onsdag 17. oktober 2012

«Nytt» kjøkken på hytta


Trur dette vil bli den nye favorittplassen på hytta - Katja likte seg så godt at ho ikkje ville gå derifrå...

…Ved vår flotte tur til Nederland fann vi eit stilig «hagekjøkken» som vi gjerne ville ha på hytta. Vi bestilte det og skulle berre sendast til Oslo så vi kunne hente det der i haustferieveka, tenkte vel ikkje så masse på det anna enn at eg venta på rekninga…Men, eg visste det kunne ta litt tid i og med dei måtte pakke alle palla etc.. før dei sendte varene.

Her er bildet av kjøkkenet som skulle komme...

Eg ringte til Oslo når vi kom på hytta, men der stod det sjølvsagt ingen kjøkken. Bodil ordna (igjen takk!) med det meste så etter ei stund fekk eg beskjed om at det ikkje var sendt.

Då var det ute av verden og eg kunne igjen tenke på det Ikea kjøkkenet som eg hadde forestilt meg der. Men, (det er alltid et men!) når eg var forberedt meg på at vi skulle «arbeide litt» og få nytt kjøkken i haustferien, ja då vil eg heilt klart gjerne ha det!..
Sjølv om at eg har mala dette kjøkkenet fleire ganga har eg lenge kunna tenkt meg litt endring her.
Er vel kanskje ikkje så rart at ideane har krinsa i hovudet på meg!?...

Det stod vel ikkje akkurat på mangel av idear, men heller kor realistiske dei forskjellege var då vi hadde tre dagar til rådigheit.

Tom prøvde sjølvsagt å snakke meg frå det, men han måtte berre innsjå at slaget var tapt – her var det for han berre å begynne å rive etter at heile kjøkkenet var tømt.

Slik såg veggen ut etter at den gamle inn redninga og golvet var vekk, eg var sjølvsagt superglad når eg fekk vekk 1 lag laminat og et lag med golvbelegg - då var det berre å flikke litt på tregolvet...
Timmen hjalp papsen med avløpet under vasken...
Enkel kokkelering ute i det fri...
Litt undervegs...
Fin gammal melkeflaske som eg fann oppe og lengst inn i storskapet...
Føle ikkje at en får det rette inntrykket på bildet - alt er sjølvsagt ikkje heilt ferdig, men småting som gjestår som mellom anna forhenga og gardinene (der tok eg berre å snurpa opp dei som var der - resten fiksast med når vi kjem ned igjen..).
Herlig med ekstra benk mot veggen ved vasskommen...Sjølvsagt herlig oppvaskmiddel frå Durance!
Lekker kjøleskap ;)  Er litt usikker på kva eg skal gjer med det enda...
Ny liten spiseplass...

Var så heldig at vi fekk besøk av gode venner som kunne bistå med litt bygging berre kjerring fikk tegna og forklart korsen ting skulle gjerast. Tusen takk!!
Vi er veldig godt fornøgd med resultatet og vi gleda oss til å komme på hytta igjen…Då skal det berre vere avslapping og kos!! Overhode ikkje gjere alle småting ferdig.

Eg har sjølvsagt ein del små- og nåkken litt større ting på tapetet, men alt til si tid…
Her blir det veffal tid til kos, familietid og late dager neste gang vi er tilbake 
♥♥♥ og med det ønska eg dåkke ei lun natt…
Klem -Anja-

Sjarmerande skogstur...

To av mine dyrbare skattar   

...Du spør deg kanskje – «Sjarmerande skogstur»?
Ja her var det sjarm i massevis frå to små sjarmerandes kara, ei herlig jente, gamle hekser, sopp, greiner, knirke lyder så kunna eg ramsa opp ein heil haug til ;)
Har her lagt ved mange bilder frå skosturen våra...

Vår fantastiske «Bajas» som  no nærma seg 11 år...

 Første bildestopp ;)
Sander og Tima Are er flinke å gå med «Bajas»…

«Bajassen» kosa seg med gutane mellom anna syns Tim Are det var supert at han kunne dra han litt oppover skråninga…
Vi gjekk berre rundt omkring i skogen ovanfor hytta slik som vi alltid gjer, det er ikkje det same som at eg er godt kjend eller har peiling på kor en skal gå. Så vi gjor som sist og «gikk oss vill» - denne gangen enda lenger nord enn sist så det blei et stykke å gå langs «Fe gata» men det er jo supert når en har den å gå etter!...


«Bajassen» kosa seg i sola...
Så fann vi oss ein fine benk...

«Bajas» vil gjerne rulle seg innimellom bilde takinga...
«Ædda Bædda» - snakk om å ha likt uttrykk da! ;)
«Skjønninga»

«Bajas» venter medan vi ser på heksene...
Sander og Tim Are ved siden av heksene i skogen...
Eg fikk med litt makk Sander til å legge seg under heksene :))
Det var sjølvsagt vanndam på baksida, men å bygge opp med stein etc. fikk eg det til...
Katja ville ikkje vere med på så mange bilder i dag, men eg fikk ho med på nåkken...
 Her står gjengen å flira etter at ej hadde rysja ned ei lang skråning i det eg ropte: «Pass dåkke, her kan det vere glaaaaaaaaaaaaaatt»!! Skitten og blaut men fortsatt like blid :))
Sopp i skauen var der også...
 På veg heimover en eller anna plass...

