mandag 23. november 2015

Naturmedisin på sitt beste ♥

...Herlig...

Dagane går og vi får gjort litt innimellom slaga...Det er ein kamp på fleire måta, men det som gir meg litt ro er at eg kan ta med meg hundane og barna ut på marka og ned til sjøen  Ikkje berre er det denne fantastiske fjorden som gir meg ro, men det å kunne sjå hundane springe fritt og barna kosa seg ♥ det gir for tida livet mitt meining...
Barna, hundane, naturen og familien min er naturmedisinen eg treng for å kome meg gjennom dagen!!...Eg drøyme meg vekk i småting innimellom, og då gjerne litt utanom det vanlege berre for å få litt variasjon ;)
...På veg opp igjen så kom det ei lita snøbyge...

Må berre sei det er forferdelig tungt å gå med slike smerter dag ut og dag inn! Har gjort det i snart fem år så det er elles ikkje noko nytt, men det er vel det at det no tæra ut kreftene og motet mitt...

 JIPPI vi skal til sjøen!! :)
 Trur "Berta" vil bade, men kan nok vente til våren ;) 
Mille er nok den største av alle hundane - skikkelig tøff lita dame... 
Nåkken som kan sjå kva Timmen drege på her!? :)
Hundane i full firsprang på veg ned mot sjøen igjen...

Men, eit godt lyspunkt er at dette gir meg ei ro som eg sjeldan har...så eg håpa dagane skal bli lettare når vi flytta inn, og eg kan sette meg ved sjøen med ei herlig ro 
Fantastisk var det å få litt pudder som var her eit par daga og akkurat nok til at eg fekk julefølelsen...så no må eg på loftet å få fram staken og stjerna, lit på Sunde også må det nok opp litt her i Langevåg også ;)
Klem -Anja- 

mandag 16. november 2015

Peace and Love ❤️

Verden skulle hatt meir av fred og kjærleik, eg skulle ønskt at alle blei behandla med godhet, respekt, og verdighet!! 
Ja, vi tenke mykje på det når terroren ramma oss nært, men kvifor ikkje heile tida? Kvifor må vi heile tida bli minna om korleis vi skal oppføre oss? Mange gjømme seg bak pc'ar, andre fyre opp bak ein mobbar, nokon bak ein advokat, og andre er berre skikkelig fæl i full offentlighet. Heldigvis er det mykje godhet rundt om, men det er for mange som går rundt berre for å vere ond mot andre mennesker...
 Ja til litt meir peace & love, glede, godheit, omtanke og medkjensle... Saman er vi alltid sterkare ❤️

Eg tenke kvar dag at eg skal gjere mitt beste for å vere snill og god, men eg veit at vi alle gjer små feil og der er alltid eit forbetrings potensiale. Eg har ei formeining
om at går du rundt med mykje ondskap så blir du innhenta ein dag!! Ja kva har eg gjort!?... Eg prøva veffal å rette opp det eg eventuelt har gjort gale...

Eg sitera mi kjære datter - ©Katja "Kva er meininga med livet om det berre er vondt?" - så vrir eg litt på det "Kva er meininga med livet om du kun vil andre vondt?"...

Måtte vi alle gå ut med all den godheita som er mulig å få fram ❤️❤️❤️ Og med det må eg dele frå konserten til Madonna i Stockholm 14.11.2015 - dagen etter terroren i Paris...

Elles har vi meir enn nok å gjer for å prøve å kome oss inn til advent eller veffal i løpet av advent. Tida for å vere vekke i fleire daga kunne nesten ikkje vore verre, men når ein må så må ein...
Jaja ein ting er veffal sikkert og det er at arbeidet går beklageligvis ikkje sin veg ;)
Prosjektet våra rulla og istaden for å ta turen vekk nåkken daga skulla eg heller ha vore heime av fleire grunna!!...
Familie ❤️ ein sterk, samla og god familie betyr alt!! Love you ❤️


Ein nær og god familie gir livet meining, du Katja gir livet mitt meining sjølv kor vondt eg har det ❤️❤️❤️
Klem -Anja-

©Anjas❤️skatter 

søndag 15. november 2015

For tida svart

Satt i frisørstolen ein dag her i veka å tenke at det hadde vore kult å få farge i håret etter stemninga i livet... Heldigvis har eg ein frisør som tenke litt meir rasjonelt enn meg så det blei lite forandring på meg heldigvis!!

