...Eg om det på bloggen min!?? Ja, etter å ha
kjørt barna på skule og barnehage skulle eg sjå i lokalavisa og ta meg ein kopp
kaffi - det skulla eg kanskje ikkje gjort ilag, for kaffien gjekk vrangt og
blodtrykket steig oppover og bikka streken for det "normale"...
Først blei eg litt engasjert av den første
artikkelen…
Men, då eg bladde om sida……….då rann
blodet som flommen på austlandet og var nær ved å gå vegar det ikkje burde –
ja, akkurat slik vatnet på austlandet! Når “det “ blodet får så kraftig reis,
så kan ein berre sjå kva konsekvensar flaumen har fått full sympati med alle
som er isolerte, alle som har fått verdiar øydelagte og håpar berre det ordnar
seg fort og at ingen blir skadd!! - konsekvensen her er at dampen må ut og då er
det greitt med eit “lite” bloginnlegg ;)
Sjølv med ei smilande Kiwidame mellom artiklane
fekk det ikkje akkurat meg i “godlune”…
Når eg les “Millionar til data i skulen” som overskrift på andre artikkel blir
eg nesten satt ut etter det nye eg hørte på veg til barnehagen i dag!! Joda,
det at Sula Kommune no skal lage større klasser og kutte heile 6 lærarstillingar!!!
Er det mulig spør eg!???
Vi kommunestyret kan no slå seg på brystkassa og sei seg nøgde med at vi har
fått nye skular – og sei at det er tida for å fylle skulane med innhald!
Innhald? Sei dei!!...eg blir engasjert til
tusan!! Dei skal kutte lærarstillingar og gjerne då dei yngste som er
engasjerte og skal få elevane til å lære – fullare klasser for å vere sikker på
at kunnskapen bli enda vanskelegare å nå ut med, så greitt å berre gi kvar elev
ei ny maskin for det, DET lærer barna så mykje meir av!!
Fylle skulen med innhald? Eg meina på det sterkaste at dei rasserar den til
fordel for litt meir fancy maskiner…
Når dei kan sei at utstyret i dag er for gammalt - Jauda eg såg det med det
blåtte auge når eg var å omvisning på nye Langevåg skule, men det gjer då nytta
si. Eg vil heller at mine barn skal ha gammalt utstyr enn midre lærarar pr.
elev og dårlegare føresetnad for å lære.
For å sei frå at dei trengte nytt utstyr i skulen blei det sagt, sitat
Sulaposten; “ Datautstyr kjøpt på fredag – var for gammalt på måndag”. Ja, men
då er vel ikkje datautstyr som har så kort “levetid” første pri for våre barn!?
– Nei, eg vel at vi skal satse pengar på lærarane!!
Om elevane må gå til dataskapa for å finne
pc og at dei er av eit litt eldre slag tek dei vel ikkje store skaden av, men
det å ikkje få med seg lærdom i ei overfylt klasse og kanskje “utdaterte” lærarar
det tek dei faktisk skade av!! Missforstå meg rett, men eg har overhode ikkje
noko imot å ha eldre lærarar!!
Håpar at folk tek tak i denne saka nåkke
eg renar med folk har gjort!
Det er kanskje satt på spissen her og klart skal barna ha skikkelig materiell,
men når der ikkje er nok folk til å lære dei å bruke det er vitsen vekk spør du
med…
Ønskjer alle ein flott og lærerik dag!!
Klem -Anja-