mandag 7. september 2026

Tur til Knutshøe

Vi tenkjer vel alle at det kunne vore greitt å gå litt meir i Jotunheimen – og kva er vel betre enn å kombinere det med musikk?


Vi har hatt lyst til å gå denne turen lenge. Difor var han raskt på blokka då vi planla den aller fyrste utgåva av «Tons til Fjells». Programmet for helga var innhaldsrikt, og vi måtte sjølvsagt nytte høvet til å gå saman med ein kjentmann når vi fyrst hadde sjansen.

Thorbjørn stilte opp som kjentmann frå DNT. Han delte mykje spennande informasjon og passa på at vi tok gode pauser undervegs. Sidan vi var mange som ville bli med, fekk vi også med oss Lea som turleiar. Samla sett vart vi ein gjeng på ni flotte folk som hadde det heilt supert! :)

Rundturen til Knutshøe via Leirungdalen var kjempefin og gjekk i greitt terreng. Men turen er lang. «Heimvegen» er faktisk lengre enn etappen opp til sjølve toppen. Det er uansett verdt å få med seg heile rundturen, og eg vil absolutt tilrå å gå opp fyrst, sjølv om turen tilbake langs elva vart dryg.


Det er nemleg eit klyveparti der som eg ikkje ville ha likt å gå ned att. Då vi kom til «veggen», vart eg faktisk litt svimmel av å sjå opp. Heldigvis var det gode tak og heilt greitt å klyve – det såg heldigvis verre ut enn det var!

Her kjem nokre bilete som viser kor steike vakkert det var på veg opp. Eg må berre innrømme at tårene kom då eg fekk sjå den vakre, fargerike paletten for fyrste gong. Det vart starten på ei særs rørande helg ...

Trykk på bileta for å sjå dei i større format.
Dagen starta frå hytta til foreldra våre i Uksfossen ved Tesse, og Rasmus veldig klar for å vere på hytta med besten og besten...
Ved starten ser eigentleg Knutshøe ganske så liten ut...

Fjellmarikåpe som fleire stadar hadde godt feste i dei harde, vakre og sterke fjella...
Akkurat her var eg glad vi måtte gå opp og ikkje ned!! Kjæresten min tok ein liten kamp i starten av denne veggen her - som resulterte i at eg slapp å gå opp utan sekk på ryggen...

Det vart gode tekniske stopp undervegs, med spennande informasjon om både fjell og flora. I sekken hadde vi med oss mykje godt – og ikkje minst fyrstekake, som gav perfekt energi til ein lang dag i fjellet...
Bileta av meg og Kristian er teken av Stig...
Utruleg å sjå alt som veks i fjellet så høgt oppe.
Vakkert er det å sjå dei blå klokkene som står der høgt oppe under ei lita steinhytte, kanskje i le for det verste vêret.
Med sine tynne stilkar og fine blå blomar står dei i kontrast til dei massive fjella.
Bileta av oss fire er teken av turleiar Lea...
«SØSTRA MI»

Litt lengre og større enn det ser ut i starten...
Det vart nokre omvegar på veg ned då hoppet til neste trinn ikkje skulle bli for stort – sikrare det enn å risikere eit solid mageplask! Vi landa alle trygt og heldt fram med å manøvrere oss nedover mot fossen og bort langs elva.

Turen til Knutshøe med rundtur via Leirungdalen vart ein kjempefin opplevelse i greitt terreng. Det vart likevel ein lang tur, då «heimvegen» faktisk er lengre enn sjølve turen opp til toppen. Eg er veldig glad for at vi fekk med oss heile rundturen. Sjølv om vegen tilbake langs elva vart litt lang, ville eg definitivt gått opp ryggen først. Det var nemleg eit klyveparti der som eg ikkje hadde hatt lyst til å gå ned att. Då vi stod føre den bratte «veggen», vart eg fyrst litt svimmel av å sjå opp. Det viste seg likevel å vere gode tak og heilt greitt å klyve opp – så det såg heldigvis verre ut enn det var! 



Ein utruleg fin tur og ein fantastisk start på ei magisk helg! Vi starta rundt ti, og med siste biletet teke kl. 17.20 fekk vi om lag sju herlege timar i fjellet.
På denne turen har eg både smilt, felt tårer, prata og flira. Eg har hatt ei fantastisk tid saman med både mine kjære og nye, fine bekjentskap!
Det var ekstra moro å høyre kva Irja og Stig kviskra til kvarandre då folk byrja å bli møre i beina og lengta etter bilen: «Er det framleis Anja som går der bak og tyt!?»

