søndag 4. mars 2018

Undring kring informasjonsmøte…

…ang reinseanlegget måndag 05.03.2018 –
Vi bur midt i ein eventyrleg skatt, og den er vi pliktig å ta vare på!!...Det er faktisk ingen alternativ, dritten MÅ ut til ope hav der den best kan fordele seg over større område!!

Uansett kor mange ganga eg prøva å få tankane i andre bane eller berre legge dei vekk, så er ting fortsatt litt uforståelig for meg. Korleis kan ein terskelfjord med diverse straumningar, og varierande forhald med tanke på brevatn etc kunne klare å handtere avfallsvatn frå omlag 70000 PE!??
Det er snakk om kloakk frå store område og dette må pumpast, etterkvart som dette pumpast frå stasjon til stasjon vil det bli meir og meir finmalt som igjen vil redusere reinsegraden...Korleis kan de tenke at ein fjord skal klare å handtere så store mengde dritt, bakteriar, antibiotika, kjemikaliar og virus.
Kvifor i alle daga kan de ikkje tenke på å få dette utanfor boligområde og så nær ope hav som mulig, og så føre det med rør resten av vegen ut til ope hav!??...
Ja så på grunn av alle mine tanka har eg kokt ned til nokre spørsmål…Eg kan ikkje vere på møtet måndag, men eg skal prøve å få det med på TV eller via telefon…Men, om nokon kunne tenke seg å spørje nokre av spørsmåla mine hadde eg blitt veldig glad :D

Eg undrar litt korleis resipient-ekspert Jarle Molvær kan kome med slike uttalingar som han hadde på informasjonsmøte i 2016. Der karakteriserte han Storfjorden som ein veldig god mottakar av avløpsvatn, men han opplyste også at han ikkje hadde tatt omsyn til fiske og aktivitetar men korleis fjorden klare å ta imot og fordele dette vatnet utover…
Det vil sei at han har kome med flotte «resultat» etter utsagn som kommuna kan nytte seg av, samtidig er det ikkje vurdert det som alle saman er bekymra for, nemlig om Storfjorden er ein god resipient fordi han sei at Storfjorden er betre eigna enn det Borgundfjorden er i dag!...
Kva er grunnlaget ditt for å sei at Storfjorden er ein meget god resipient, er det berre forskjellen mellom Borgundfjorden (som er øydelagd) og Storfjorden du har tenkt!?

Storfjorden er som mange veit ein terskelfjord, det som er med slike tersklar er at sjøen er roligare enn ope hav, men ein vesentleg ting er at på grunn av terskelen vil vi ikkje få utbytting av vatn i så stor grad. Så kva med all kloakken som vil ligge å butte mot terskelen og kanskje berre drive tilbake, enkle meg ser berre at dritvatnet vil ligge å bli skyvd fram og tilbake i fjorden…ja og innimellom gå i sirkel der du har ei anna strøyming.
Det står også skreve fleire plassar at kloakkvatn og andre forureiningar ikkje bør sendast til fjordar då det vil bli liggande der i lang tid.
Så korleis meine Jarle Molvær at vi får godt nok utskifting av vatn?

Det var også snakka om korleis dette vatnet vill reagere med fjordvatnet. Ville vi ligge å bade i dette vatnet og kva med algevekst når sollyset nådde det på overflata? Då fikk vi nei, dette utslippet ville kome til botnen så det ville ikkje bli eit problem. I neste omgang snakka vi om at det ville ramme det største livet på botnen og ville dette dø? Nei, for når det kjem i havet og får same temperatur som sjøvatnet ville dette gå opp til overflata.
Så om eg har notert riktig, skjønna det eg skreiv og at hukommelsen er nogen lunde intakt så synes eg det blir tala imot seg sjølv heile vegen! 
Så kan du kanskje gi meg eit enkelt svar og fortelje kva som skjer med avløpsvatnet når det kjem ut i fjorden?