Fredag var eg og barna ute på Devoldfabrikken å såg på tenning av julelysa. Litt tidlig men utrulig flott!! 
 Her er folk samla for fakkeltog og julelystenning...

Så har vi haldt til på Sunde for å kome oss litt framover, og burde vel skrive stort at det ikkje er lett å kome raskt framover med ein slik skrott. Litt blir gjort av andre så følge eg med...vi hadde så gjerne håpt å kome oss lenger før vi blir vekke det meste av komande veke!! Skulle gjerne sett golvet på kjøkkenet ferdig og gjerne innredninga oppe, men men eg har ikkje lært å trylle enda ;)
Så har vi "litt" flis til overs som vi skulle ha på kjøkkenet, ja impulsive som vi er har vi kjøpt nytt gulv og skal no prøve å få lagt flisene ute nede...ja ja og sånn går dagane.
Sjølv om det ikkje er lett å få tak i fagfolk har vi eit håp om å vere inne i god tid før jul!! Vil så gjerne finne roa til advent i nytt kjøkken ❤️
Flinke arbeidsgutar!!...

Tungt når ein skal vere så ufyselig dårlig, og ikkje sjå enden...eg helde fortsatt motet oppe innimellom, men etter snart fem år er det ikkje lenger ei sjølvfølgje å klare det. Fem år er lenge med konstante smerter, lite søvn og uuthaldelege smertetoppar, og kanskje ikkje så rart at eg no kjenne det virkelig i topplåkket.
Delt på Instagram Anjasskatter: Må vere sikker på farge for det blir ikkje meir oppussing på ei stund!! #oppussing #dempetsort #jotun #interior #interiør #inspo Gleda meg virkelig til vi blir ferdig...🌸 Akkurat no er ting like svart som malinga, ja det er tungt både med oppussing, helse og ikkje minst kampen mot staten!!!...

Ha ein fin og litt lysere kveld rundt om!!
Klem -Anja-

søndag 1. november 2015

Enkel turperle

Ein ting som er sikkert er at det er mange fine turområder rundt oss...Men, min favoritter når eg kan få tatt ein tur opp på Leirvågfjellet - det beskjedne fjellet med den fantastiske utsikta!!
men sjølv om høgdemetrane ikkje er mange så kan ein få seg ein god trimtur (den som klarer)...Vi går alltid opp "Petterløypa" og den er jo bratt nok til å få mosjonert både beina og kondisen ;) Så går vi "langløypa" ned...
 Torsdag i fantastisk haustver med nysnøven i fjella...
Frå toppen mot Fiskerstranda, Hessa, Godøya og Ålesund...
Hjørundfjorden...
Har ein ekstremt sprek pappa som kvar gang vi går ned slenge seg i greina...
I dag 1. november stormar det her verre var det i natt da, så vi skal kose oss med litt innesyssel, medan eg kan lengte etter ein fin hausttur i fjellet...
Klem -Anja-

fredag 30. oktober 2015

Hus for salg!!

Ja, no ligg huset våra ute for salg og venta på ny eigar eventuelt eit par leigera :) 

Utrulig fint og sentralt område i Langevåg, 5 minutt å gå til sentrum og 3 minutt til Kiwi butikken på nyvegen ;) 


Velkomen til visning torsdag 5. november kl. 17.00 - 18.00!!...
 Det herlige uterommet med plass til utebad og sittegruppe...


Om du er på husjakt eller skal selge hus? ja då ønska eg deg ekstra lykke til og ha ein fin dag!!
-Anja-

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...