søndag 15. november 2015

For tida svart

Satt i frisørstolen ein dag her i veka å tenke at det hadde vore kult å få farge i håret etter stemninga i livet... Heldigvis har eg ein frisør som tenke litt meir rasjonelt enn meg så det blei lite forandring på meg heldigvis!!

Fredag var eg og barna ute på Devoldfabrikken å såg på tenning av julelysa. Litt tidlig men utrulig flott!! 
 Her er folk samla for fakkeltog og julelystenning...

Så har vi haldt til på Sunde for å kome oss litt framover, og burde vel skrive stort at det ikkje er lett å kome raskt framover med ein slik skrott. Litt blir gjort av andre så følge eg med...vi hadde så gjerne håpt å kome oss lenger før vi blir vekke det meste av komande veke!! Skulle gjerne sett golvet på kjøkkenet ferdig og gjerne innredninga oppe, men men eg har ikkje lært å trylle enda ;)
Så har vi "litt" flis til overs som vi skulle ha på kjøkkenet, ja impulsive som vi er har vi kjøpt nytt gulv og skal no prøve å få lagt flisene ute nede...ja ja og sånn går dagane.
Sjølv om det ikkje er lett å få tak i fagfolk har vi eit håp om å vere inne i god tid før jul!! Vil så gjerne finne roa til advent i nytt kjøkken ❤️
Flinke arbeidsgutar!!...

Tungt når ein skal vere så ufyselig dårlig, og ikkje sjå enden...eg helde fortsatt motet oppe innimellom, men etter snart fem år er det ikkje lenger ei sjølvfølgje å klare det. Fem år er lenge med konstante smerter, lite søvn og uuthaldelege smertetoppar, og kanskje ikkje så rart at eg no kjenne det virkelig i topplåkket.
Delt på Instagram Anjasskatter: Må vere sikker på farge for det blir ikkje meir oppussing på ei stund!! #oppussing #dempetsort #jotun #interior #interiør #inspo Gleda meg virkelig til vi blir ferdig...🌸 Akkurat no er ting like svart som malinga, ja det er tungt både med oppussing, helse og ikkje minst kampen mot staten!!!...

Ha ein fin og litt lysere kveld rundt om!!
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...