I ei tid der vi har antibiotikaresistens oppe i media og det kan bli eit stort problem litt fram i tid når vi ikkje lenger har antibiotika som kan ta knekken på ein lungebetennelse.(Antibiotikaresistens er allereie eit problem med store utfordringar, i USA døyr fleire av lavgradig infeksjoner enn aids og kreft til saman!) korleis kan vi då sende alle antibiotikarestar og virus rett i ein fjord slik at det blir konsentrert i ein liten del av område vi oppheld oss i, og ikkje minst slik at vi skal få med oss dette tilbake til middagsbordet!? 
Korleis meine du eigentleg at fjorden klare å ta seg av dette sjølv?Eg kan førestelle meg at den klare å kjempe ned ein del bakteriar for slik er naturen, men forklar meg gjerne korleis den klare å få bukt med virus, antibiotika, kjemikaliar - kvar blir desse av?

No er det slik at vi skal pumpe dritten over store avstandar og avføringa vil bli meir og meir finmalt og med det vil det bli mindre som vi klare å få ut. 
Så når vi snakka om 70% reinsing, kva blir eigentlig det rekna av, er det 70% av det faste som fortsatt er fast når det kjem fram til anlegget???

Til slutt har eg eit siste spørsmål til deg og eg vil gjerne ha eit heilt ærelg svar (Jarle Molvær)!.......Er du ikkje samd i at det beste for fjorden og naturskatten vår er at vi får dette avfallet ut til ope hav?

Hadde vore dritbra om eg kunne fått svar på desse spørsmåla...
Håpe det blir eit fint, opplysande og informativt møte for alle parta!!
-Anja-

Plasthall med dritt!??

Korleis kan eit samla kommunestyre gå inn for noko slikt utan å lufte det for naboar, utan ein liten tanke på kva område ein øydelegge med noko slikt??
Dette er lesarinnlegget eg hadde i Sulaposten 01.03.2018...
På marka rett bak Timmen vil dei plassere ein diger plasthall med dritt!!...

Det som gjer meg mest forbanna i denne saka er at Sula Kommune i si tid «trua» min bestefar med å ta området om han ikkje solgte området til kommuna for ein slikk og ingen ting for at dei skulle nytte det til skule. Etter at faren min har stelt området i over 20 år for at det ikkje skal gro att og vi skal få behanlde utsikta så kjem altså kommuna å skal plassere ein hall med dritt framføre oss!?
Eg kan ikkje skjøne denne framferda og korsen dei kan drite på oss som innbyggjera her i kommuna!! Hadde det ikkje vore for at vi bur i eit eventyrleg landskap hadde eg flytta langt vekk herifrå, men det blir vel ein realitet om dei gjennomføre planane om å forsøple og øydelegge fjorden, ja då er det ikkje meir som kan halde oss til denne perla av ein stad.
Det er fullstendig galskap det som blir gjort!!

Eg har sendt spørsmål om korleis ståa ang plasthallen er men eg får ikkje svar på mine spørsmål som er sendt inn, ja eg har fått snakka med teknisk sjef, men kvar gang eg spør om eit utfordrane spørsmål som han har problem med å gi eit skikkelig og korrekt svar på så får eg ei litt høg stemme tilbake «høyre du ikkje kva eg sei» joda eg høyre men det er fortsatt ikkje eit svar.

Det har vore ein del kommunikasjon med politikerane også på møter og facebook, og det som eg synes er betenkelig er at kven skal avgjere om spørsmål er seriøst nok for å svar på!? Det provosera meg litt at nokon skal stå framføre oss å dele linja på kva dei meine er seriøst eller ikkje, for det her er snakk om livet til oss alle ved fjorden og ikkje minst livskvaliteten til oss som skal få ein telthall med dritt i hagen. Det er ikkje få ulemper med ein slik hall ikkje berre utsikta, men lukt, gassproblematikk og støy, kva med rotter??  Å kor lenge den i tillegg skal stå er uvisst for det blir lengre for kvar gang vi snakka om den…

Men det som også bekymra meg er at de kan velje ei så enkel, ulogisk, rask, sjuk og uklok beslutning om å berre plassere noko slikt tett oppi husa våre på kommunal grunn.

