mandag 7. august 2017

Heimstaden...

...min!!
Det er mang ein gang eg tenkje over kor heldig eg er som har muligheit til å stå opp og legge meg på ein slik fantastisk plass!!...
Eg trudde ikkje eg skulle "kome heim" til bygda, men heldigvis så endra tidene seg og ikkje minst ein sjøl. 
Så her kjem litt bilde som eg har tatt litt her og der i bygda vår dei siste vekene...Nokre er publisert på instagram #anjasskatter
 Stort sett kvar gang Keesha kjem opp så går ho opp der og ser innover fjorden!!...
 Nærleiken til sjøen er ein fin måte å finne roa på...
Ei mor dia valpane sine...
Slite du med noko så har eg eit einaste råd til deg!...GÅ UT OG FÅ KRAFT FRÅ NATUREN!! Du vil ikkje merke det første og andre turen, men det snur eg lova så ikkje ver så negativ at du ikkje gidd  gjer det ;) 
Disse bilda frå den vakre bygda vår har eg tatt i forbifarta med min ganske så elendige telefon... ;)
Ha ein naturleg kveld!!...
Klem -Anja-

søndag 6. august 2017

Hundedritt vs mannskjit!!?...

Eg har lenge vore "frustrert" over all praten og skriveri ang hundedritt, og ja like irritert på alle som klaga og nesten tek oss alle under ein kam som dei udugelige hundeeigarane som ALDRI klare å ta opp dritten etter hunden sin!!
Samtidig vert eg fortvilt når eg går i fjellet og mannskjiten ligg openlyst, er det betre meina de??? Dei som mellom anna diskutera på turside har muligens lagt i telt og gjort sitt fornødne i naturen, kva gjer de med det? Tek du med hundepose og drite i den? Eller er du ein av dei som set deg godt inn til ein stein for god støtte, drite, tørka deg og berre går der ifrå??
Det første du børe gjer er veffal å grave ei grop og legge over når de reise!!...
Det var ikkje gjort siste helga i august eit år då er det stor utfart til Molladalen og driten ligg bak kvar ein stein slik at dei som går/gjekk inn til vatnet for å kose seg der omtrent må sitte oppi møkka!! Eg må sei at dyreavføring faktisk er litt meir naurlig "å gå på" enn ein kammar til ein av dei som driv å klatra oppi fjella!!
Sist tirsdag vart eg også litt "frustrert" då eg gjekk å plukka litt blåbær og spiste, og midt i eine tua "gjekk eg på" kammarpapiret!! Om det er barn eller vaksne spilla ingen rolle for de kan gå unna bærlyngen og igjen er det greit å kaste papiret?
Fredag kveld gjekk eg og mamsen oss på eit telt på fjellet her oppe og det var jo kult det asså, men like nedfor så ligg det ein del pair - no skal eg ikkje sei at det er dei som telta som hadde gjort frå seg der, men kvelden før var der ingen ting...om det var dei så håpe eg dei veffal tok det med heim/grov det ned når dei pakka saman ;)
 
Gjekk ikkje heilt bort til, men tydelig at dette er papir etter "toalettbesøk"...
Eg er på ingen måte skinnhellig, men er der muligheit for å få fra seg posen ed dritt før eg skal vidare til Eltrane og Varden plukka eg sjølvsagt opp sjølv om det er i grøfta på fjellet...

