkje akkurat så mykje lys dei som kom ut, men vi fikk veffal sjå dei i lyset den dagen.
Det året var "Kira" Coneken`s Glenmorangie Port Wood 3 år og fikk sitt første valpekull. Vi kjøpte ho i 1997 etter at eg hadde begynt å "studere" genetikk, avl og oppdrett ei god stund før det...og må vel berre sei at eg hadde lyst og håpte å få prøve det i praksis. 

I dag har vi 3 1/5 veke gamle valpa 4 generasjonar etter vårt A-kull i valpebingen. I tillegg er det ei linjeavling på den hannhunden eg brukte for 19 år sidan 
Her er stamtavla til R-kullet saman med bilde av foreldra Noah og Keesha...


Her er nokre av dei frå a-kullet som eg følgde tett heile vegen...

Atos som hadde eit innhaldsrikt liv på Emblem med Randi og Odd-Johan der han levde livets glade dage med massevis av sporgåing som resulterte i eit Championat NVCH, i tillegg fikk han CK på utstilling sjølv om han var ein halv hest mindre enn dei fleste ;)

"Sheva" ho gar snill og godig dagen lang og budde i Molde med familien Rübberdt der datter Ragnhild har ein Kvasneset hund "Bertil" frå L-kullet.

"Aira" var ei herlig tispe som budde i Utvik med familien Kårstad, dei har i dag "Mira" frå M-kullet vårt...
"Amy" ho vart igjen saman med oss og var ei herlig tispe i sinn og skinn...ho var ein stor hund på mange måta, men ikkje akkurat som avlshund.
Ei herlig lita tispe som budde ilag med venninna mi Janita som også hadde ei datter etter ho "Nemi" frå C-kullet. "Ayla" var ei herlig tispe som etterkvart blomstra på mange måta. Eg var så heldig å få kjøpe tilbake to kull på ho så det vart 5 i C-kullet der ein døde, og ei fantastisk tispe i F-kullet som vart igjen her med oss og lot oss få fortsette disse linjene.
Etter eg begynte å vise "Ayla" i ringen strålte ho og ho flaut så eg skulle tru det var ein draum..!! Ho fikk fleire cert og BIS - Best in show!! 
Janita har i dag sin tredje Kvasneset hund, Embla frå N-kullet vårt..!


Gler meg til å sjå dei vi har i valpebingen vokse opp, og ikkje minst gler eg med over alt som eg håpa kjem framover 

Gleda er faktisk stor over å fått lov til og få fram så herlige, livsglade, sterke og sunne hunda som stort sett leve lenge. Eg håpa og få fortsette med å kunne tilføre mange flotte folk herlige familiemedlem...!!

Ønska de alle ein innhaldsrik dag, spesielt ei helsing til alle fine folk i inn og utland som er ein stor del av #TeamKvasneset 
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Ut på nye eventyr...

Det var ei diger hamn med mengder av seglbåtar (og litt andre) var det som møtte meg då vi kom fram...Kristian hadde jo vore her før og fann...