Spørsmål har eg også sendt per brev til Fylkesmannen, og håpa snart på svar frå han.
Heldigvis fikk min far og mann snakke med teknisk ang ei betre plassering der de kan legge hallen inni skogen skjerma for folk og gjennomgangstraffikk, og det vil heller ikkje ta utsikta til folk…så kjem det motstand frå Krf pga kostnader med veg!? No er det på tide at de som er verna for all negative ting rundt dåkke at de kan prøve å sjå korleis dette kan bli for oss. 

Kvifor ikkje ta ein prat og diskutere dette med fylkesmannen?? 
De veit ikkje kva som vil skje om de ikkje gjer noko midlertidig, ja det er ikkje sikkert det vil få konsekvenser fordi fylkesmannen vil at det skjer noko, men om de vise til at det virkelig jobba med saken så kan det vere mulig å spare seg alle utgifter og fortsette arbeidet med den parmanente løysinga. Nytte dei pengane til utredningar for å kome fram til ei betre løysing enn der de er i dag.


Det er skuffade å vere innbyggjar i ei kommune som tek så lite omsyn til folket som bur her! Gang på gang har eg vore vitne til overgrep begådd av kommuna og lure på når tid det skal ta slut!!? Einaste positive med alt tragiske som skjer er at eg bli «inspirert» av det…

onsdag 28. februar 2018

Engasjer dåkke NO!...

Denne saka ser litt mørk ut, men vi kan ikkje gi oss før vi har fått dei til å snu...og då kan vi nyte ein sunn fjord i månelyset også i åra framover!!...

...før det er for seint!!..
Det er faktisk NO vi har all grunn til å engasjere oss i denne saka som skal behandlast i kommunene.
Eg skal innrømme at det ikkje er ofte eg engasjera meg og veffal ikkje så sterkt som i denne saka. Når det er sagt å er det no vi har muligheit til å ha ei påvirkning på kva natur vi vil omgi oss med om 20 år!!


Eg skjønna at ikkje alle vil gå rundt som ei "miljøskrulle" (og er det det som bekymra deg så er det på tide du sleppe bekymringane om kva folk trur om deg!!) samtidig vil eg sei at det er befriande deilig å ha meiningar, stå for dei, uttale dei og drite i kva folk syns om akkurat det!....
Ja, så berre drit i det ver deg sjølv og stå for det du trur på, og veffal ikkje følg straumen som trur på at ein fjord klare å ta seg av så mykje drittvatn ;) 



Det er for seint å sei ifrå, bry seg og vise at vi vil bevare vår skatt på Sunnmøre etter at dette er satt igang!!.. 
Du tenke kanskje at du ikkje har så mykje å bidra med i diskusjonen, du tenke at det er fleire som har uttalt seg, eller du tenke at du ikkje orka å engasjere deg?
Eg skal vere den første til å sei at dette er utmattande, men litt klare vi alle å bidra med...skrive under kamanje, møte opp på informasjon, sende inn eit par linje (jadda, veit at eg ikkje alltid klare å fatte meg i kortheit, men de skal vite at eg prøva og eg har verkeleg prøvd å kutte ned!).

Du skal vite at kvart eit menneske som bryr seg om naturen vår langs fjordane her på Sunnmøre - alle har rett til å bry seg om det overgrepet som dei er i ferd med å gjere!!...
Eg ser at til og med folk frå Ålesund sida engasjera seg...då må vi å Sulasida vise at dei ikkje er "aleine", og ikkje minst vi som bur på Sunde vi må ikkje dabbe av for går ikkje Ålesund og Sula saman om prosjektet på Kvasneset så kjem det tilbake på Sunde!! Begge prosjekta stanka det av og er like ille for fjorden vår
 
Sjølv om det ikkje er snakk om 70000 PE så er det heilt feil å ha utslepp til ein fjord!!...Vi må ha dette ut i havet og då må vi vise at vi meina det!!


