tirsdag 26. august 2014

Oppmuntring i kvardagen ♥

 ...kalte mamma det, og det gjorde utrulig godt akkurat i dag ♥ omsorgsfull den mammaen min...
Mamma kom med disse nydelige rosene i dag...
Rosene står fint på stuebordet og varma ♥ mitt...
Mamma kom på døra i dag med heilt nydelige roser og med hjerte sjokolade med "Tenker på deg" ♥ det er godt å ha med seg at det er nåkken som står meg nær når det er ekstra vonde daga... 
Kan meg handa på hjerte sei at vi har lagt nåkken år med store utfordringar og masse store smerter bak oss. Det var fantastisk å få "ein ny start" på hytta i sommer, med dei vekene fikk vi satt vår lille familie i fokus og ta avstand til masse anna.
Kom heim som eit nytt menneske, men fortsatt med smerter i bagasjen...var oppegåande litt, så blei det nesten ei veke eg så vidt var på beina. Ved første mulighet til å klare ein fin tur tok eg den og lada batteria, herlige inntrykk verdas flottaste utsikt...
 
Ryggen og foten har blitt bedre enn dei sengeliggande dagane, så hadde vore greit å slippe ekstrem vond nakke og stikkingane til hovudet i dag, slik at eg kunne få komt meg ut i sola og laga til nåkken krukker ;)
Men, istaden har eg tatt det heilt rolig slik at Tim Are får kome på si første fotballtrening med jevngamle, og så har vi visst eit foreldremøte for klassa til Katja. Kvardagen stoppa ikkje opp og venta på at smertene skal forsvinne, så ein må berre bite tenna sammen og møte dagen med eit smil :))))
Tusen takk mamma!!! Du gjorde ein litt mørk dag veldig lys ♥
Klem -Anja-

Du vakre Vestland


Etter å ha vore vekk nåkken veker på hytta og så lagt dårlig nesten ei veke, var det herlig å endelig kunne ta seg ein tur å nyte verdas vakraste utsikt!!...
Eg får ikkje nok av dei fjella her, så på hytta vår på Vikersund har vi eit bilde hengande på stua berre for å minne meg på dei vake fjella.
Her er "Pekka" Bajasson med vakre Hjørundfjorden i bakgrunnen...
Fredag var det behandling så herlig "frukost" med mamma og pappa, etterpå tok eg og mamma med oss "Pekka" på tur og det rakk eg akkurat før eg skulle hente Tim Are på skulen.

Håpe du kan nyte vakre omgivelsar akkurat der du er ♥♥♥
Klem -Anja-

søndag 24. august 2014

Ein koselig verden midt i Sverige

...og då snakka e ikkje om kva som helst, men klart er det Astrid Lindgrens verden!!...
Det er tredje gangen vi er innom her og like forelska som sist og gangen før der, kan vel ikkje bli anna av slike fantastiske omgivelsar og historiene som følge med.
Forandringar har det vore kvar gang og no har vi ikkje vore der sidan 2008 så her var det skjedd ein del.
 Tim Are som vanlig ein liten "showgut"...
 Her har han funne seg ein vatnspredar i grønnsakhagen som han skal springe frå...men, det var varmt og han fekk seg ein god dusj i tillegg:)

 Herlig igjen å kunne ha med seg hundane inn i ein full park med folk og dei er like rolig og grei...Her har vi satt oss til rette og venta på Emil i Lønneberget show :) 
 Mamma, "Mille", Tom, "Nora", "Sky", "Pekka" og pappa prater og slapper av etter showslutt medan eg og barna inspiserte huset og snikkerboda...
 Det var trangt om plasse på Ronja Røverdatter, så vi fann oss ein plass på sida og det var her skodespelerane, hestar og folk kom inn og ut...
Hesteskokasting...
 Heilt på slutten tid for ny runde i vatnspredaren...
 Før vi gjekk for å spise middag blei det tid for litt bading...Herlig og fint på Bjørkbacken Camping...

