…Så gjenstår det å sjå kva som eventuelt kjem…
Litt leik er fint…
Eit godt heng mellom Thorin og Nelia…
Ein riktig «gentleman» og vi konkluderte med at det er fint at dei har god kjemi når dei først mest truleg skal ha små…
Thorin og Nelia tenkte det var greit å bere deise nedpå fanget mitt…
Det er fleire som har lurt på kor tid det kjem kvalpa med oss igjen. No håpe vi det kan kome eit kull rundt 19. oktober, etter «Thorin» Almanza Longly Awaited Rain (Wildzeal Like Fire In The Rain x Almanza Magica De Hex) og «Nelia» Kvasneset’s Unlimited Love (Flat Garden's Eirik XVIII x Kvasneset’s Love Don’t Bother Me)
Nelia vårt «lille enebarn» har blitt ei stor og fin frøken på snart 3 år. I tillegg til at ho er sunn og frisk, er ho HD-fri og frilyst inklusiv gonioskopi på augene og ikkje minst har ho eit herlig temperament…
Thorin var eg med til Sverige å henta i november for snart 2 år sidan, og sidan det vore så heldig å fått følge han litt på avstand. Han er også så langt i livet frisk, og som Nelia fri på både augene og HD-fri. Thorin er ein vakker ung hannhund som er lett å ha i flokken og jobba godt, han har excellent på utstilling og har kvalifiseringsprøven…
Her bilde av Nelia som valp…
Begge har excellent frå utstilling og her er Nelia sin kritikk frå sist ho var på utstilling:
«utmerlket type str og flotte prop herlig velformet hode med godt uttrykk velasnett hals utmerk overlinje velvinklet framme med supert forbryst Godt vinklet bak utmerket benstamme og fine poter god kropp beveger seg god sett fra siden og bak men må stab mer i front stikler dessverre for dagen totalt uten
pels derav premiegrad herlig temt og velpresentert»
Vi ser verkeleg fram til dette og håpa vi kan få eit greit lite kull som kan sikre oss linjene etter Nelia for framtida.
Tusen takk Barbro og Morten for at vi fikk låne Thorin til dette kullet, og ikkje minst tusen takk Barbro for all praktisk hjelp ♥♥♥
Fine og gode Barbro, ein av mine gode vener som har kome til gjennom hund…
Eg set umåtelig stor pris på vennskapet vårt!
Elles, har vi fortsatt problem med oppdatering av heimesida så difor vil vi i første omgang nytte bloggen.
Om du har tips til program som er enkelt å bruke for heimesida så gi oss gjerne eit tips…
Om du er interessert i denne kombinasjonen så ta gjerne kontakt ♥
Klem -Anja-