Eg har gått å venta på når tid datoen for informasjonsmøtet til kommuna skulle vere, og sjølvsagt vart det når eg ikkje kan!! 
Det vart som å velge mellom to engasjerande ting - naturen og hundane...dei to energikjeldane som har haldt livet i meg dei siste 7 åra!! - Skulle så gjerne komt meg til møtet, men eg skal prøve å få fulgt det via kommune TV eller pr telefon...samtidig skal eg prøve å få inn nokre spørsmål, ja eg har allereie nokre eg vil ha svar på, men kanskje kjem det opp fleire når eg høyre kva dei har å sei?
Kjeme med spørsmåla mine etterkvart...
Ha ein engasjerande kveld!!
Klem -Anja-

søndag 25. februar 2018

På tide å få opp augene!...

Her kjem lesarinnlegget mitt som var i Sulaposten torsdag...

Eg klare ikkje få frå meg tanken på kva retning vi bevega oss i!...
På den eine sida skal vi vere så miljøbevisste og passe på naturen vår, ja vi vil bruke dyre skip som ligg i opplag til å reinse fjordane, kysten og havet for all plasten (det er jo veldig bra!) men, samtidig skal vi pøse på med drittvatn i ein smal fjord!

Høyrde på radioen for litt sidan at det no var snakk om kutt i turistskiptrafikken på grunn av kutt i utslipp av gråvatn…så her vil Norge tape ein god del inntekter pga utslepp, samtidig som vi sjølve skal forureine og øydelegge fjorden i staden for å få det ut til ope hav som trass alt har betre forutsetning for å ta imot og kunne handtere så store mengde avfall. Som den enkle sjela eg er så klare eg berre ikkje sjå logikken her!?
Om vi skal sleppe ut så mykje forureina vatn ved Kvasneset (eller Sunde om det blir kun for Sula) så vil det samtidig ikkje berre svekke Storfjorden, men i høg grad råke Hjørundfjorden som ligge med munninga open og klar til å verte svekka. Hjørundfjorden som eg (heil objektivt sett sjølvsagt :) ) ser på som verdas vakraste fjord!!
Har vi verkeleg samvittigheit til å starte rasseringa på Sunnmøres og kanskje Noregs flottaste stad?? 

No er det på tide at politikarane får opp augne og då må dei høyre på dei som bur her, og ein del har satt seg inn i dette å kan faktisk litt om det både fagleg og ufagleg. Slutt å høyr på ei solskinshistorie presentert av nokon som gjerne skulle ha fått på plass anlegget i går!! Det er ikkje enkelt å vere politikar når du får kun positive side ved eit anlegg, sluke orda som blir lagt fram for deg og dermed ta ukloke avgjerelsar på feil grunnlag.
Dette merka eg for to år sidan då eg gjekk frå hus til hus og stod på Spar Eidsnes for å få underskrifter. Der vart eg avfeid av fleire som meinte at silanlegget som først var planlagt og omtala som reinseanlegg var supert!! Prøvde å forklare at det var feil bruk av ordet reinsing, men eg snakka til døve øyrer den gang, men eg håpa og trur folk no har fått augne opp og trur dei no har innsett galskapen.