Vel attende ved hytta venta grisane på oss…

Tilbake på hytta var vi alle samde i at det var ein super tur, berre Katja som var litt irritert for at dinna mora henna klarte å gå oss vill igjen :)



I kveld har vi vært på sykkeltur, fått oss kvelds med gode venner, tilbake og lesestund på senga...Med det ønska eg dåkke ein super kveld    
Klem -Anja-

tirsdag 16. oktober 2012

Vil du vinne!??


...1 års abonnement av Boligpluss!

For å vere med i konkurransen må du gå inn på bloggen «Emmas hvite borg» å delta…

Eg ville også vere med, sjølvsagt hadde eit abonnement på Boligpluss vært supert!! Så dermed trakk eg 5 lodd denne gangen ;)

Ønsker deg lykke til!! Klem –Anja-

Gammalt nytt...


Tøffe glass med forskjellige oppskrifter frå Lene Bjerre. Stilig pute og lampe levert av Nomi-Import... 

«Gammalt nytt» - jepp...legger her inn nåkken bilde som eg tok for fleire dagar sia…Når eg var ein snartur innom butikken i dag hadde dei allereie plukka vekk den eine utstillinga og planar for å lage ny :)))
Tida er nok snart inne for å lage juleutstillingar – akk ja, vi er kun halvvegs i oktober og kanskje litt tidleg for jul tenker du?
Svaret er vel ja for dei fleste, men når November banka på døra må jule- og adventsvarene vere i butikken slik at alle kundane får tid til å lage julehus til 1. Desember 

Fine lysestakar, fat og krukker frå forskjellige leverandørar, her også lekre lys frå Lene Bjerre...

Sjølv blir eg litt «frustrert» 
når eg går inn i eller forbi butikkar som har julevarene i hyllene allereie i September!! Litt av sjarmen med førjulstida blir vekke når vi får det servert så tidelig, eg vil ikkje ha julepynta butikka, musikk og herlig lukt før i månedskifte Oktober/November.

Dermed lagar vi ei lita utstilling her før sjølve juleutstillinga er på plass ;) Så håper vi du gleder deg til at vi får jula i butikken!!(?)

Ønska dåkke ein fine kveld og HEIA NORGE!!
Klem –Anja-

søndag 7. oktober 2012

Baderom - NIB`s utfordring



Herlige duftelys frå Love is Green er eit must på badet – ikkje minst deilig handsåpe frå Durance, god lukt på badet er viktig...

No når eg er «på glid» her inne på bloggen min igjen kunne eg like gjerne slenge meg på NIB`s utfordring denne månaden. Det er vel baderommet som er det rommet i huset som kanskje er reinast, men samtidig det rommet som er vanskelegast å halde orden på.
Badet er stort med stor god dusj og eit herlig hjørne badekar – men vi har også vaskemaskin og tørketrommel her, om det er mor som ikkje alltid er ajour med klesvasken, eller om det er store og små som har det med å skifte for ofte klede å «slenge» dei frå seg kan diskuterast ;)

Fine «steinar» med lavendelduft i ei lita såpeskål…



Då eg skulle ha ny oppbevaring til vaskemiddel ville eg ha trekasser med «meining» - Det blei då leiting etter dei med rette årstall…Det måtte bli ei for mi kjære mor som er født i 1956 – mamsen min betyr så ufattelig masse for meg  Då eg fann ei med 1972 blei det komplett – «gubben» min som akkurat har fylt 40 år er født då…

Det er ikkje så dumt å tenke på – greitt å bli påminna når ein gjer seg klar for ein ny dag…

Elles har vi eit bad der vi skal både roe ned og slappe av på og det er då viktig at det er «heimekoselig» lunt og godt…

Badet går i bruntonar med både nytt og gammalt i ei salig blanding – akkurat slik vi lika det ;)

Marmorrutene i borden tek igjen marmorplata på vasken... 


Det store badekaret blir brukt litt innimellom – etter at vi fikk kar ute blir det nok litt mindre brukt enn tidligare…Her kan en slå på varmt og kaldt vatn, også velje om vatnet skal komme i dusjen eller i hjørnet, kjekt for barna at det er rute i fronten å sjå gjennom ;))

Med eit lite «besøk» på badet våra vil eg ønske alle ein riktig fin søndagskveld…
Vi skal etter ein fin dag i barnedåp, forhåpentlegvis få pakka på bilen og sette nasen mot hytta for haustferie kos 
Klem -Anja-




fredag 5. oktober 2012

Herlige varer


...Spesielt no om hausten  ♥ Det er tida for innekos med herlige puter med dun fyll, lammeskinn, lys så vidare og vidare. Eg kunna nok berre ramsa opp ei lang liste over ting som er heilt greitt å ha overflod av no på denne årstida, men dei fleste av dåkke skjønna nok kva eg meina!!
Dei tøffe putene frå Barfota...

Tøffe zink spanner, herlig hus vask og handsåpe med lavendelduft frå Durance, fine «sølvskåler» til snoperier eller litt blomster…
 Tøffe krukker, små oliventre, glass lykter og vasa - herlig oppvaskmiddel frå Durance...

Lysestakar, lys glas, engla, små krukker med lokk og ikkje minst tekstiler i «haustgrøn»
Vi har inne herlige klede, skjerf og ikkje minst stilig puter frå Barfota…Tøffe lykter og klokke frå Nomi-Import!!


Med litt nytt frå butikken sei eg natta  
Klem -Anja-

Magisk helg...

Det er faktisk det eg tenkjer etter ei verkeleg magisk festivaloppleving i fjellheimen ♥ Foten av Besseggen var hovudarenaen for helga. Oppl...