torsdag 4. oktober 2012

Vakraste Dahlia

Denne blomsten er ein av mine sommar favorittar med sine vakre fargar, herlig form med frodige grøne stilkar. Av Dahlia eller Georginer som vi brukar mest har vi litt forskjellige størrelsar i Norge med tanke på både planten og sjølve blomsten, men eg har aldri sett så store og flotte georginer som vi fekk sjå i Venlo  Fantastisk størrelse, form og fargar!!

Georginer er beslekta med fleire blomstra, men det er nok ikkje så vanskeleg å sjå at den kan minne om mellom andre både krysantemum og zinnia…
Du kan finne dei fleste fargetonar på georginene – herlig vår, nydelig sommar og ikkje minst vakker haust…Klart er det den «vinterlige» blåfargen vi manglar her også men den er ikkje så enkel å oppdrive...
Ein fin knopp som kanskje bære preg av ei litt fuktig natt…
Herlig farge og like vakker under som over…

Kraftig blomster som går heilt rundt og med flott bladverk…
Her måtte eg berre få med kor stor dei var…
Gul er ikkje den fargen eg tek først, men eg har vel aldri sett vakrare (gul) blomster  Denne var berre heilt fantastisk  
Håpe det ikkje blei for mange bilde, men det kan jo nesten ikkje bli for mange med så vakre fargar eller!??

Ønska deg med disse bilda ein super dag  

Klem –Anja-


onsdag 3. oktober 2012

Soverommet på hytta


Det har vært fleire ting eg kunna dratt fram etter en lang «sommar» - ja en kan vel ikkje akkurat sei at vi har hatt ein fantastisk sommar, men eg har funne ut at vil vi ha det betre vær messig får en emigrere til eit land lengre syd!..

Forhenget på skapa...
Vi planla 4 veker med sommerferie i år…hahaha det skulla eg sagt med ein gang. Tom tok med seg barna og dei firbeinte å reise på hytta ein laurdag, onsdagen ettermiddag for eg nedover. 
Etter snakk i fleire år malte vi opp igjen eine soverommet og fikk inn ei «betre» seng, så flytta vi den beste madrassa til nabo rommet. Den blei sjølvsagt akkurat litt for stor dermed demonterte vi den andre senga, men då det var gjort var det berre å hive seg rundt å male det rommet også ;)
Det største soverommet før...
 Soverommet etter...
Det vi visste lite om var at dei fire vekene blei til knappe to for Tom måtte heim igjen for å jobbe!! Jøsses asså…(mi tålmodighet med tanke på tidsbruken i arbeidet kan også bli mindre - så pass deg!)når han var på hytta gjekk som vanleg telefonen varm og enda på visa var at det atter i år berre var å avbryte ferien! 
Vi har hatt 1 ferie der vi fikk fullføre etter planen og det var til Thailand tidligare i år – så det er vel berre å planlegge ny tur til vinteren!! 
Det som er vanskelegast med det er pass til dei firbeinte, vi har gjort det ein gang og det var godt å sette seg på flyet å tenke på at dei hadde det bra 
 På det minst rommet hang det fortsatt igjen "nostalgiske" merker...Her ein av favorittbilane til Tom med klistremerket til tidligere Br. Haugen.
Er det nåkken som kjenne igjen dette klistremerket?? Litt kjekt å sjå det merket der for det var lenge før mi tid…
Her er lillerommet med god plass...ja, veffal å ligge på ;))

Etter oppussinga bar det heim så vi blei ikkje heilt ferdig med alt som skulle på plass, men vi prøver på an igjen no i haustferien.
Eg og mamsen var innom hytta i august då hadde vi med to små skap som er grei til handdukar etc.

Det blei lysere og vi blei godt nøgde…Hytta vår er lita og ei "skikkelig" hytte men med god plass ute ;) Vi håper å få satt opp et aneks etterkvart slik at det blir enda bedre plass når vi har besøk...Her kan du sjå korleis det blei etter oppussing av stua!