 
Astrid Lindgrens verden kan abefalast til både store og små, det er glede og minne som sit lenge ♥♥♥
Klem -Anja-

lørdag 23. august 2014

I disse dager

...er det messetider og eg kjenne at saknet etter butikken er ekstra stor. Liksom nåkke heilt spesielt med det, reiser rundt på forskjellig flott showrom og messestanda på Lillestrøm, besøke gamle og finne nye forhandlera!! Snoke etter små skatta som skal få plass i dei forskjellige husa rundt om til glede for både små og store...
Av og til kunne eg sjå nåkke som eg såg for meg kunne passe til den og den kunden, det måtte bli med til butikken og eg hadde rett så mange ganga, det var akkurat DEN kunden som kjøpte ein av  det slaget. Ein gang måtte eg handle med ein ny dansk leverandør fordi eg såg ein ting som ville passe ein spesiell plass - med det måtte eg bestille ein heil palle, men etter litt tussling rundt på standen gjekk det heilt fint å fylle enda ein palle den haustmessa og butikken kunne bugne av flotte varer mot juletider :)
Dele nåkken bilde frå butikken her med dåkke...Masse forskjellig og slik skal det vere for at flest mulig kan finne seg nåkke ;)
 
 
Det høres kanskje rart ut at gleda er større å "pynte andre sitt hus" for det skulle vel vere slik at det eg såg for meg hos meg sjølv eg kjøpte, men nei det var ikkje slik...Istaden har eg hatt stor glede av å kunne fylle kunande sitt ønske om fine, spesielle og litt sære varere...det har vore ei glede å kunne fylle på med vakre ting, og ikkje minst glede å kunne levere blomster på døra til folk ♥ ååå så eg saka dette!! Hadde eg berre ikkje tatt den operasjonen for tre og eit halv å sidan, så kunne eg med hjelp av mamsen fortsatt drifta...eg har sagt det før og sei det igjen, eg skal ikkje sjå tilbake men sjå mulighetane framover!! Men, det er lov å sei at det er litt ergelig ;/ Ein ting er veffal sikkert, og det er at å legge ned var riktig, kanskje skulla eg sett det litt før men det var ekstremt vanskelig...

Men, eg lova at blir eg ein del betre ein gang i framtida har eg ein draum om den spesielle butikken, eg ser alt for meg sjølvsagt håpa og trur eg det hadde blitt til glede for mange!! Ja, om då ikkje Jantelova trer i kraft som den så ofte gjer...kjøre heller ein halv time enn at du lykkes!! Hørt den før eller!?....
Men, får eg sjangsen så skal eg med sikkerhet realisere enda ein draum, men då skal den bli heilt ferdig!! Sist var eg liksom godt i gang, endring må til over tid og eg makta ikkje å gjere meg heilt ferdig slik eg ville ha det....Men, følg med - I will be back in business one day!!
Å steik kor bra det blir!...Ja, om det blir i ditte eller neste liv kan eg ikkje heilt love deg ;)
Eg har veffal håpet og trua på at eg skal komme tilbake ein gang... :)
 
Håpe fleire kan få ein dag fylt med gode draumar, eg fortsette her i "hula vår" ♥♥♥
Klem -Anja-

torsdag 21. august 2014

Hope ♡ Peace ♡ Love

Ja tenk om alle berre kunne levd etter disse tre orda så kunne verda sett litt annleis ut, ikkje berre "heile verda" men vakre Norge og ikkje minst lille Langevåg, Ålesund eller Oslo.

Veit at det ikkje er enkelt og kanskje kasta eg stein i glasshus, men innerst inne prøva eg å leve etter disse orda med noko attåt ;)

 
Eg har håpet om fred og i botn må vi ha kjærleik ♡
Eg vise min sympati for journalistar og fotografar som risikera liv og helse for at vi skal få sjå, og høyre kva som skjer rundt om i verda. Eg sympatisera med alle som leve i frykt kvar dag...Det rive i hjarte å sjå kor barn lir, kvinner og menn, unge og gamle ♡ Måtte dinne ekstremismen snart ta slutt...
Vi lever i ein gal gal verden ☆ la oss alle prøve å gjer slik den kan sjå litt mildare ut...eg veit vi kan, og det første vi kan gjer er å smile, vere god og ta vare på kvarandre...


And this is me...I go black and ofcourse with a bit of P&P...

