onsdag 30. juni 2021

Tur frå Ljøen…

Mandag var eg så heldig å få gå på tur saman med Katja igjen og den dagen gjekk turen på den Trondhjemske Postveg oppover til Ljøsetra og vidare oppom Sætrenibba 859 moh.

Etter det gjekk vi vidare på vegen mot Herdalen, men istadenfor å gå nedover mot Strandadalen så gjekk vi opp til Båsenibba 910 moh. 

Katja på Sætrenibba...
Frå Sætrenibba ser ein rett mot Båsenibba som ligg opp til venstre for Nykkjevatnet...

Siste stykket opp til Båsenibba var det lett klyving som ga mor sjølv lett «hjarteflimmer» når mi kjære dotter skulle kome seg opp. Fikk tilsvar om at eg har gått verre stadar før, men måtte då skjelvande fortelje ho igjen kor glad eg er i ho og at ho ikkje måtte drible så ho datt utføre..!

Katja på toppen av Båsenibba der ho ser mot Strandadalen...
Rett fram til venstre oppom Nykkjevatnet er Sætrenibba...

Den toppen var fin å gå oppå og vi vurderte å berre fortsette mot Kjerringane, men vi hadde ikkje lagt opp til noko lengre tur i varmen så det vart til at vi returnere. Vel nede frå det brattaste partiet seinka eg skuldrane og med det var det eit lite glepptak der eg henta meg inn, men det var ikkje mange stega til før eg seilte på rattaten nedover…jaja litt blå, lilla og gul passa alltid inn, og eg kunne atter ein gong børste støvet av meg og konkludere med at eg står for ein støyt…

Igjen har eg hatt ein superfin tur saman med mi kjære dotter, og igjen så gler eg meg alt til neste gong skatten min

Måtte vi alle kunne få deilig vêr med mange flotte turar framover…

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...