Gleda oss til nåkken fine dager på hytta neste veke 
Klem –Anja-

tirsdag 2. oktober 2012

Herlige sommarfuglar

I Venlo var det sjølvsagt det meste som opptok meg men når eg ser slike vakre flygande skapningar må kameraet fram…Til Tom si forskrekking syns han eg var vel ivrig då han påstod at eg heldt på å dytte ein mann over ende for å få tatt eit bilde!.. Hallo!?? Sjølvsagt gjorde eg ikkje det, eg er då ikkje heilt gal heller da ;)
Desse små skapningane er nåkken av naturens vakraste skattar - og akurat desse som eg fanga i linsa mi er «mine skattar»...


Sommerfuglen
Av Henrik Arnold Wergeland

Den prektige sommerfugl
er fløyen fra Guds hånd.
Han gav den gylne vinger
og røde purpurbånd.

Han lærte den å flyve høyt,
høyere enn jeg er.
Den har nok fuglens lyster,
men ei dens dun og fjær.

Og alle verdens mennesker
og alle kongebud
ei gjøre kan en sommerfugl.
Det kan alene Gud.

Dette er ein Dagpåfugløye som er ganske så stor og kan en kalle dei små skapningane kraftige?...Eg velje å gjer det, ikkje berre legge vi eg merke til den på grunn av størrelsen men den er utsøkt vakker 

Admiral har fløyelssvarte vingar med nåkken vakre farger i tillegg ein av våre mest stilfulle sommarfuglar...

Vakker Tistelsommerfugl dominert av oransje og oker...

Om man ser på bilda tek sommarfuglane igjen fargen på blomsten, på alle bilda ser du at det finst et snev av same farge på begge to…

Sommarfuglen er på ein måte «med oss» i det daglege – eine hunderasen vi har er papillon som er det franske ordet for Butterfly/Sommarfugl, flatten som vi kjøpte frå Sverige heiter Gunways Flying Butterfly… Jaja det blei litt på sida av bilda, men konklusjonen er veffal at det er nåkken fantastiske skapningar 


Med vakre fargar ønska eg dåkke ein herlig dag 

Klem -Anja-

Floriade Venlo - Nederland 2012!!

Floriade er ein unik opplevelse og blir arrangert kvart 10. år i Nederland. 
Bli ein del av teatret i naturen, der du vil oppleve med alle sansar fordi du skal spille hovudrolla saman med naturen. Du kan lære om naturen og finne ut akkurat kor viktig blomster, planter og tre er i våre daglige liv. Der du kan lytte til vakker musikk, nyte eit avslappande øyeblikk med spennande lukter…
Uansett kor en går oppdagar ein nåkke nytt…nye former, farger, lukter, nye «skapningar» og nye vriar på korleis vi kan sette saman ting...for andre var det også greitt å finne ein ny bar rundt neste sving ;)  
Det å kunne gå å sjå, føle og nyte ein heil dag var fascinerande, det var nesten som å vere eit lite barn å få julaftan og nyttårsaftan på ein gang!! Det var verkeleg spektakulært og samtidig avslappande, ikkje minst følte eg «vi» har fått litt meir lærdom både for plantar, blomster og ikkje minst litt påfyll for faget vårt...

CNN - World`s Top Destinations for 2012
«This is a once in a decade flower show so it's even more spectacular than Keukenhof, and Keukenhof is already amazing.»


Parken
Floriade Park dekker 66 hektar og omfattar fem unike tema-verdena avskilt av skogs områder. Vi starta med ein tur innom ein japansk hage så tok vi gondolbana som gjekk tvers gjennom parken, det var ein fin måte å orientere seg på kvar dei forskjellege verdenane var…
Kvar verden har si eiga inn redning, program og aktivitetar - der du vil sjå, føle og oppleve naturen på ein heilt anna måte kvar gang.

Eg har no plukka ut ein del bilde frå parken som eg vil dele med dåkke…Håper du vil møte oss på denne turen i form av bilde, av vakre ting og herlige fargar ;)

Håper du hadde ei fin "reise" - eg lova å komme tilbake snart med fleire bilde frå turen og då vil det veffal komme litt bilde av orkidear og ikkje minst flotte georginer 

Klem -Anja-

Magisk helg...

Det er faktisk det eg tenkjer etter ei verkeleg magisk festivaloppleving i fjellheimen ♥ Foten av Besseggen var hovudarenaen for helga. Oppl...