tirsdag 20. august 2013

Blåbærpai


Var så heldig at det var salg av frukt og bær på torget i vågen i dag...fikk med meg stor pose plommer, multer og 5 kg blåbær...
Barna kosa seg med kvar si stor skål med blåbær etter middag og ikkje dumt å hive på ein blåbærpai til kvelds...bæra må nyttast litt ekstra ;) 
I morra må det syltast og vi kan fylle på med meir deilig sylte i fryseren, det er godt å ha gjennom ein lang haust og vinter...

Tante Eirin kom på kveldsbesøk etter ein forblåst joggetur, og tenker det var godt med varm blåbærpai med multekrem og ein kopp kaffi...resten tok ho med inn til mams og paps, så håper det smakte!!...



Herlig blåbærpai:

100 gr. smør
1 kopp sukker
1 egg
2 koppar mel
1 ts. bakepulver
Massevis av lett sukra blåbær...

Forvarm ovnen til 180 - 190 grader. 
Pisk saman smør og sukker, tilsett egget, så litt og litt mel blanda med bakepulveret.
Smør ei paiform (eller liknande) og trykk deira utover og godt opp kanten. Dryss på eit godt lag med blåbær og steik den i ca. 35 - 40 minutter til pausen har fått ein fin farge og litt sprø kant...
Vaniljeis er godt til varm pai, men i dag brukte vi også litt multekrem...mmmm jummy :))

Godt å kunne kose seg litt ekstra på ein heilt vanlig tirsdag...
Det er nesten ein haustkos, men slik som vinden ruskar rundt hushjørnet er det som om hausten alt er her...brrr...godt under ei varm dyne ;)
Klem -Anja-



Matbloggtoppen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...