Knutshøe i godt selskap er herleg og kan verkeleg anbefalast! ♥

Klem -Anja-




Vi hadde ikkje gått lenge før vi såg eit skilt om bandtvang – eit ganske alvorleg eitt. 
Så difor må eg kome med litt vaksenkjeft til 5-6 godt vaksne folk som satt på oransje vestar på hundane ved parkeringa.

Heldigvis kan vi som har retrievere klarer å sleppe hunden akkurat når vi har behov for det. Dei held seg stort sett rundt beina våre og går fint imellom oss, retrieverane er stort sett slik så det kunne eg gjort. 
MEN, dei som let ståande fuglehundar springe laus i fjellet der det er hekkande kongeørn, har eg null respekt for! Vi alle såg kor dei flaug i fjellet for ein hund som eventuelt går i langline, spring ikkje på den måten.
Eg burde ha lese skiltet betre før eg gjekk, for der står det at eg burde ringt politiet...Will do next time!! 

mandag 31. august 2026

Endeleg bekrefta

Frøya konstatert drektig med UL 31.august 2026...

...det er kvalpar på veg og det ser ut til at det kan komme ein liten flokk små potar med store hjarte!

Då kan vi verkeleg berre begynne å sjå fram imot kvalpane og håpe denne kombinasjonen vil gi oss gode representantar for denne flotte rasen!

Fineste Loke på Leirvågfjellet og i Geiranger i Juli 2026...
Frøya i Sandefjord sommaren 2024...

Eg ønsker alltid å finne hundar som er ein god match og forhåpentlegvis vil gi eit jamnt kull der helse, mentalitet, eksteriør og brukseigenskapar går hand i hand. 

Loke har eg vore så heldig å bli kjent med og han er ein fantastisk fin fyr som er lett å trene, herlig å omgås, har vore frisk heile livet og ikkje minst er han ein vakker flat med ei stamtavle som ikkje er overrepresentert. 

Frøya har mykje av det same og er tvers gjennom ei herleg tispe, ganske lik både si mora og sin faren...

Les meir om kombinasjoner her!!

Det kribla litt ekstra når eg tenker på det, men ikkje berre for at det endeleg blir kvalpa, men at dei ikkje skal fødast og bu her saman med meg dei første vekene av livet...

Kvalpane skal få ein superfin start og eg gleda meg stort til å følgje dei ♥

Klem -Anja-

fredag 28. august 2026

H.M. Kong Harald V ♥ 1937 – 2026

Til minne om ein riktig god mann - seglaren, hundemannen, naturmannen...vår tidligare konge - 
H.M. Kong Harald V ♥ 1937 – 2026

Det er med stor og særs djup sorg at vår kjære konge, ja ein bestefar og riktig god mann for heile landet, har gått bort.

Eg og vi kjenne på ei stor sorg i dag, men ikkje minst går tankane mine til dei han var ein ektemann, ein pappa, ein bestefar av blodet og ein lillebror for ♥


Oppgåva du skulle gjere var stor, du var stor.

Du gjorde rolla endå større ved å vere den flotte kongen, den gode mannen du viste i tankane gjennom talar, i handling som den varme og personlege mannen du var, og ein som alle tok til seg. 

Du har vore der for alle, og særskilt dei svake og dei som står utanfor. Du var stor ♥


Du stod i oppgåva heilt til det siste, og det viser kva mann, skikkelse og konge for folket du var.

Alt for Noreg - og det har du vist oss alle at du var…

Skuta du segla så stødig til vanns og til lands - den losa du trygt i hamn og har no overlatt henne med rikt innhald til vår nye konge!


Vi - landet ditt - seglar vidare rikare etter å ha hatt deg som vårt overhovud i ein institusjon som har vist alle kven og kva Noreg er. 

Takk for alt er på sin rett i dag - for du gav oss verkeleg alt. Du ga med di kjensleladde innleving, din varme, kunnskap, openheit, humor og inkludering med stor styrke i den rolla du var født inn i. 

 

 Sola har no senka seg for deg ein aller siste gong...

Din siste tur er gjort - du stod i plikta heilt inn til det siste...


Du har vist og sagt til oss gjennom år at vi skal vise fram det beste i oss sjølve, og det håpar eg vi klarer å ta med oss vidare, og ikkje berre no som sorga er så stor ♥ 


No skal vi alle få ta inn over oss det som er forbi, og leve med minna om den fantastiske rolla du fylte frå fødsel og heilt fram til din død - slekt følgjer slekters gang 🤍

Måtte den nye kongen vår gå stødig inn i rolla som den personen han er. Det er godt å ha nokon som er samlande uansett kven vi er i landet, kva hudfarge vi har, kva farge som fargar den politiske tilhøyrsla vår, religion eller kven vi framstår som. 

