Deilig suppe som skal vere rykande varm spesielt i litt småsurt haustvêr :)
7 dl vatn
2 terningar med kyllingbuljong
2 bokser kokosmelk
2-3 finhakka chili
1 pressa lime
4-5 kyllingfillea
2-3 løk
Til slutt smaksett med litt salt og pepper...
Kok opp vatn med buljongen, tilsett kokosmelk, chili og lime - la det småkoke. Striml kyllingen, steik den lett og tilsett sammen med løken som kun skal bli litt mjuk.
Her kan du sjølvsagt bytte ut lauken med for eksempel poteter, nudlar eller liknande...
Håpe det smaka!...det syns veffal eg at denne suppa gjer kvar gong :))
Klem -Anja-
Anja`s ♥ skatter er mange, og for meg er det eit dekkande ord. I huset her i Runnane – Villa Galskap – har vi mange skattar. Det er alt frå to herlege born på to bein, til sjarmerande, svarte skapningar på fire bein. Som hjå dei fleste andre er det sjølvsagt også nokre "ting" her som ligg hjartet nærast, og som har ei heilt spesiell tyding akkurat for oss. Men så, ein reality check: Eg har plutseleg blitt trebarnsmor, dei to eldste har flytta ut, og i tillegg har eg vorte mormor. Livet, asså!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Magisk helg...
Det er faktisk det eg tenkjer etter ei verkeleg magisk festivaloppleving i fjellheimen ♥ Foten av Besseggen var hovudarenaen for helga. Oppl...
-
Helga for to veke sidan var eg så heldig å få besøk av mi kjære søster frå Bergen og borna henna. Jentene til søstra mi lika veldig godt...
-
Stamtavle, bilde av far «Loke» og mor «Abi», samt kvalpane i midten er Abi’s barnebarn… …Det gleda meg å kunne få planlegge eit siste kull, ...
-
Her er same hund som eg har klipt berre ein gong tidligare... Tidligare hadde eg skrive ein del om klipping i tilegg med detaljerte bi...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar