mandag 31. august 2026

Endeleg bekrefta

Frøya konstatert drektig med UL 31.august 2026...

...det er kvalpar på veg og det ser ut til at det kan komme ein liten flokk små potar med store hjarte!

Då kan vi verkeleg berre begynne å sjå fram imot kvalpane og håpe denne kombinasjonen vil gi oss gode representantar for denne flotte rasen!

Fineste Loke på Leirvågfjellet og i Geiranger i Juli 2026...
Frøya i Sandefjord sommaren 2024...

Eg ønsker alltid å finne hundar som er ein god match og forhåpentlegvis vil gi eit jamnt kull der helse, mentalitet, eksteriør og brukseigenskapar går hand i hand. 

Loke har eg vore så heldig å bli kjent med og han er ein fantastisk fin fyr som er lett å trene, herlig å omgås, har vore frisk heile livet og ikkje minst er han ein vakker flat med ei stamtavle som ikkje er overrepresentert. 

Frøya har mykje av det same og er tvers gjennom ei herleg tispe, ganske lik både si mora og sin faren...

Les meir om kombinasjoner her!!

Det kribla litt ekstra når eg tenker på det, men ikkje berre for at det endeleg blir kvalpa, men at dei ikkje skal fødast og bu her saman med meg dei første vekene av livet...

Kvalpane skal få ein superfin start og eg gleda meg stort til å følgje dei ♥

Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tur til Knutshøe

Vi tenkjer vel alle at det kunne vore greitt å gå litt meir i Jotunheimen - og kva er vel då betre enn å kombinere det med musikk!!?  Eg har...