Kvifor er det slik at ein kvar diskusjon på sosiale medier så omhandla det negativt om hund!? 
Eg begripe det berre ikkje!!.......I tillegg til at eg meina hund skal få meir positiv omtale rundt om så syns eg vi heller skulle lagt meir til rette for hundeigera. For veit de alle for ei fantastisk resurs mange av dei er!??? 
- Hjelp- og terapihund er noko vi alle faktisk kunne hatt nytte av eller nokon som står oss nære! For meg og mange andre er faktisk det å ha ein hund i livet akkurat det TERAPI!
- Førarhund
- Redningshund ja ganske så mange av dei som kanskje slenge dritt om hund ein dag vil sette stor pris på at akkurat ein hund finn han inne i eit skred!?
- Politi, her er det mellom anna snakk om forskjellig arbeid som bekjempa kriminalitet.
- Tollhund som nyttast for å få avdekke ulovligheter folk smugla inn i landet.
- Forsvar
- Ettersøkshund, det er vel ganske så mange jegera rundt om og har de ikkje kontrakt med ettersøkshund så får de heller ikkje skyte. Samtidig er du så uheldig å kjøre på eit dyr så er det ofte ein hund som kjem til staden for å finne dyret og få det avliva.
- Det er også no på full fart inn å bruke hund i søk etter veggdyr slik at du trygt kan legge deg i ei hotellseng utan å få svineriet med heim. 
- Spesialsøk går mulig det over inn i, men her er det også snakk om at hunda kan påvise sjukdommar.
Å det var litt av det eg kom på i farta!!...i tillegg er det vel noko av det beste ein kan tilføre ein familie!
Når vi no ser kva nytte hundane kan gjer kvifor skal vi lage det så vanskelig å ha hund og ikkje minst så mykje negativt rundt det!?
Det siste eg leste litt om å måtte berre stoppe då det fikk for mykje innverknad på min mentale tilstand ;) Ja, eg vart rett forbanna på korleis folk kan uttale seg!! var det å ikkje kunne ha med seg hund i fjellet pga at andre kan vere redd!!! Hjelpes vi har vel ikkje hund for andre sin del?? Vi har hund for oss sjølve og kvifor skal ikkje vi få gå i fjellet med våre kjære firbeinte??? 
Å ja eg tek omsyn til dei som går i fjellet 2 ganga i løpet av mine 22 år som hundeeigar av ein del hunda har dei hilst på folk "utan lov" og det er brent inn i meg fo eg lika ikkje å ha feila slik!! eg tek hunden(ane) heilt inn til meg og vil eigentleg ikkje at dei skal hilse så masse. Ein kveld denne veka traff eg også nokon hyggelige folk på veg ned, men "problemet" var sat de stakk fram handa i det dei var forbi og den unge hunden ville veldig gjerne hilse meir, og det skape egentlig ein "stressituasjon" for dei som ikkje får hilse før eg sei versågod. Så neste gang stopp opp og hils skikkelig er du snill ;) 
No skal det også seiast at eg er ein av dei som set hunden igjen når eg går dei mest utsatte plassane, og det er ikkje fordi hundane ikkje makta, men fordi eg har så sykt høgdeskrekk og blir så redd for hundane på kanten.
Men, for dei som klare det skulle det vel berre mangle om dei ikkje fekk ta den med!!
Snart på tide vi får litt positive og gode innslag om hund i media, men då må for all del dei som skal lage det går etter seriøse oppdrettera/hundefolk!...

Eg har lenge sagt at i tillegg til valpekkurs så burde ein hatt kurs i kva det vil sei å ha hund, og ikkje minst handtering av den. I samme slengen kan eg nemne at det skulle vere obligatorisk å hatt nokre tima i løpet av skuleåret om korleis vi oppføre oss rundt dyr generelt og tek vare på og oppføre oss i naturen!...

Så neste gang du som hundeeigar er på tur så for helsikke sjå til å ta opp møkka etter hunden din!! Neste gang eg ser deg rundt i bygda eller oppe ved idrettsplassen så kjem eg til å vere lite nådig, om du er ung eller eldre gubbe gir eg blaffen i!!...Eg har sett fleire og det er dei samme som går igjen gang etter gang!
Men, eg skal innrømme at skikkelig rennedreta ikkje er lett å ta meg seg "heim", men det er ikkje så lett å vite at hunden er litt uggen i magen...
Eg innrømme glatt at eg ikkje tek med møkk ute i "høgfjellet" men eg passa på at all avføring ligg godt vekk frå stien og om den kjem litt næære så tek eg den vekk derifrå...
Så neste gang du hyle ut tenk deg godt om...for det er faktisk ein del av oss som gjer så godt vi kan og føle litt på all kritikken som kjem!...
Å det samme veit eg gjelde for fjell/turfolk som drite ute ;))

Eg vil sei det er like lite kjekt å møte på dritt uansett kva slags det er...ja til og med skikkelige drittfolk er det lite kjekt å møte ;))) 

Så husk no da at neste gang du skal slenge med leppa til oss hundeigera så tenk deg om ein gang til veffal på formuleringa ;) 
Ha ein dritfin kveld!!
Klem -Anja-

Når kjerringa er...

..."heime aleine!" skjer det stort sett alltid noko på eit vis...Nesten som det skjer ein slags mystisk greie der eg henta fram lyste og krefte som eg ikkje alltid trur bor i meg........Ja så langt kom eg meg i det innlegget som eg begynte på for eit par veke sidan - etter det kom mann og son heim og for igjen (Katja også) etter forma vart litt betre og no er eg heime aleine igjen ;))
Men, for å skryte litt av meg sjølv så må eg poste det berre eit par veke for seint!!
For eg hadde 8-9 daga aleine her ilag md Katja der eg var mykje ute ilag med dei firbeinte og fikk laga til litt i hagen, og det "største" var trappa som eg grubla slik på. Ikkje det enklaste å få laga til aleine då det var vanskelig å få feste etc. men eg gir meg ikkje med det første! Men, det var rett forjævelig å kome til og ligge der å vri ryggen visste eg straffa seg, men gleda over å lykkast er større enn å tenke på plagane dagen derpå og den etter der igjen ;) 
Syns alltid det er så kjekt å kunne overraske med noko når folk kjem heim...men mest av alt må eg innrømme at eg jobba best når eg får sulle i eige tempo. 
Neste prosjekt "rekkverk ved plattingen utfor hunderommet" kom til sjølv om her var folk, men då eg gjekk igang med det var mannfolka opptatt med å sume ei plate ;)
 