Vi er heldige som har ein monark som er der på tvers av alt, og som er upolitisk og samlande i staden for å splitte...


Sist veke i Slottsparken då eg var ein tur til Oslo...


TAKK FOR ALT ♥♥♥


I dag er ein dag fylt med sorg, men også ei stor takksemd for den kongen du var for oss ♥


«KONGEN ER DØD - LEVE KONGEN!» det er noko sterkt i dette...

Lukke til i di nye rolle - 

Hans Majestet Kong Haakon VIII - Alt for Norge ♥


Klem -Anja-



fredag 21. august 2026

Det er slutt...

...Har du også fått det med deg?

Den generelle bandtvangen i Norge er frå 1. april til og med 20. august...


Etter ein lang periode er det no slutt, og det er mange ulike kjensler knytt til det. Nokon er letta og glade for at «friheita» endeleg er tilbake, slik at vi kan trene hund og ha den/dei litt laus på tur. Sjølv er eg glad for at eg kan gå i hagen min igjen – utanfor den inngjerda delen – saman med hundane, utan å vera bekymra for rådyrkalvane og det andre dyrelivet som ikkje skal bli forstyrra.

No går vi inn i ei tid med pur glede for dei firbeinte...

Men det er ein del som ikkje synest det er stas med lause hundar. Så vi må ta omsyn til dei rundt oss og gi omgivnadane inntrykk av at vi som hundeeigar faktisk er ok folk!

Om du oppfører deg som ein elendig eigar går det utover oss alle.


Vi må hugsa på at når vi no kan sleppe hundane, så betyr ikkje det «ute av kontroll». Du er pålagd etter lova å ha kontroll på hunden heile tida. Jau då, vi snakkar om levande dyr, og uhell og uventa situasjonar kan oppstå, men alt i alt skal dei vere under kontroll.

I dag er det uansett slutt på den generelle bandtvangen i landet. Men kvar enkelt kommune kan ha eigne reglar for utvida bandtvang på nokre stader, så sjekk kva som gjeld der du bur og ferdast.


For nokre år sidan skulle den utvida bandtvang opp og avgjerast i kommunestyret her i Sula. Forslaget var hårreisande, og difor møtte eg opp for å kunna forklara dei som var usikre på kva som ville vere rett - etter lova. Det var fleire som snakka med meg, og eg kunne fortelja at det strir mot norsk lov å gjera eit så stort inngrep i lova om bandtvang, og refererte til hundelova. 

Så her i kommunen er det berre bandtvang på Sulafjellet til og med 30. september. Eg gler meg difor til oktober, når eg kan gå opp på det store fjellet med laus hund på dei oversiktlege stadene - for det er verkeleg vakkert på hausten…


Elles er det eigaren si plikt å gje hunden eit godt og rikt liv, samtidig som samfunnet må leggje til rette for at det er mogleg. Om vi alle trenar og sosialiserer hundane på ein god måte frå dei er kvalpar, er det bra for hundane, og ikkje minst for alle som lever rundt der vi oppheld oss.

Vi som hundeeigarar har plikt til å ha kontroll på hunden vår, og med det minner eg om § 4 i hundelova:

«Hunder kan være løse bare når de, a) blir fulgt og kontrollert på aktsom måte, eller b) er forsvarlig inngjerdet på et sted som ikke er åpent for allmenn ferdsel.»

Då hundelova er heilt klar på korleis vi skal gå fram som hundeeigarar, er det i grunnen heilt unødvendig med lokale utvidingar, så lenge desse ikkje er grunngitte med husdyr på beite. 
Dirfor vil eg oppmoda folk til å seia ifrå om nokre kommunar har urimelege krav i forhold til dyrevelferd! Det at kommunane utvidar bandtvangen og gjer at velferda til hundane går ned, er ein uting. 


Det at vi skal ta omsyn til folk, dyr og hundar er heilt klart nedfelt i lova i dag. Om vi alltid skal gå med hunden i band, får den ikkje lov til å utfolda seg naturleg, noko som faktisk ikkje er god dyrevelferd! Det er viktig at hundane skal få springa litt fritt for å ha eit godt liv, og ikkje alle har moglegheit til det i eigen hage.

Kommunane bør heller driva opplysning til alle om korleis vi som hundeeigarar skal ha eit så godt hundehalde som mogleg, førebyggja redsel og visa folk korleis dei skal oppføra seg saman med dyr. 