Eg vil også understreke noko forskar og marinbiolog Ketil Hylland kom med: «…det er viktig at det ikkje er miljøgifter i utsleppet, og at vassutskiftinga er tilstrekkjeleg relatert til utsleppet sitt voulm. Det kan og bør modellerast.» Akkurat det som er i vatnet som går i vasken og toalettet som medisinrestar, kjemikalier, vaskemiddel, antibiotika, og bakteriar vil gå ut i fjorden vår og sakte men sikkert bryte den ned og livet vil sakte dø. Ikkje minst i dagens samfunn når vi snakka om antibiotikaresistens så burde vi sjølvsagt få dette til havet over eit større område som har heilt andre muligheiter til å ta imot enn rett i matfatet våra.
Elles var eg sikkert frekk på informasjonsmøte då eg spurde om kven som tok notatar for eg såg ingen som gjorde det, og klok av skade frå to år tilbake så var det også sagt at dei tok det med tilbake, men ingen ting av det vi sa vart tatt omsyn til.
Så kom eg med eit spørsmål til for dei hadde vanska med å svare på det vi kom med… «ta notat, og send svar til Sulaposten slik vi får lese». Men, ikkje det heller hørte dei på og dermed har vi ikkje fått svar på spørsmåla våre.
Det eg i ettertid synes var «leit» er at vi fikk ei regle frå teknisk om at vi var både ufine og dei følte seg urettferdig behandla. Ærlig talt det er de i kommuna som kjem med slik informasjon og vil øydeleggje fjordområda og livskvaliteten til folk, då er det vel kanskje vi som skal føle oss både krenka og urettferdig behandla.
Eg har fortsatt eit skrikande ønske om at de i kommuna vil dele informasjon både om det permanente anlegget men ikkje minst det midlertidige som de planlegge på Sunde!! Her må de politikera ta omsyn til innbyggjerane og ikkje tenke krone og øyre, for å plassere ein plasthall med dritt i hagen til folk og rett framføre den vakraste utsikta av dei alle!? Jørn Agersborg sa at Sula bør kome med plana om anlegg, og bør kome med ei midlertidig løysing – det er forskjell på bør og skal så her kan de mulig forhandle med Fylkesmannen.
Etter snart 30 år med dritt rett i fjorden kva har nokre få år til å seie? Det er ikkje vår skuld at politikerane i Sula har vore så sløve i denne saka her! Ja å som eg har sagt så mange ganga før skjøna eg liksom ikkje kva som er best, å svømme mellom kammar og dasspapir eller svømme i dritten ingen ser!?
Når vi ser det veit vi at det er der og alt vi ikkje ser er faktisk meir skremmande!!
Vi må ta vare på naturen for dei som kjem etter oss...Vi kan ikkje redde Borgundfjorden med å forureinse ein ny fjord!! Det er ikkje berre å ta fram malingsrulla og pussa den opp om 20-30 år for så enkelt er det berre ikkje.
Eg håpa at alle er interessert at vi skal bevare fjordane våre og ta vare på det vi er så stolte av! Kva er vel grunnen for at vi bur her vi gjer? Trur ikkje det er pga alle dei herlige vindstille solskinsdagane!?
Å skulle berge fjorden og bygge nytt anlegg på ein betre eigna plass om 15-20 år kan ikkje vere lønsamt.
Personleg så drite eg faktisk i om anlegget kjem på Sunde eller Kvasnes for begge alternativa er like dårlig for skatten vi bur i og ikkje minst fjorden vår!! – Denne saka stinka det av, men de har fortsatt muligheit til å rette opp i den store feilen de mulig er med på å begå!!
Må beklaga eit rivande engasjement, men vi har berre ein natur…


Til slutt vil eg gi «politikera» ei opplysing…Det blir sagt at «vi» kan kome med innspel og spørsmål men det er så veldig viktig å forhalde seg sakleg. Så ser eg i diskusjon på facebook at det er nett dei som skrike om at vi skal vere så pertentleg som ikkje klare å vere det sjølv. Ein kan jaggu ikkje samanlikne ein stor plasthall som inneheld kloakk plassert rett ved hagen og husa til folk, med ein lastebil og eit til sals skilt!!...

Ønska alle ein kloakkfri dag!!
Klem -Anja-

3 år sidan...

...min 3`dje operasjon som vart utført på Ullevål i dag!...