Det her var litt av eit hovudbry!!...Eg hadde sett for meg ei trapp som var alt for komplisert for mitt blonde hovud å gidde å prøve på. Å då eg gjekk i gang ante eg ikkje korleis eg skulle angripe det og hadde ikkje mykje trua på meg sjølv ;)
Tidligare i år var vi eit team (pappa, Tom og eg - ja åsså bror som kom med ideen også stakk til sjøs)som satt opp støtte og ramma til ein sto, flott og fin terasse på nedsida av garasja og ved utgangen til hundane, men trappa måtte eg få fundere på...
Det vart nokre tura til Obs bygg...å dinne dagen som dei fleste var det vi to og mannfolka som handla. men sikkert litt spesielt når eg kjem med kjole (det er jo vanleg) med flagrande jakke og sko med hæla!! ;)
Å her fikk gubben, foreldra mine og nokon til sjå kva eg hadde styrt med dei siste dagane...
Platten før og etter beising...å når ein må ta litt hensyn til kroppen prøva eg å finne greie løysingar. Kva er vel betre å bruke til flytting av ting og tang enn ei tralle som brukast til hundeutstyr?? 
Etter trappa var klar måtte vi ta pause og inn på Emblem for å bade...men, eg fekk forbod om der var masse folk pga alle blåmerka mine og ikkje minst "rumpa på magen"...Så eg vart sitjande på berget ilag med måsane, men det var heilt greit for det var litt kaldt ;)
Dei fleste veit sikkert at eg er nøgde med trappa, men for å sei det helt ærleg så sys eg at den er heilt grei og at eg sjølv er dritgod!!... :) 
 Hundane syns også det var digg med ny platting som vi kunne sitje på ilag........elle dei gir vel blanke i om det er platting, gras eller grus så lenge vi er ilag ;)
Viktig med litt forskjellige prosjekt!...Å akkurat her har dei holdt på kvart år også skylle regnet vekk både jord, bark og sikkert planta...
Å for å sei det slik så vart det ikkje betre då eg ko med den firbeinte bølingen min, så derfor måtte eg gjer litt. Det meste av stein hadde eg og Tom kjøpt for ei tid sida, men så vart det berre ikkje begynt på. Men, no må eg berre vente til at plantane får kost seg slik at vi ser skikkelig resultat...

Eg trur vi alle klare litt meir enn vi trur, ja vi må berre prøve!!...å om vi må "ligge litt" etterpå så er ikkje det så veldig gale om du har fått utretta noko som er positivt for deg og dei rundt de♥ sjølv om ein er sjuk kan ein ikkje berre vera til pynt...
Ha gjerne ein innhaldsrik søndag - men eg, skal berre kose meg med dei firbeinte!
Klem -Anja-

søndag 30. juli 2017

Hovud- og ståbilde av valpane...


Det er jaggu ikkje enkelt å få skikkelige bilde av disse skattane, og derfor blir dei ikkje heilt slik eg ser dei, men her er veffal slik ein kan sjå korleis dei nesten ser ut ;)
Her er jenta i gjengen...

Kan ikkje få sagt kor betatt eg er av valpane...kosa oss skikkelig og må berre beklage at eg har vore aaaalt for slapp med tanke på bildetaking!!...
Er sjølvsagt avhengig av litt hjelp og i dag har vi kost oss i hagen. Katja spurte kven som var på besøk då eg kom med to kaffikurs i gangen?? "Eg har besøk av mannen min i hundehagen min!" :)))
 Kvasneset's Now just a dreamer...


Kvasneset's Not gonna lose my dream... "Blå"


Kvasneset's Never stop dreaming... "Turkis"
Kvasneset's Never leav your dream.... "Beige"
Kvasneset's Now you start dreaming... "Grøn"

Vil ønske alle ein fortsatt herlig søndag...
Klem -Anja-

mandag 24. juli 2017

Tur mot Langenestinden...

