fredag 20. mars 2020

Hageprosjekt

Noko av den beste energikjelda finn eg fram på ein fin dag i hagen saman med hundane...Jadda, det er Cherox, Lavendel, jord på beina og rundt om 30 grader ;)

I dag 20. mars 2020 er det vårjamdøgn som vil sei at det er likelang natt og dag over heile kloda vår. No er våren endeleg igang og vi kan sjå fram imot lengre dagar og kortare netter...Eg håpa at no at etter fleire månader med regn så kan vi få litt sol slik at hagen kan få tørke opp og eg kan få rydde i det som var ferdig og det som ikkje var heilt på plass før hauststormane sat inn. Det treng sikkert ikkje nærare forklaring korleis hagen ser ut i dag!(?)..

Eg har den siste tida hatt fleire ting eg burde gjort, men eg har jobba meg gjennom nokre skikkeleg låke veke, men no begynne det å løyse seg...heldigvis, for vi er no i ei uverkeleg tid og då er det godt å kunne litt rusta til å få lov til å begynne å pussle litt i hagen om veret vil spele litt på lag.
For det er nok av ting eg har drøymd om gjennom denne "sure" vintaren, og eg har lengta fram imot vår og sommar med opptørka mark som fortsatt likna meir enn jordåker...

Tok fram igjen nokre bilete frå i fjor, og dei vise litt av prosjekta som var under arbeid. Eg tenke eg vil heilt klart ha litt arbeid framføre meg før det ser slik ut igjen, men det blir digg!! 


Det her var asså sommerens «store» prosjekt, ja det er godt å ha eit prosjekt eller to i løpet av sommaren, innimellom tek det kanskje litt tid, men blir ofte bra til slutt...


Prosjek 2...den andre sida..!!
Den skulle ikkje begynnast på før vår og sommar 2020!! Ja, det var veffal planen...
Her på andre sida har eg berre latt det spire og gro for den skulle eg kanskje gå igang på den her komande sommaren, men neida eg fekk sjølvsagt ein fiks ide eg såg ei lita gravemaskin........
Kjerringa bak spakane for første gang...øving gjer meister og eg kunne tenkt meg å prøve igjen. Veldig lett å rassere heile hagen med ei slik, men eg må huske at det tek mykje lengre tid å lappe den saman igjen!! 
Som de ser var (og er) det mykje jobb, men med bruk av tid og god hjelpera går det meste...

Sikkert ikkje vanskeleg å skjønne at eg gler meg til å ta fatt på å klippe roser, lavendel, rydda vekk rusket etter dvalen og ikkje minst få ferdig det eg ikkje rakk akkurat her. Så blir det kanskje eit lite prosjekt til eller to...eg får nok berre sjå kva tida bringe.
Prøv å nyt tida så godt som mulig og ta fram dei positive augeblikka i den nye kvardagen
Klem -Anja-

mandag 9. mars 2020

Tur med valpen..!?

Eg har ein del som spør meg om kva som er grei mosjon for valpen etterkvart som den vekse til..!(?)
Her er det mulig like mange svar som det fins meiningar, men eg har alltid sagt at vi skal ta omsyn til eit mjukt skjelett i vekst.
Valpen skal få bevege seg rundt om, få bygge muskulatur og bli trygg på diverse underlag og i ulike miljø. Men, vi MÅ tenke at dette er ein skjør baby i hurtig vekst som gjer at det er vi som må begrense valpen slik den ikkje får for stor belastning.
Det er ei rivande utvikling dei første vekene og måndadane, ja det første året er ei enorm reise for valpen til ferdig utvikla hund. Det er for meg ei sjølvfølgje at vi må ta omsyn til dette og difor blir eg heilt fortvilt når eg ser folk kjem opp eller nedover det lille Leirvågfjellet med små valpa!! Ja, turen er ikkje lang, men det er ei for stor belastning for valpane å gå spesielt i dei bratte partia nedover.  
Heilt nye i livet og dei er fantastisk frå første augekast. 
Det er ingenting eg heller ønska enn at alle disse små skattane som fødast her med oss, skal få vekse opp i ein god heim der dei er godt rusta for eit langt og lykkeleg liv...

Tur er så mangt, men når folk absolutt vil ha klare linje på tur så sei eg at mykje av mosjonen får mine valpa i hagen rundt huset. Vi går også ned til sjøen og inn i skogen, så går vi i band ut til vegen og får inntrykk av trafikken. Lengde på turen er ca 10 minutt auking for kvar månad...ved 3 månader er det i band ca. 10 minutt, så kan du auke den lengda med 10 minutt pr månad!! 
Eg går absolutt IKKJE i sti på fjellet før hunden har blitt 12 månader, unntak er om det er ein fin og slakk veg oppover og då kan det vere frå den er 9-10 månader. 
Valpen skal lære å gå i trapper, men den skal ikkje ha dagens mosjon der, det vil sei at den ikkje skal springe opp og ned som eit tidsfordriv.
Sykkel og skigåing er IKKJE før hunden er sunn og sterk i kroppen, minimum 18 månader!