Dette posta eg på instagram 1 år etter operasjonen på Ullevål som var for tre år sidan i dag...Smerter, tur, trening, meistring og ikkje minst det å lære seg å leve med kroniske store smerter!!...

Ein operasjon som eg håpte skulle prøve å få meg litt tilbake slik eg kunne nærme meg der eg var før første operasjon. Eg håpte den skulle "virke" betre enn den gjorde, men alt må nesten vere uprøvd slik situasjonen har blitt. 
Eg unna ingen å gå gjennom ein operasjon der du er lovd å skulle bli bra, ja sjølv når eg spurte om komplikasjonar så fikk eg til svar at det kun var snakk om at eg kunne blø ihjel om dei traff hovedpulsåra, men den sjansen var så liten at det skulle eg ikkje tenke på. At eg kunne bli så mykje vere i ryggen og ein nerveskada fot hadde eg aldri trudd skulle skje!!
Eg kan vere bitter når eg ser tilbake, og veffal på korleis dei på Ålesund sjukehus har takla det i etterkant, men eg kan ikkje gå å vere bitter i kvardagen for det hjelpe meg veldig lite. Eg må berre passe på å gjere øvingar, gå tura og klare det som eg har satt opp for i det heile halde meg oppegåande. Men i det siste har eg kjend på ein frustrasjon der smertene helde på å få overtaket og då må eg berre mobilisere og finne meg små delmål som gjer at eg får den lille energien eg treng for å gjennomføre tur og trening slik at eg er litt sterkare for kvar dag. Ikkje minst få små mål med opplevingar undervegs...eg har mykje som hjelpe meg å sjå positivt framover no i vår og eg gler meg!!

Litt mindre smerte skulle eg tenkt meg, litt mindre utmatta, og dei andre bivirkningane som kom etter operasjon 1!!...For å ikkje få sove skikkelig og nattesvette er utmattande i seg sjølv, ja og ganske utidig spør du meg ;) 
Dette bildet vart tatt ein dag motivasjonen for øvingar var heilt på botn...men ein tur på fjellet og øvingar der når eg var varm gjor at det vart litt denne dagen også ;)
Ikkje gi opp!...Uansett dag så klare du å gjere ein øvelse!!...
Ein må berre jobbe med seg sjølv slik at ein kan bli litt sterkare. Å sluntre unna ein dag no og då er ikkje bra!...

Det som forundra meg er at det fortsatt er nokon som operera med lovnad om at folk skal bli heilt bra!! At dei ikkje ser på kor alvorlig det kan bli om nokon ikkje er like heldig med slik skiveprotese operasjon...Det er ikkje utan grunn at ein del offentlege sjukehus har begynt å sei nei til slike operasjonar, det er ikkje fordi dei ikkje vil hjelpe deg, men dei skåna deg om du faktisk skal vere uheldig å få slike komplikasjonar så høyr kva dei beste i Norge sei og vere kritisk til inngrep...det kan faktisk redde livskvaliteten din!!

Husk...Livet er no og du må gjere det beste utav det, å starte treninga og bevegelse er vondt og det vil gjere vondt lenge, men i det lange løp gjer det deg godt og du blir sterkare!! Tren riktig indre muskulatur over tid og ver nøysam og du vil sjå at det vil bli betre!!

Tren litt kvar dag for det er den beste vegen til målet!!
Klem -Anja-

torsdag 15. februar 2018

Heilt klart!!

...Keesha er heilt klart drektig og har lagt seg godt ut allereie!!
Vi går berre spent å venta, ser fram og gler oss til valper som skal kome rundt 10. mars. Det er no bikka tre veker igjen til termin og det bruka å gå litt for fort.
 Keesha 5 veker og 1 dag drektig og vise allereie stor mage...
Tok bilde av ho fem veker og 1 dag drektig, og fleire bilde kjeme det av ho!!
Er så spent på kva som skjule seg inn i denne herlige hunden!!

