![]() |
Fine guten min ved Brosundet i Ålesund etter seremonien… |
Tusen takk til Nina og Bjørn som hjalp oss på kjøkkenet ♥
Kjære Tim Are...
Gratulerer
så mykje med den store dagen din!!
Tenk at du no alt er 15 år og
står her som konfirmant...
Alt har du rukke å vore førstereisgut
med 4 veker i Barentshavet, ja og det som 14 åring! Åååå tenk,
det med ei mamma som då enda ikkje lot deg reise aleine på Moa!!
Du har frå du var liten vore ein underhaldar med godt humør, eit digert smil og ein smittande latter.
Mamsen kjem aldri til å gløyme første dagen du var i utstillingsringen «barn og hund» for den utstrålinga og latteren er lagra godt i minnebanken!
Eit stort hjarte for både folk og dyra rundt deg har du alltid hatt, som liten og omsorgsfull då farmor og bestefar var sjuke. Under valpefødsel på Julaftan 2014 kunne du ikkje pakke opp julegåvene dine då du sat godt i valpekassa for du måtte «passe på familien din».
Du
er ein tøffing som innimellom har litt sære interesser, du er
heldigvis også tøff nok til å gå din eigen veg...
Kvardagen
kan vere litt røff og gi deg nokre utfordringar, men du er flink til
å sjå moglegheitene og ikkje minst bruke dine gode, sterke og
praktiske resursar...
Innimellom kan ting ta litt tid, så husk å ikkje stå akterutseilt den dagen du igjen skal ut på havet ;)
Vi gler oss til å følge deg på dine eventyr gjennom livet, og ikkje minst kva målet blir neste gong du «kaste loss»
Glad i deg skatten vår..!!
Herrangud, er det rart eg er stolt eller..!!?
Mi kjære lillesøster som er fadder på Timmen hadde nokre fine ord som ho avslutta ettermiddagen med...:
«Kjære Tim Are, i dag samles du her i lag med dine nære. Konfirmant har du blitt, så får vi prøve å gi dej råd på veg i livet ditt. Heldige mej som har fått være fadder, det betyr også at det må komme nokke sladder. Ser du e på veg til å bli en bra mann, men på sjøen fikk du onkel til å bruke mopp og vann. Vi andre, vi lo, og vi lo, menst du hang over do. Dagane gikk og fart blei det gitt. På sjøen og fiske he du fått prøve, vi synst du e like tøff som ei løve. No skal ej ver litt meir seriøs, men det betyr ikkje at du trenge å bli nervøs.
Ej e veldig glad og takknemlig for å få ha fått fulgt dej så tett siden du va liten. Når Anja og Tom ga mej den tilliten å få passe dej, sellom at ej aldri kommer til å glømme den eine gangen ej ikkje hadde kjent godt nok på flaska di med melk å ej brant dej. Tru mej, det skjedde aldri igjen. Meina også på ej fikk inn klage på bleiebudsjette med Tom. Pampers lurte mej å ej trudde bleiene dine va tissevåte litt for ofte. Du va en sjarmør fra starten av, fantastisk hærlig og det vise sej no at du e somoftest ganske ærlig. Du e i ferd med å vekse i fra oss, men takk for du tar dej tid til å "henge", i dag håpe ej du får inn litt ekstra penge. Rolig, avslappa, hjelpsom og godhjerta e nokken ord som ej meina beskrive dej godt. Så har du humor da. Ta med dej det på vegen videre. Vi e veldig glad i dej Tim Are og ønska dej en fin og minnerik dag. Å husk, uansett kor vanskelig livet synes å være, e det alltid nokke du kan gjør å lykkes med det.
Gratulere med dagen
Tante Eirin, onkel Adrian, Ferdinand, Elliot og Kanutte.»
Tusen takk til alle flotte folk som var med på å lage ein slik flotte dagen for den kjære sonen min ♥♥♥
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar