lørdag 17. august 2013

Ein liten avstikker

Fredag formiddag bestemde eg meg for å ta med barna til Bergen for å besøke søster, svoger og mine tre skjønne tantebarn...
Tenkte litt på det tidligere, men eg var så sliten og låke etter begravelsen at eg låg rett ut ei stund og var tidelig i seng. Eg var trøtt og låke fredagen også, men lysta til å sjå familien og ikkje minst glede barna mine med den turen vi skulle ta for nokon veker sidan vegde meir enn forma mi...
Måtte forklare dei at vi ikkje kunne bli ei veke no, men kun til søndag for Katja begynner på skule igjen mandag.

Turen var ekstra lang denne gangen når ein er låke i kroppen og skal kjøre aleine i regnværet...men heldigvis har vi tålmodige barn så turen gjekk greit og eg kunne puste letta ut når eg var ein av dei siste bilane som kom med ferga over Sognefjorden...måtte eg stå over her veit eg ikkje kva eg hadde gjort, kanskje testa om bilen kunne køyre på fjorden som dei nyaste tvreklamene ;)
Men, det blir jo berre tull å tenke på...ferga kom vi med, ein del fine forbikøyringar og så strake vegen til Kjenndalstoppen!!...Eg var berre så utkjørt når eg kom fram - som du ser på bilda, greit å berre vise elendigheita, for eg har ingenting å skjule...har faktisk funne ut at skal ein prøve å skjule alle feil og manglar får ein ikkje gjort anna dei første dagane før psykiatrisk klinikk venta!...så la gå, be yourself and be proud of it!! Skal leve etter det også snart ;)



Beste medisin av alt.........få ein stor og god klem med søstra mi!! Svoger og tanteskattane......kan også ta med eit glas rødvin for det smakte ekstra godt og ikkje minst trur eg det gjor litt godt for sjela akkurat då ;)

Så godt å endelig få den turen til Bergen som eg og barna har venta på heile sommaren, berre synn vi ikkje kan vere så lenge...men plutselig er vi tilbake igjen og då må vi prøve på ein dag ekstra...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...