tirsdag 2. oktober 2012

Floriade Venlo - Nederland 2012!!

Floriade er ein unik opplevelse og blir arrangert kvart 10. år i Nederland. 
Bli ein del av teatret i naturen, der du vil oppleve med alle sansar fordi du skal spille hovudrolla saman med naturen. Du kan lære om naturen og finne ut akkurat kor viktig blomster, planter og tre er i våre daglige liv. Der du kan lytte til vakker musikk, nyte eit avslappande øyeblikk med spennande lukter…
Uansett kor en går oppdagar ein nåkke nytt…nye former, farger, lukter, nye «skapningar» og nye vriar på korleis vi kan sette saman ting...for andre var det også greitt å finne ein ny bar rundt neste sving ;)  
Det å kunne gå å sjå, føle og nyte ein heil dag var fascinerande, det var nesten som å vere eit lite barn å få julaftan og nyttårsaftan på ein gang!! Det var verkeleg spektakulært og samtidig avslappande, ikkje minst følte eg «vi» har fått litt meir lærdom både for plantar, blomster og ikkje minst litt påfyll for faget vårt...

CNN - World`s Top Destinations for 2012
«This is a once in a decade flower show so it's even more spectacular than Keukenhof, and Keukenhof is already amazing.»


Parken
Floriade Park dekker 66 hektar og omfattar fem unike tema-verdena avskilt av skogs områder. Vi starta med ein tur innom ein japansk hage så tok vi gondolbana som gjekk tvers gjennom parken, det var ein fin måte å orientere seg på kvar dei forskjellege verdenane var…
Kvar verden har si eiga inn redning, program og aktivitetar - der du vil sjå, føle og oppleve naturen på ein heilt anna måte kvar gang.

Eg har no plukka ut ein del bilde frå parken som eg vil dele med dåkke…Håper du vil møte oss på denne turen i form av bilde, av vakre ting og herlige fargar ;)

Håper du hadde ei fin "reise" - eg lova å komme tilbake snart med fleire bilde frå turen og då vil det veffal komme litt bilde av orkidear og ikkje minst flotte georginer 

Klem -Anja-

2 kommentarer:

  1. Hei Anja, og takk for sist. Du har en flott blogg med nydlige bilder... nesten som å være tilbake i Nederland igjen jo. Håper vi snakkes igjen snart, og turen går vel tilbake til våren? klem fra Ole Anders og Merethe

    SvarSlett
    Svar
    1. Heia & tusen takk for hilsen her på bloggen!! :)
      Vi hadde håpa å komme innom dåkke på turen i haustferien, men det gjekk fort forbi på kvelden nedover og søndag heim.
      Hadde vært kjekt å treffe dåkke igjen snart! Hadde ikkje vært så dumt til våren nei, så vi skal følge med på når tid det blir tur!
      Ha en super dag!!
      Klem frå oss i Nordvest ;))

      Slett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...