Vi bør også sjá til andre land og korleis hundar vert inkluderte i samfunnet der. 

Vi må heller ikkje gløyme kor mykje nytte hundane gjer, og kor mykje dei gjev tilbake til samfunnet.

Vi kan alle vera uheldige om hundane får ferten av noko. Men så lenge det ikkje vert ein lei uvane at han kjem ut av kontroll, får vi håpa at tilgjeving frå den som eventuelt vert råka, er eit alternativ…



No kan vi nyte naturen både med og litt utan band...


Det aller meste av denne teksten skreiv eg til ein video publisert på Facebook 21. august 2019...


Er det eventuelt eit problem i nærmiljøet med innkalling og møtesituasjonar? Kanskje eit kurs eller miljøtrening hadde vore eit tips til folk i nærleiken?


Tren hunden og lev godt - med lykkelege hundar♥♥♥

Klem -Anja-

torsdag 30. juli 2026

Valper 2026...

...Det har vi jaggu prøvd på nokre gongar - tre forsøk før på å klare å få valpa i 2026 har gått "i bakken". Når eit forsøk mislukkast, betyr det gjerne at andre moglegheiter opnar seg. Men, likevel må eg nok heroisk innrømme at både 2025 og 2026 har vore litt krevjande når ting ikkje heilt går som planlagt - særleg etter all logistikk, planlegging og tilrettelegging...

Det er sjølvsagt kjipt når ein legg ned så mykje tid, energi og pengar, men slik er det no eingong når ein held på med levande individ. Difor var det ekstra kjekt at hundane denne gongen berre trengte litt tid til å bli kjende før alt sat som det skulle – heilt utan ekstra reising.

Frøya vart i januar inseminert, men gjekk beklageligvis tom. Men, no kryssar vi alt vi har for eit flott kull i 2026!


Toffedreams Hawkeye og Kvasneset`s Viva La Vida...


Kvasneset`s Viva La Vida og Toffedreams Hawkeye ventar forhåpentlegvis valpar rundt 4. oktober 2026.

Vi ser fram til valpa og håpar verkeleg at denne paringa vil gi resultat – 4 er talet i år, på forsøk vi har brukt. 

Ikkje minst håpar vi at denne kombinasjonen kan gi oss gode representantar for denne flotte rasen. 
Vi ønskjer alltid å finne hundar som passar godt saman. Målet er å få eit jamnt kull der helse, mentalitet, eksteriør og «will to please» går hand i hand.

Les meir på - www.kvasneset.com 

Vi håpa på herlige familiehundar som muleg kan nyttast til mykje! #familieven #turglede #jakt #spor #lydighet #ettersøk #utstilling #hundeglede…


Valpane vil bli registrert i NKK, blir helseundersøke av veterinær, id-merka og vaksinert, samt dei får fire omganga med markkur.
Som valpekjøper får de med ein godt utfyllt valpeperm med diverse informasjon som er nyttig gjennom hunden sitt liv, valpepakke og eit teppe til valpen med kjent lukt.


Vi hadde sett oss ut ein passande hannhund til Frøya, men vi fann også ein plan-B om ho faktisk var på ferietur om løpetida inntraff. 

Sa tidlig til Bente at «om ho tilfeldigvis løper når dåkke er i Fasuske, DÅ er det ny plan»...Kva var vel då betre enn å bruke den vi forsøkte med i Romjula til Abi (halvsøster til Frøya). Loke bur i Luleå og det er ein lang tur frå Bergen, men når dei var på same stad då Frøya stod var vi ikkje i tvil!! 

Det tredje forsøket i år var Nelia...

Om du er interessert i å høyre meir, ta gjerne kontakt med oss!!

Klem -Anja-

onsdag 1. juli 2026

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder.

I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spelte med på vår side, var det duka for ei fantastisk helg der hund verkeleg stod i fokus.
Katja og Abi i ringen...Abi mangla kun sitt store cert for å blir NUCH og no når ho er veteran så får ho vere med også på dei «små» utstillingane. Denne helga vart ho 2. og 3. beste tispe!!

Vi kan sei oss veldig godt fornøgde med helgas resultat! Vi fekk fleire plasseringar i beste hann- og tispeklasse begge dagar - 2 CERT og toppa med beste tispe på laurdag. Ja, på laurdagen hadde vi faktisk 3 av 4 i beste tispeklasse!! Der var alle aldrar representerte, heilt frå Sansa i unghund til Abi i veteran og mellom der Luna. :)

Vi fekk med oss ein klar kommentar frå dommaren som vi måtte ta med tilbake til klubben: «VG er very good – altså mycket god – en mycket, mycket god hund!»