Er du interessert i ein valp eventuelt kunne det vere ønskelig med valp, eller å ha eit samarbeide med oss om forvert ta gjerne kontakt med oss!!...
Klem -Anja-

onsdag 14. februar 2018

Kommunestyret Sula Kommune 14.02.2018

...Eg kom akkurat heim frå Kommunestyremøtet som var/er no i kveld. Ville vere der under spørsmålsrunda då det gjekk rykte om spørsmål ang kloakken skulle kome.

Starta med at Jan Magnar Sandvik stilte spørsmål på vegne av Miljøpartiet v/Håvard Lien.
Først var det spurd om kva reinsekrav Sula jobba med å få på dette anlegget då det kunne høyres ut til at Ålesund Kommune vil søke om primærreinsing og kva tenke Sula om det?
Fikk til svar at Sula jobba mot dei reinsekrava som dei har vedteke i sak 107/16(?) alternativ C - sekundærreinsing.
Det vanskelige her er at dei surra saman Kvasneset og Sunde slik at vi på ein måte skal miste tråden i det dei helde på med. Dei gløyme at skal dei gå for anlegg på Sunde så må dei gå gjennom vedtaket på nytt pga at vi har levert inn underskrifter på det og at vedataket er tatt på feil grunnlag!

Så kjem spørsmål om kvifor dei landa på Kvasneset?
Her svara ordføraren ein del svada og kjem med smålige svar om korleis dei har vurdert det...vart heilt satt ut og klare ikkje heilt gjengi det han mumla.

Som tredje punkt ville dei høyre om utgreiingane om straumningane i fjorden. 
Til svar kjem dei med at dei vil sjekke det sommaren 2018 etter eit eventuelt vedtak vert fatta!!
Ubegripelig og straumningsforhalda bør sjekkast over tid så kan ikkje forstå korleis dei kan gjere dette etter eit vedtak.

Så spør dei om kva som vil skje om dei ser at resipienten ikkje er så god som dei går ut ifrå no?
Dei  vil tilpasse renseprosessen om dei ser at resipienten er dårlegare enn først antatt.
Eg synes det er lavmål berre å uttale det for då snakka vi om store kostnader og vil tru det er heilt klart billigare å legge nåkken ekstra lengde med røyr til ope hav istadenfor ekstra reinsing, og påføre fjorden dette.

Sist ville dei høyre kva reaksjonar som vil kome frå Fylkesmannen.
Ved manglande framdrift er det snakk om sanksjonar, men kva sanksjonar veit dei ikkje, men det er snakk om kroner og det kan bli dyrt. Det skulle vore ferdig i 2015.
Men, her kan eg heller ikkje sjå det store problemet for det skjer noko og det er ikkje meininga å bruke det som ei sovepute, men kome fram til det aller beste alternativet! Når vi snakka om når tid det skulle vere på plass burde det vel vere allereie i 1995 vil eg tru!!

Elles kunne ordføraren tilføye at dei skal prøve å samle inn til nytt informasjonsmøte før kommunestyremøtet 22.03.21018 - der vil dei ta med ekspertise som kan svare på spørsmål.

Jan Magnar fulgte opp med eit spørsmål der han påpeika at det kanskje burde vere utredningar FØR avgjerelsar?
- Det foregår analyser også har dei rapporten til Jarle Molvær...Straumningane går x grader og dermed rett ut mot havet var den siste opplysninga om straumane ordføraren kunne kome med - ja eg lure på om det er flyfoto som har gitt han det eller om han har vore nede å svømt under vannflata?
JMS ville høyre om det dei pr i dag veit om målingar blir skriftleg lagt til i saka?
Det fekk han eit ja på...