Ha ein fredfull dag ♡♡♡
Klem -Anja-

torsdag 14. august 2014

Surprise ☆ High Chaparral

Eg kan trygt sei vi venta litt av kvart når vi for andre gang inntok campingen ved High Chaparral, likevel blei vi overraska!! Sist var i 2006 med to digre campingvogner...i år mamma og pappa si lille dravogn og firerbanden vår i telt!! Var jo litt morsomt sia vi ikkje hadde prøvd å slå det opp før vi begynte sånn ca. rundt klokka ti på kvelden, men det gikk jo nesten "lett som ein plett"...verre var det når vi begynte bråket med kompressoren og ei diger luftmadrass som ikkje bevega på seg!!
Herremin for ei natt med fyrverkeri i firtida heldigvis ingen av våre hunda som reagerte fulle folk som styra rundt ein buss i ein time rett ved oss...syns det var herlig då klokka blei sju og eg kunne komme meg ut av teltet ja etter litt uplanlagt underlag få meg i orden og lufte hunder etc.
Etterkvart blei det frukost og nedpakking for så sjekke ut og gå i parken.........jaja, det blei eg, mamma og barna for vår kjære bil hadde gått seg tom for straum etter kompressor og kjøleboks bruk :)

Vi luffa rundt i parken der Katja og Tim Are fikk tak i nødvendig utstyr...pappa og Tom kom så vi kunne gå på show og ta toget der det både blei rana etc. Eg og mamma utforska meir av parken då vi gjekk med hundane. Som de kanskje ser på bilda har to av hundane haltigrime og det er det mest fantasiske utstyret eg har hatt til hundane etter eg blei så dårlig i ryggen...det har hjelpt meg til å gå tur med alle hundane ilag!
 A cowgirl and a Cowboy...
 Søtnosa ☆
 Gjengen samla...
 Meg med hundane Pekka, Nora, Sky og Mille...

 Det regna og hagla og minte meir om...ja nåkke eg nesten ikkje he sett makan til ;)
Skjønneste jentene

Her var det gjestfrihet og hundane var varmt velkommen, det stod massevis av skåler rundt om med vatn og folk var hyggelige.
Utrulig kor rolige og flinke dei var i parken med så masse lyd, dei la seg ned å slappa av og brydde seg lite med barna som spang rundt med knallpistola...

Vi hørte lenge tora buldre rundt og til slutt nådde den oss, vi tok restane av maten med under tak, og fikk der oppleve eit ver vi ikkje har sett makan til!!...Det regna, hagla og blåste så innmarig.
Vi fekk underholdning av Lucky Luke og Dalton Brødrene medan veret stod på...
Vi trudde det roa seg litt og sprang mot bilen, ja så feil kan ein ta, men ut av parken måtte vi uansett i løpet av dagen.

Jaja, moder jord ordna det slik at vi inntok ny campngplass litt tidligare i dag...telte vips oppe og kompressoren fekk jobbe seg ferdig og endelig kunne eg kjenne på godfølelsen då eg la meg...Camping i telt er jaggu ikkje ille sjølv om Tom no trygla meg om å kjøpe ei lita vogn, syns eg det var heilt greit meg tel :)

No venta berre dagen i Astrid Lindgrens verden...det kjem i neste innlegg ☆
Klem -Anja-

søndag 3. august 2014

1 år har gått ♡

I dag er det 1 år sidan eg satt ved sida di og holdt deg i handa då du sovna inn ♡

Den her natta var ekstra lang det var blitt så stille, og roa hadde senka seg, smertene dine var døyvd og eg berre venta på du skulle få kvile...det var lange og vonde daga på sjukehuset, men i dag er eg glad for at eg klarte å sitte ved di side til det siste kjære svigerfar ♡ vi savna deg, og snakka om deg for å kunne ta vare på alle dei gode minna...

No er vi på den plassen du hadde det aller best ☆ på hytta like ved barndomsheimen, tenke du ser ned på oss å smila...sjølv om du kanskje ser litt morskt på alle mine små prosjekt ;) 

Ein kveld eg holdt på ute var det nesten så eg hørte deg "neeei, Anja nå må du se til å slutte for i dag...du må ta det litt med ro!" og i neste omgang "nei dø nå må du ta å gi deg, du trenge da ikke gjørra alt på en gang!!"

No har vi vore lenge her på hytta og eg har ikkje hatt ei slik ro på mange år...Vi har masse så venta oss heime, men akkurat no vil eg ikkje at dette skal ta slutt riktig enda.
Spesielt dei siste 10-11 åra før du døde hadde vi eit nært og godt forhold og no snakka vi stadig om kva vi har gjort gjennom åra...
Eg gløyme ikkje at allereie for 10-15 år sidan sa du at det måtte vere eg/vi som skulle ta over hytta. Du syns det var så kjekt at eg alltid holdt på med nåkke her som plen klipping, ordning, oppussing og vedlikehald, det fortsette eg sjølvsagt med...her er det aldri eit kjedelig øyeblikk ;)

Vi skal fortsette å snakke om deg ♡ takk for gode minne ♡♡♡
Klem -Anja-

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...