Ein legge grunnlaget for korleis hunden skal vere for framtida dei første månadane. For høgt aktivitetsnivå på ein valp i utvikling kan også slå seg ut på den måten at ein kan få ein meir uroleg og stressa hund, men ikkje minst belastningsskadar, HD og AD etc.
Så eg oppmodar alle til å følgje råd dei får frå oppdrettar, og er de usikker så ta kontakt og spør. Eg sende med valpekjøpera ein perm med ein del informasjon og der står det også om mosjonering av valpen/hunden.

Mange vil ut på tur og gjerne ha valpen med, men då vil eg anbefale å ta valpen i ein ransel eller pulk slik at du spara kroppen til den lille «babyen» din...husk det er ein grunn til at babyar ikkje skal sitte for tidleg, støttas opp med puter eller stå med belastning for tidleg. Det er også slik for små valpa, dei er berre av mjuk brusk enda som du er med på og bestemme korleis skal få utvikle seg. Helse og sjukdom kjem an på arv, men ofte veldig avhengig av miljø og foring for korleis det blir...
Miljøtrening er viktig, veldig viktig men det kjem alltid an på kva mengde den blir belasta med.

Det er vi som skal passe på at disse herlige potane ikkje får for stor belastning gjennom oppveksten...

Samtidig er det mange som lar valpen få leike saman med andre hundar/valpar. Dette går ofte bra, men eg passa alltid på om den skal møte ein unghund som er full av energi, litt ukontrollert og kanskje litt tøff. Det kan fort bli for røft for ein liten valp og skadar oppstår lett, så husk å ta omsyn til kvar valpen er i vekst når den skal gjennom kvardagen.
Om du synes valpen virka å ha for mykje energi så la den få bruke hovudet og på den måten vil valpen bli trøtt og sliten utan at du «sprenge den»...

Valpane har godt av å prøve seg i ulendt terreng, men der det er mykje snø bør vi ikkje la dei få gå for lenge i for høg snø...


Ei stor knippe lykkepillera som forhåpentlegvis skal berike mange familar med glede, godt innhald og terapi i mange år...men, dei er alltid avhengig av at vi som oppdrettar prøva å ta så gode kombinasjonar som mulig, men ikkje minst at dei får gode oppvekstvillkår...

 
 Gleda når ein hund har vekse opp og er i god form til å takle fjelltura og andre ting du vil ha den med på.
Valp er sjølvsagt ein risiko og som ein valpekjøpar sa; Det er som å spille lotto for du veit ikkje korleis valpen blir når den blir vaksen...
Så tør du ikkje ta "risikoen" det er med å ha valp så kanskje bør du kjøpe ein vaksen og frisk hund...

Det her er kanskje mykje å tenke over, men om ein berre har det i bakhovudet så går det som regel greit. Det er ikkje ei formaning, men alt eg ønska er at de passa spesielt på valpen din i vekst...
Klem -Anja-

lørdag 7. mars 2020

Oooh La La La

Herligste «Abi» Kvasneset’s Oooh La La La er 2 år i dag 💖 


Heilt utrulig kor fort tida går, og ikkje minst spesielt at eg sat eller låg på eit hotellrom i London og fulgte med på fødselen heime. I tåka tok eg med meg Joey på toget, så undergrunnen og stoppa av alle ting på Oxford Circus og endte opp midt på Oxford Street!! I og med O-kullet nett var fødd var det ei fin tispe i Tromsø, Keela som på papiret heite Kvasneset’s Oxford Street 🐾 Gratulere alle i O-kullet med dagen..!!! 

Dette kullet er etter «Keesha» - Kvasneset's In Case Of Christmas som er etter SEU(u)CH NOUCH C.I.E. WW-14 DKV-14 JEUW-13 Caci's Hit The Road Jack «Rebus» x Kvasneset's Himmelske Honoria «Nora»
Faren det er «Blossi» - VDHCH Silkmann`s castle No One`s Better No 5 som er etter C.I.E. SEU(u)CH NOUCH SEVCH KBHV-09 EUW-10-11 WW-10 Caci's A Boy Like Daddy «Ryan» x VDH CH Elding`s Fire No.8 Of Silkmann`s Castle «Hrapa»

  
Noko av det eg likar så godt å gjere er å planlegge for framtida, sette til live nye kombinasjonar som forhåpentlegvis kan tilføre rasen gode individ. Det gir liksom livet for meg meining og eg er veldig glad i det, og når ein gjer ting ein både lika og blir glad av ja då er det ein fin måte å leve livet på...
Det er så viktig å gjere ting som gir deg glede og eit fint og innhaldsrikt liv 💖
Klem -Anja-


Det er slutt...

...Har du også fått det med deg? Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. april til og med 20. august... Etter ein lang periode er det n...