Heilt under tekst g bilde kjem bilda eg tok med mobilen og brukt på instagram på #anjasskatter og #kvasneset...
...skodda har lagt grauttjukk i to daga, eller det letta ei stund i går og i dag (søndag) fikk eg lyst å ta ein tur sånn på ståande fot. I går kveld verka eg så hinsides at Katja til slutt sa "mamma ta deg eit glas raudvin til for det hjelpe!" - ingen ting såg faktisk til å hjelpe så eg klarte ikkje vere i ro og og låg i ein stol med beina til slutt mot taket. I dag etter alle fribeinte hadde fått sitt fekk eg lyst å sjå sola smile til meg og då måtte eg over 7-800 meter. 
Skifta, pakka ein ransel og tok Berta i bilen, kjørte på ferga og innover Hjørundfjorden, opp mot fjellet etter Standal og parkerte ved anlegget til Tussa...
Herlig temperatur men grauttjukk skodde med varierande sikt. Eg og Berta begynte å gå utan å heilt vite kvar det bar oss men det er trass alt betre å gå enn å sitte/ligge still og kjenne på kor vondt ein har det.
 Måtte stoppe å ta bilde av geitene langs fjorden...
 På veg oppover grusvegen...
Traff på ein del rype også...var ei stor med mange barn som sikkert lurte på kva i helsikke eg gjor oppi den bratta der!? Går nok normalt ikkje folk der så eg får beklage at eg skemde dei litt med å ta bilde av dei...

Eit stykke oppi traff eg ei dame der eg spurte om vegen og sikta...var veldig fint på toppen og pass på å ikkje begynn å gå for tidlig oppover! Ja det var det da!!!...
Skodda begynte å lette ved Fladalsvatnet og skifta fort for putselig var det skodde lenger opp igjen. Det var vanskeligg å finne sti så eg skulle gjort litt meir undersøking før eg gjekk for eg tok av for fort oppover og hamna i feil renne!!...Å herreminhatt for ein tur og eg skal jo sjølvsagt ikkje gi meg med det første, så fortsatte klatringa og det passa nok best for dei som er glad i klatring og skulle sikkert hatt sikring også ;) Oppi der ringte Katja og lurte på kor det gjekk, og eg sa bra så langt men måtte legge på for det var så bratt. Like etter så fikk eg kjenne på bratta utan å få skikkelig grep deiste kjerringa i bakken og sklei 10-15 meter nedover...godt Beta er spretten så ho fauk nedover og til sides i det eg kom :)) Jaja ei erfaring og ein del skramme rikare!!
Det stoppa heller ikkje meg for eg ville opp for å kome meg ned ei anna renne, og slik gjekk det sjølvsagt!! g gjekk eit stykke til før vi satt os ned å beskua naturen på skikkelig - bittelitt mat på oss begge før vi gjekk vidare...
Fantastisk å finne sola over tåka!!
Men, det er ein grunn for at eg ikkje tek med hundane på luftige plassa for eg bli så innmari redd for hundane som går for nære kanten og vips er høgdeskrekken min tilbake for fullt!...
Eg såg det eg etterkvart satt som dagens måle Langenestiden 1206 moh borti der, men etter å ha komt med 1-2 renne bort så valgte eg å gå ned då Berta heile tida gjekk for nære kanten ned mot Hjørundfjorden. 
Stort for meg å ha hatt med meg ein firbeint på ein slik luftig plass!! Har utfordra eg sjølv eir enn eg tenkte akkurat der ;)
Det var ingen store "berg" å gå ned der, men bratt med lyng etc. så vi sklei nedover fleire plassa og var verre enn på snøven ned frå Rokken, men plutselig var vi nede ved vatnet igjen så vi kunne gå litt mer avslappa. 
Ein utrulig fin tur opp til vatnet og slettes ikkje dumt oppover også så har lyst å ta turen igjen med kjentfolk eller at eg studera ruta litt betre og samtidig ha alle firbeinte heime ;) 
Litt forslått men utrulig godt med ein tur og lufte kropp og hovud når det er som værst! Tok 12.55 ferga over fjorden og 18. 25 tilbake så brukte ikkje så gale langt tid på turen...
Måtte vente 25 min på ferga og når eg kjøre ombord betala eg for bil og når fergemannen sei "bil og ei blid dame" var det ekstra kjekt å høyre på ein vond dag ♥♥♥ Samtidig vise det at eg klare å halde litt humør sjølv om det er ekstra vondt...
Herlighet!!...Sjølv kor vondt eg har det no så er eg glad det her ikkje var min siste tur med tanke på alle knall og fall, og ikkje minst skjelvinga på kanten. Eg har blitt enda litt sterkare i dag, og gler meg til neste tur!!
Tuuuusen takk til Katja som passa dei firbeinte heime ♥ og tusen takk til dåkke som har sndt meg så fine meldingar i dag 
Klem -Anja-


Bilde frå telefonen
 Ein av mine favorittar rett bak - Sylvkallen!...
Faktisk ein heil haug med dårlige bilde av oss, men det måtte faktisk dokumenterast på ein slik dag!...

Hundeutstilling med Sunnmørsalpane som bakteppe!

Tilbakeblikk på helga...for dei som er rundt oss i TeamKvasneset vil eg dele nokre bilder. I dei vakre omgivnadane, og med vêrgudane som spe...