...kjem litt på overflata og det er ikkje lenger like lett å holde alt inne!...
Mi kjære svigermor er så glad i blomsterbilder så då hve vi med eit bilde av ein vakker fargeklatt...
…Det er så stille i huset i kveld, nesten
som om sorga begynne å vise seg…Svigerfar er borte, men svigermor er berre på
avlastning – men så uendelig stille i huset som det har vore så masse «støy» i
dei siste godt og vel to vekene!...
Skal tru kor tid eg venne meg til dette? Men, om eit par daga tenkjer eg det
kanskje blir godt å stitte på sofaen saman med mannen min å «slappe av» - for
det er det lenge sida vi har gjort, det å ha aleinetid på soffan etter barna har lagt seg…
Eg såg no tilfeldigvis gjennom alle utkasta som enda ikkje er publisert i bloggen min, beklageligvis
inneheld dei fleste «frustrasjon» - frustrasjon over helseNorge som er så
fantastisk!! N O T!!!
Det har vore godt å berre få frese det ut på dataen for så berre legge det til
sides utan innsyn. Men som eg har skreve skal dette bli ein «ærlig» blogg på
godt og vondt, og no kanskje klar for det første «ærlige men fæle» innlegget
mitt..
Meg sjølv er eit stort kapittel, som eg kanskje
skal komme nærare inn på seinare, men det som har vore ein stor frustrasjon er eldreomsorga
i dette landet…All takk til 96% av heimesjukepleierane dei siste to åra, men
jaggu var eg frustrert ei periode då eg som «nyoperert» ikkje fekk «natthjelp»
til svigermor og måtte gå til innkjøp av babysitter med kamera for snart to år
sidan!!...
Men, eg har eit stort men!!...Sula som politikarane
skryte av at er slik ei fantastisk helse-/eldreomsorgskommune!!...Då lurer eg
på kor dåkke har vore dei siste åra, kva ser og oppleve de??
Har vi ikkje plass til pleieplassar så må de jaggu få fleire inn i
heimesjukepleien, for dette går rett og slett IKKJE!!
Eg er så skuffa over masse av det som har møtt
meg dei siste åra!!...eg begynte med tett oppfølging av mi svigermor då eg
gjekk gravid med Tim Are, i 2009 tiltok det og eg begynte å «pleie» ho…heldigvis
hadde eg svigerfar som kunne sjå etter ho og hjelpe ho med det «vanlige» eller
er det kanskje svigerfar som skulle sei det motsatte…Telefonen var flittig i
bruk og eg var frå 2009 tilkalla fleire gangar for dag og slik har det gådd. Etter
kvart har det tiltatt med stell, pleie, medisinering, vask etc. og det som eg
sjølv skulle prioritere som barna, heim, jobb, fritid og sosialt liv blei heilt
tilsidesett…Kvar ferie har blit avbrutt for å reise heim til dei derfor blei
det til at vi reiste til Thailand i 2012 – for då kunne vi ikkje berre stikke
heim…
Vi har dei siste tre åra gått gjennom ting som ein «normal» familie overhode
ikkje skal måtte gjennomgå i Norges land i 2013!! Vi har hatt to krevande
jobbar, eg har valgt å berre lagt min til side då helsa mi ikkje klarer meir…………hatt
to fantastiske barn som eg har verdas dårligaste samvittighet for og håpar vi
no snart skal få tilbake kvalitetstid som eg veit vi ikkje har hatt så masse
av. Det er ikkje rett ovanfor barna at dei skulla ha gått «gjennom» det dei har
i dette huset dei siste par åra i periodar med så sjuke besteforeldre…
Eg føler at tida og livet liksom har vore røva frå oss, det er ikkje rett at vi
skal no sitte å sjå tilbake på så strev somme år og kva kan og kunna vi ha
gjort annleis, vi skal også få kunne gå gjennom ei sorg etter å ha mista
far/svigerfar og bestefar!! – ikkje tenke på at vi må jobbe oss gjennom det for
å ta oss av ho som sit igjen.
Som småbarnsforeldre skal ein kunne få litt overskudd til å følgje barna opp og
ta dei med ut, ikkje sitte inne å passe på eldre mennesker, vi skal kunne få gå
på besøk til dei eldre nære, ikkje pleie og stelle dei i tillegg og heile tida
ta hensyn til dei uansett kva vi skal gjer…
Eg har gjort mitt beste for å sjå oppegåande ut, sjølv om det ikkje alltid har
hatt det beste resultatet, godt er det då at barna mine og mannen min tek meg
som den eg er ;))
Det er sikkert ingen som kan forestille
seg kor tøft dette har vore utan å ha sett det/vore oppi det sjølve. At folk
har dårlig for å tru at ting kan vere så gale som det har vore her har eg forståelse for, for når eg
ser tilbake har det vore galskap å finne seg i alt dette…Men, eg har heile tida
kun hatt eit ønskje om at mine svigerforeldre skulle ha det så godt som mulig!!
Må beklaga til alle dei som har villa hatt meir av mi tid og alt eg ikkje kunna
gitt rundt om, men sosialt liv, hund etc. har blitt lagt på hylla…men det skal
snart takast opp igjen!! ;)
Eg er så lei meg for at eg ikkje skjønte
at somme episodar med min svigerfar skuldast hans «alvorlige sjukdom» – men,
behandlinga som han og eg fekk på rehabiliteringsavdelinga han var på, har eg
så inderlig vanskelig for å legge bak meg!!...Eg fekk fleire ganga telefon frå min
svigerfar at eg måtte komme å hjelpe han for han fekk ikkje hjelp. Når eg tok
dette opp med ein pleier fikk eg spydige tilbakemeldingar og beskjed om at han
skulle klare seg sjølv!! Eg skulle berre la vere å ta telefon og komme ut…blei
kraftig provosert av den dama og skeptisk på at han skulle vere der, så kom det
ei koselig dame som eg fekk prata «skikkelig» med og eg gjekk då ikkje vidare
med saka…
Så neste «innleggelse» berre ei veke før
han gjekk bort!!....Essa han er så bra at her dulla vi ikkje med dei, han kjem
nok snart ut igjen og han er veffal ikkje døande!!...
Men, fredag 26. juli då eg kjeme å spør om han må heim om ei god veke når han
er sengeliggande og innimellom ikkje klarer å prate etc. fekk eg eit av mitt livs
største sjokk!!!...Der blei eg blankt avvist og snakka skarpt til hjelpe lite
å skulle prøve å smile når du har ei slik holdning dame!!, at den 5. august
skal han UT for då kjem det andre inn som trenge plassen, utan å prøve å snakke
med meg om nåkke anna berre avviste ho meg og peiva stramt med armane!!...Kvelden
tysdag 30. juli blei han innlagt på sjukehus, den 3. august laurdag morgon kl.
04.30 gjekk svigerfar bort…Desse tankane frå rehabiliteringsavdelinga kjem opp
igjen og opp igjen, eg får frysning over dei og kjenne eg skulla ropt ut til
dei kva eg meinte om behandlinga deira.
Akkurat no er eg sjeeglad for at svigermor er på den andre avdelinga og håper
ho er trygg der…
Vi har sorger å gå gjennom, no må eg
og no mannen min som også har fått ekstra den siste tida, få tid til å
komme oss på beina igjen, så har vi nye kampar å kjempe…Som fleire dåkke veit
kven det er og eg sette så umåtelig stor pris på støtta frå dåkke har sagt, dei skjønna ikkje koffor livet skal vere så urettferdig
for at vi skal få så masse – og no, jaggu skjønna ikkje eg det heller!!...
Det har vore masse ekstra innimellom med «familien»
det er ikkje alltid like lett når ein ikkje er så samansveisa som eg og mine
søsken er må det fortsette livet ut!!…For når nåkken ikkje er her og kjem å
sei til meg at eg tek for stor plass og at eg ikkje har vore så masse med mine
svigerforeldre, får ein det så hard i ansiktet at det ikkje løsnar…Eg får
frysingar når eg tenkjer på det og har vanskelig for å forstå korleis folk kan
sei slikt etter å ikkje ha sett det i det heile!! Eg er lei meg og forferdelig
såra, eg har aldri hatt ein slik følelse før…Eg kan aldri forstå det og eg kan
ikkje la meg tråkke slik på!!...
Akkurat no vil eg pakke ned huset, ta med meg familien og flytte til ein
fredelig plass…men, veit litt betre og skal derfor ta meg litt tid og få roa
for så finne plassen vi vil reise til…
Så startar nok den harde kampen om å komme meg fysisk på beina igjen!! Korleis
veit eg ikkje enda, men eg håpar det kan bli min tur ein dag :))))
Måtte ingen andre måtte kjempe og bli så
tomme som det vi er no…Måtte berre politikerane budsjettere med meir til
eldreomsorgen slik at dei alle skal få eit verdig liv til det siste med god
pleie og masse b e s ø k a n d e familie rundt seg!!...
God å få ut litt…håper
det ikkje blei for masse ;)
Frustrasjonsklem –Anja-