Laurdag 27.05.2026 – dommar Hans Rosenberg – lenke til fullstendige resultat her


HP og Best in Show oppdretter

«kat. 8,14,21,26 oppfødad grupp from fira , bra størrelse, gjevne i sine hode, kropper, og benstumme, ønsker mørkere øgon på visse, bra pelsstruk, rørs trevligt, takk for at ni kom.»

HP og BIS 1 på vår oppdrettergruppe med frå venstre Anja og Zico, Katja med Abi, Marte og Luna og Kristian med Sansa...

Excellent 1 CK 2.BHK CERT Kvasneset's X-Hero «Zico»

VG 2 Kvasneset's Ain`t No Cure For Love «Leon»

VG 4 Kvasneset's Zin Rosé «Angus»

Excellent 1 CK 4.BTK BIR & BIS 2 Unghund Kvasneset's Bright Shining Star «Sansa»

Excellent 1 CK 1.BTK CERT BIM Kvasneset's As you Like it «Luna»

VG Kvasneset's You're a Magic Star «Nista»

Excellent CK 3.BTK Kvasneset's Oooh La La La «Abi»



Vakre, herlige, milde og snille Zico tek laurdag sitt 2. cert - det første kom på Sunnmøre i fjor. Sparsamt vist og no mangla han kun det store certet for eit championat...
Takk for at de tok turen frå Trøndelag for å delta og at eg fekk vise han...
Denne helga var Leon påmeldt begge dagar og Carlos superflink med han i ringen!! 
Herlege «Leon» helsar på ein liten kvalp som ein tidlegare kvalpekjøpar av oss har fått seg, etter at ho mista si kjære Ronja etter 10 år...
Fine, gode og sjarmerande Angus som Robert var så flink å handle sjølv...
Unge Sansa i ringen - ho har si eiga meining så vi veit aldri korleis ho vise seg fram, men denne helga plasserte ho seg i beste tispe begge dagar...

BIR og BIM laurdag - Luna BIM
Elska flokken min ♥ her har Kristian tatt bilde då Katja og Rasmus tok bilde av BIR og BIM ♥♥♥
Gode, skjønne og fine Nista som har så fine kvaliteter og bær på, for oss, veldig dyrebare linjer som vi håpa skal gå vidare om ikkje for lenge...
BIR og BIM veteran laurdag - Abi BIM veteran



Laurdagen var det også barn og hund...



Søndag 28.05.2026 – dommar Joakim Ohlsson – lenke til fullstendige resultat her


Excellent 1 CK 2.BHK Kvasneset's X-Hero «Zico»

VG 2 Kvasneset's Ain`t No Cure For Love «Leon»

Excellent 1 CK 3.BTK BIR & BIS Unghund Kvasneset's Bright Shining Star «Sansa»

Excellent 2 CK Kvasneset's As you Like it «Luna»

VG Kvasneset's You're a Magic Star «Nista»

Excellent CK 2.BTK Kvasneset's Oooh La La La «Abi»



Sansa BIS unghund...
Søndagen fekk vi tatt nokre bilde av Luna...
Bildet av Nista slettes ikkje så dumt det heller. Ho har fantastisk pels og vakker farge...
3 fine tisper i veteran klassen...
Abi blir bedømt av Joakim Ohlsson - vinner veteranklassen og blir 2 BTK..!
Klar for konkurranse om BIR og BIM veteran...

Vi sit igjen med ein gjeng med veldig gode hundar. Eg må rette ei stor takk til kvar og ein av eigarane som held hundane sine i så god kondisjon, og som tek så godt vare på pelsane. 

Som oppdrettar ønskjer eg at de skal få ut det beste av hundane dykkar, uansett kva det skulle vere – som familiehund, turven, på utstilling etc. Pelsstell, kondisjon, trening og ikkje minst generell hundehelse er utruleg viktig, og eg er alltid her for spørsmål og hjelp.

Tusen takk for at de ville nytte tida og helga saman med oss – eg set umåteleg stor pris på det ♥


Veldig fint i og rundt ringen med så mange fine folk både TeamKvasneset og så mange andre!! akkurat slik som gir meg påfyll i minnebanken og god energi i topplokket...

Klem -Anja-


Sluttstreken er dregen

...den er i alle fall påbegynt med dette skrivet. Eg trudde eg hadde skrive det siste i denne lange saka, men eg blir faktisk så provosert n...