Det er mange hundar som kan slite med voks og sopp i øyrene, og det er spesielt dei med hengeøyrer som våre rasar…
Ei heilt klar gjennomgåande likheit med dei aller fleste er mykje pels i, på og kring øyrene.
For å spare hunden for mykje ubehag, deg sjølv for lukt og ikkje minst store utgifter til veterinær, så oppmoda eg alle til å sjå etter i hunden sine øyrer og stelle dei godt 🐾
Ikkje berre ser hunden meir stelt ut, men øyrene er lette og får betre tilgang til luft. Dei vil ikkje vere så varme og fuktige som dei vil vere med all pelsen...
Veldig mange tobeinte lika å kose med øyrene til hunden, og når "vi" tek litt ekstra i og gnura dei så høyre vi at hundane digga det!!
Men, du gjer deg sjølv ei bjørneteneste for den "kosinga" kan før til ekstra varme og trigging av øyregangane som igjen gjer at dei produsera meir voks.
Øyrene skal kun gnis når vi rensa øyrene til hundane...!!
Eg ønskja at de legg dåkke til merke at fukt, varme og mykje pels er rota til øyreproblema til hundane, spesielt dei med hengeøyrer.
Etter veterinærbesøk grunna voks og sopp i øyrene er det mange som får påvist allergi med komplisert utredning, store utgifter og ekstra bekymring for eigar...ikkje minst vonde øyrer som får utvikle seg er ikkje godt for hunden!!
Eg vil råde alle til å få bukt med problemet kring øyrene før ein begynne med all utredning. I tillegg kan det vere nyttig å ta vekk kylling frå maten vi gir hundane, og ikkje minst sjå at det ikkje er for mykje protein i foret.
Det vise seg både på dyr og oss mennesker om vi har ein infeksjon eller ulumskheiter i kroppen har vi dårligare imunforsvar og ting kan lettare påvisast. Så for å unngå mykje ekstra er mitt råd å få øyrene reine, tørre, fine og utan raudheit før eventuelt utredning for andre ting...
Eg har ved fleire høve vist korleis eg klippe flatten, og fint om de vil prøve dykk fram. Men, har de plana om å melde på utstilling så spør om hjelp og veiledning første gongane. Det du kan gjere er å klippe under og mellom potane, men husk ALLTID å klipp i pelsen si lengderetning.
Her er eit innlegg ang klipping av flatten som du kan sjå på...
Lykke til!!
Klem -Anja-
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar