søndag 8. april 2012

En suuuper bursdag!!

Tom og Katja kjørte i lag...
Dagen stata med goklem og bursdagshilsen frå barna ♥♥♥  Der etter VIP tur til Pattaya Dolphin World & Resort!! Vi var tidlig ute for neste show (eller akkurat for sein for det tidligare) Så då måtte vi finne ut kva vi kunne gjer i mellomtida – Det var muligheit for Leige av ATV eller som Tim sei «Monstertruck» så då blei det sjølvsagt ein god halvtime med det ;))
...og mamsen og Timmen på en ;))
 Opp og ned, hit og dit så gjørma spruta!!

Delfinshowet var veldig bra men eit lite minus at dei snakka på Thai og ken av oss som skjønte det som blei sagt………ingen ;)  Katja syns det var mest irriterende at dei spilte litt av sangen så stoppa dei, ho ville gjerne høre dei kule sangane!


Etter showet stod sjåføren klar og kjørte oss tilbake for litt bading før vi kledde oss for tur på byen!!I byen gjekk turen til Walking Street her blei det litt shopping en masse glaning og måping og sjølvsagt middag/kvelds på P.72 Restaurant & Bar – her snakka vi med ei koselig dame som kom med gode råd og behandling for Tom!!

Ekstremt mang klubba i Walking Street - her er det Moulin Rouge med dansende dame i vinduet...Det var fleire av dansedamene rundt om på forskjellege...
Eine enden av Walking Street...
Til barnas store glede denne kvelden blei det tur med TUKTUK både fram og tilbake : ))  Det var ein som stoppa når vi var på veg til taxi og då blei det berre slik og når vi først hadde prøvde det gjekk det bra...
På veg ut av tuktuken...
Tusen takk for alle koselege meldingar og hilsna på facebook!! Det har vært ein lang, flott og innhaldsrik dag!!
Klem -Anja-

fredag 6. april 2012

Tirsdag 3. April

 ...ein tanke døgnvill!!! 
Mamsen hadde sjølvsagt ikkje sove på flyet ;)) Men var spenn klar for det som møtte oss!!
Vi kom ut av flyet, gjennom passkontroll og visumgreierne, henta bagasjen og fann sjåføren våra, vel ute (eller kan vi kalle det – VARMEBOMBE) av med kleda midt i inn-/utgangen og opp med det første og beste i kofferten som singletar og sandala.
Vi blei henta i VIP bilen til New-Nordic så komforten var bra, han stoppa undervegs slik at vi kunne handle inn drikke.
Vel framme på «The Hill» pakka vi litt ut og fikk oss ny sjåfør til et senter for innkjøp av meir drikke og litt ymse småting ;)  Fikk varene i kjølen så ut på Katy`s for ein liten matbit.
Bassenget kalla og barna var ivrig etter å komme seg uti, Timmen så ivrig at han springe på verandadøra med et stort smell og datt rett i bakken!! Det gjekk verst utover kneet (en skikkelig blå Donald kul) – men det var ikkje så masse å tenke på for bassenget frista stort kan du tru!!


Som dåkke ser har dei det heilt topp!!
Dei bada nåkken tima til vi fikk halt dei opp igjen, etter dusjen var vi så trøtt at vi skulle ta en time på senga. Vekkarklokka satt på så det skulle gå fint – trudde vi!! Ej har klart å trykke den av og når vi våkna var det mørkt, spurte Tom om vi skulle sove rundt og prøvde på det utan hall…Vi var lys vakne kl. 22.30 så det blei en spesiell dag/kveld, vi prøvde å sove igjen og klarte det til slutt.
Eigentleg ikkje rart vi blei utslått når vi siste døgnet i Norge låg på mellom -10 til -2 grader og kjem hit og her var 39 grader i skuggen!! (Det er nok ikkje ofte det er så varmt her, så om vi kan komme med ønske hadde det vært greitt med ei 5-6 grader ned ;)

Småtrøtt helsing frå Thailand...

Thailand April 2012

Endelig resetid!! Første gang vi reiser på ferie med fly, det vil sei at ingen hundar er med og vi skal nyte sol og varme!!
Søndag 1. April skulle vi reise avgårde – det begynte med oversvømmelse på badet når Tom dusja, ej måtte berre hive meg på tørkinga (var vel kun mi skyld då hundane hadde fått seg ei runde i dusjen før dei skulle hit og dit på ferie, med hunda som røyta sei det vel sitt!)
Så satt vi oss i bilen og kjørte retning Gardermoen, med nesten årets første snø dalande ned og lite ante vi at vegane skulle vere så fæle  - har nesten ikkje opplevd makan!!
Dei første vogntoga som stod fast på vegen var allereie i Skorgedalen, etter dette var det speil blankt og skikkeleg dårlig føre i lang tid, fleire vogntog låg «strødd» og andre stod å venta i kø på strøbilen. Etterkvart gjekk det over til litt bedre vegar men tett snøkave...

Men, nåkken kunna like gjerne parkert bilen å venta på betre tider for dei kjørte i 20-30 km i time og det sei seg sjølv at dei var ei fare for alle andre, på lik linje med den FORDØMTE NORCARGO bilen som kjørte som en villmann, hadda ej fått han forann meg skulla han fått seg ein på trynet slik at han ikkje var kjørbar før dagen etter!!!!! Prøvde å ta nummeret, men det var sjølvsagt snøva igjen…

Eit lite stykke nedom Dovre ville vi ringe etter rom for natta, så oppdaga vi at eine telefonen til Tom var vekk…ej foreslo at vi skulle kjøre opp til Dombås der vi stoppa sist, når vi var nesten der kom ej på at den mest trulig var døtte ut av bilen på Lora, og det stemme nok for der var ingen telefon på Dombås…den får ligge godt nedi snøen der ;) Gubben var sjølvsagt irritert for det var første telefon han har klart å miste (det må sjølvsagt brukast mot han seinere – for ej er jo ei vimse med både telefon, nøklar og lommebok!).

Vi låg nåkken tima på Bjørns Kro og Motell, etter så mange tima til Lillehammer var vi litt utslitt med den snø kava som var!!
Måndag morgon frukost (som sorry ikkje kan anbefalas) så resten av turen…ej satt meg i bilen og Tom spør «kor er veska di?»… «den e nok på kafeen den!» Ej spring inn igjen henta veska med fotoapparat begge lommebøkene etc. Jaja no må vel all «uflasken» vere oppbrukt!!...

Katja og Tim leikar seg på flyplassen...
Ankomst Gardermoen ca. 2 timar før flyet skal gå, greitt for barna å kunne springe litt rund og få seg en matbit!!
Timmen har kjøpt seg SUSHI...namnam...
Litt hjelp av mamsen for å få den fort i seg før vi skulle ombord...Timmen spiste heile brettet og det va godt det!!
Ready for take of...
Litt tidsfordriv...
Tim sov ein del, men Katja klarte ikkje sove før det kun var ein halv time igjen til frukost, så ho var litt trøtt og morragretten (som sin far) ei lita stund -  men det gjekk heldigvis fort over ;))

Vi reiste kl. 14.15 frå Gardermoen og ankom Bangkok litt før 6 lokal tid (5 timar før Norge)…Vårt første møte var VARMT!! Ikkje minst var vi heilt satt ut av alt som vi såg – spesielt langs vegen!!
Ditte var berre ein ej tok bilde av på veg frå Bangkok til Pattaya...heilt utruleg å sjå alt rare som for langs vegane!!


Varm helsing frå Thailand!!
Klem…

lørdag 24. mars 2012

Fredag :)

Det er fredag eller rettare sagt fredag kveld og vi har "lagt ei veke bak oss"…med tanke på butikken har vi alltid godt utval av blomster spesielt til helga ♥♥♥  Laurdag er kosedag på butikken og dei kan ønske velkommen til dåkke alle med flotte plantar som du kan ha både inne og ute!!
Over ser du nåkken bilde frå det nye «bordet» i blomsteravdelinga…ofte nytt i utstilling og i dag har Lise og May Britt har pakka ut nye varer frå forskjellege leverandørar...Nye lysestakar og små interiør, lys og serviettar etc.

No bugnar det av nye varer i butikken og vi ønskjer der ♥leg velkommen innom...
Klem -Anja-

fredag 23. mars 2012

Ta deg en tur innom...

...Emmas hvite borg - der kan du vinne 4 nummer av bladet BoligDrøm!!

Ein ny koseleg blog med masse fin lesing og ikkje minst fine bilder :))  No har du sjansen til å vinne 4 blader, du har ingenting å tape på å ta turen innom bloggen og delta!!

Ønsker alle sammen lykke til og ikkje minst god lesing...
Klem -Anja-

Valpane 7 veker...


Her er fanteberta "Mille" som skal bu her med oss...

Her ein dag tok eg med meg dei to små valpane i "fotostudioet" til Paul...Her knipsa eg nåkken bilde av ulik kvalitet ;)  Men, her er likevel 3 av bilda frå den kvelden, kanskje kjem det fleir etterkvart...


Stilig tørka palmeblad som eg kjøpte med blomsterforhandlaren min...
Skjønningane bror og søster...


Ønska dåkke alle ein fin fredag...
Klem -Anja-

torsdag 22. mars 2012

Durance

Handsåpe, Dusjgele og såpe i snor - alt i lavendelduft...

Som tidlegare sagt er eg utrulig glad i vakker og vel duftande lavendel…Når huset er vaska, senga oppreidd, gjerne litt fuglekvitter inn vindauga og i tillegg helg og familietid, er det så utrulig herlig å kjenne lukta av lavendel i lufta og ikkje minst legge hovudet på puta å nyte den reine og herlige dufta…
En av mine neste ferieturdraumar er ein tur til Frankrike og det å få oppleve alle dei langstrakte lavendelmarkane, den sjarmerande franske landstilen og en del av det flotte landet ellers har å by på…

Lavendelsåpe, lavendelskrubbsåpe og milksoap...

«Durance holde til i hjertet av Provence, i landsbyen Grignan, omgitt av gamle trøffelmarker, blant eiketre og blomstrande lavendel.
Denne regionen i Provence har en lang tradisjon med å bruke naturens råvarer, og å ta vare på miljøet. Det dannar grunnlaget for Durance sin filosofi og tankesett. Vidareutvikling av produkt innan spa og velvære med naturlige ingrediensar er alltid i hovudfokus hos Durance.»
Få den herlige dufta inn i heimen med husvask, klesvask og tøymyker...

Lavendel kjem frå det latinske navnet lava og betyr å vaske…Den blei frå 1700- talet dyrka til bruk i parfyme i Frankrike akkurat som det gjer i dag.
Lavendeldufta har beroligande virkning kan dermed brukast for å skape ei rolig atmosfære, den er også blitt nytta til medisinsk bruk. Som dei fleste kanskje veit er at midd og lus ikkje likar lavendel, det gjer at det er fint å bruke på sengklede og andre tøy. 
Lavendel romspray...
Aknekrem og Handkrem....


Vil ønske dåkke alle ei riktig fin og god helg  ♥♥♥ 
Klem -Anja-

Sluttstreken er dregen

...den er i alle fall påbegynt med dette skrivet. Eg trudde eg hadde skrive det siste i denne lange saka, men eg blir faktisk så provosert n...