Sulalista ved Olav Hoff kom også med spørsmål og noko var kanskje litt det han hadde fått svar på.
Men han har spørsmål til dette då det klart har kome skepsis ang å bygge anlegget på Kvasneset og dei store utsleppa til Storfjorden. Det er klart at det er spørsmål som ikkje er ferdig utreda.
Er dette miljømessig forsvarleg?
Er det alternativ til desse planane?
Kva med det tidligare anlegget på Molvær? Er dette vurdert - få røyr tilstrekkelig langt vest forbi Eltrane og ut mot ope hav?
Kan det ikkje vere fornuftig å legge dette til den staden som det er knytt flest personar til?
Olav Hoff kjem med så mange gode spørsmål som dei skulle gått grundig gjennom og vurdert så ser dei fort at han er på rett veg.
No snakka eg ikkje om at vi skal utbygge og forbetre det anlegget som ligg på Molvær for det kan sjølvsagt verte ei belastning for dei rundt så eg vil at dei utreda ut forbi Sandvika der det ikkje bur folk!!
Eg meina at spørsmåla her absolutt må gåast gjennom og vurderast på den beste måte!

Til svar kunne ordføraren kome med at straumningane er kartlagt av Statens Vegvesen - Moledata og rapport skal foreligge.
Om dei skal gå saman med Ålesund om eit fellesanlegg på Kvasneset så skal det kome fleire målingar, Sintef skal stå for dette.
Avløpsvatn skal ikkje nå strender eller vannoverflata...Då spør eg korleis dei kan sei dette når fagfolk har uttalt at dei pumpa ut vatnet på botnen så vil det stige til overflata når det får same temperatur som sjøvatnet?
Om anlegget på Molvær kan vere forsvarleg hadde han litt  sei om.
I 2012 var det å ta stilling til to anlegg eit på Sunde og eit på Molvær, men etter vedtaket fann administrasjonen ut at eit anlegg for heile Sula skulle vere tilstrekkelig for Sula Kommune. Kvifor dei gjekk for Sunde og ikkje Molvær var fordi Borgundfjorden var ein dårligare resipient.
Samtidig er det dumt å legge beslag på eit sentrumsnært område som kan nyttast til andre foremål.
Her haldt eg på å svelge tunga mi!! Eg måtte bruke all kraft og indre styrke for å klare å halde kjeft!! Men stille rista eg på hovudet og lurte på kva tanka dei kan ha og om at det ikkje er mulig med litt sunn fornuft!?
Det gjer meg så provosert at dei som står for det meste av dritten villig ønska å øydelegge fjorden istadefor å få dette ut til ope hav! Kvifor skal eit fåtal av innbyggjerane bli råka av dritten frå så mange? Det er greit så lenge det ikkje er i Langevåg?
Det må vel kunne tenke at ein bruka anlegget som står i dag som ein pumpestasjon for å få kloakken vidare ut mot eit større anlegg vest for Sandvika utanfor bebyggelse? 
Om det ikkje blir vedtak på eit samarbeid med Ålesund MÅ Sula gjennom nytt vedtak ang eit eige anlegg både med tanke på underskriftene men faktisk mest på eit vedtak som ikkje er slik det ført var sagt!!
Gale å legge beslag på eit område i Langevåg, men kva med å ta heile indrefileen av øya!?? Ikkje minst øydelegge fjorden for å folk i Langevåg skal bli skåna for å få "bakdelar" i nærområdet!? Eg blir provosert om det er slik ei kommune drivast på!!...

Beklaga litt rotete og alt for "engasjert" innlegg, men det her frustrera meg meir enn nokon mulig kan ane...Eg lure på korleis folk i det heile tatt kan stemme for dette, det er logisk tankegang at dette må ut mot havet og ikkje minst pumpe mest mulig av dritten kortast veg. Vi klare aldri å reinse 70% om kammaren til fru Norman skal pumpast frå Sandvika og inn på Kvasneset!!...
No må vi opne augene før katastrofa vert vedtatt!! Ver så snill som folkevald og politikar det er no du må bruke hovudet ditt!!
Ha ein engasjerande kveld!!
Klem -Anja-

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...