tirsdag 30. desember 2014

Deilige nurk ♥


...Det er vel slik at det ikkje er mulig å få nok av akkurat disse små nurka her!! Sjølv om at einaste tida det er lyd så er det på natta, men anna kunne eg vel ikkje vente :) Her er stille og rolig i kassa og Nora er fortsatt ei flink mamma, men som elsker kos og så snart tida by seg er ho ved føttene eller i fanget...

Tenkte berre eg skulle dele nåkken bilde med dåkke denne nest siste dagen dette året!!...
 Deilige nurk som dia og koser seg...Til venstre ser du alle 9 ilag :)
Kan ikkje få det herligere!!...

Fekk eit spørsmål sjølvsagt på fleip om vi hadde slått ihjel den gule valpen sia den ikkje var på bilde sist!? Så om nåkken skulle lure så leve den som dei ande i beste velgåande :))))  
Den markera seg så godt at når den låg under haugen ein plass var det ei fin anledning å ta bildet utan den...

Ha ei fin ladenatt og så ønska eg alle ei flott feiring når vi går inn i det nye året!!
Klem -Anja-


søndag 28. desember 2014

Steik kor gøy

Heilt nede i innlegget kan de sjå fleire filmklipp frå dagens skitur hahaha... :)))) Om du vil sjå bilda større er det berre å trykke på dei...

Ut på ettermiddagen gjekk Tom ut til barna, tok på seg skia og tok ei runde rudt i nabolaget. Eg laga pastasalat til lunsj og måtte berre spise opp før eg kunne joine dei. 
Fekk beskjed av min kjære at dette måtte dokumenterast!!...jaujau i dag var du spreke, men dsse skia dine må brukast litt oftare, ja mine med for den del ;)

Eg gjekk ut og Tom for inn, ja slik er det når ein har små valpa då må det alltid vere nåkken å passe på.
I dag tenkte eg at dagens tur skulle gjerast på ski!!...Spør jentene om dei vil vere med rundt vatnet? Jepp det ville dei sjølv etter tima og i bakken og litt hit og dit så blei dei med.
Tenke seg til å kunne ta på seg skia ved husveggen og skliiiii heilt opp til vatet!...

 Tre jenter, ja og ei firbeint lita dame på tur...
 Emilie, Sky og Katja med to minutts pust i gapa-huken bak skulen...
Steike varm og svett matmor etter ein lang og fin tur med massevis av latter!!... :)

Eg har vel aldri bombadert folk med så mange snappa før heldigvis dei fleste på my story men du og du kor kjekt det var!! :)))) Tenk at vi er så heldig å få snøv så vi kan kose oss med i jula. Ja litt dritt at den kjem til å regne vek straks, men vi får nyte det så lenge det vare :)

Her kjem ein del videosnutta frå dagens skitur!! Håpe det får deg til å dra litt på smilebandet...vi har veffal flira godt ;))
Eg og Sky kjøre på stadion og Katja ligg på trynet i snøven...
Åjåjåj...der ligge ho igjen...Eg og Sky kjem i sto fart :)
Det går fort gjennom skauen når Sky sette farta så vi gir jentene eit forsprang, men tek dei fort igjen...
På veg nedover og vi tek nesten igjen jentene som låg i bakken, så skeia Sky ut og må gjer sitt fornødne...heldigvis klarte eg å halde meg på beina :)))
Du og du kor eg flira, ja godt eg ikkje nett ha født for då ha eg sikkert pissa på meg ;)
Steik for ein kjekke tur...
Litt ekstra renning ved skulen før vi skliiiiiir heim igjen...
Så var det berre å skliiii siste biten heim...

Skulle sjølvsagt hatt filmen framme då Katja skulle renne frå gapa-huken og ned mot skulen for der var ein kant som blei til eit hopp. Også då vi skulle krysse vegen i kyrkjekrysset, og med grøn mann kunne vi gå over vegen...Emilie hasta seg over og kom seg bikka halvvegs då stupte ho rett på trynet!!...Eg ler vettu klare ikkje halde tilbake i komiske øyeblikk ;) så Katja blei nåkken sekund litt irritert på meg ein gang, men det gjekk heldigvis fort over!...ser den asså, men det er så vanskelig å stoppe :) 
Jaja med både knall og fall på jentene var vi heldigvis like heile då vi kom heim etter ein herlig tur ♥♥♥
Klem -Anja-

lørdag 27. desember 2014

Du glade romjul...


...Kan vel ikkje sei eg er like glad 24 tima i døgnet veffal ikkje når det er snakk om å bytte gåve på den o store byttedag!!... Herremin - med låk skrott, lavt blodsukker og litt mangel på søvn slik er det  vere spebarnsmor igjen og det til ni!! også stå i kø på moa!? Nei takke meg til då vi for på Expert blei eg jaggu sur når ein herremann berre gjekk foran meg i køa då det kom ein fyr til i kassa...jepp, då gjekk kjerringa sur utav butikken!! Ikkje lenge det vare heldigvis, men eg kan bli det og då kjem det jaggu nåkke lirande også. Når eg har veeeenta så vil eg jaggu ha hjelp når eg skal...

Jaja, så var surmaginga over for i dag...fort heim der alt har gått sin vante gang, plutselig var eit skiskopar søkk vekk rot både her og der når man bytta om på soverom og andre rom like før jul! så då for vi fort på sporten slik at Timmen også fekk gå på ski i dag :) Håpet er at vi alle kan få oss ein tur i mora, men til Tom`s store glede må han passe valpa. Eg tenkte liksom Sulafjellet heilt til eg kom på at eg skulle ned igjen også ;)
 Det her blir ein ikkje metta på ♥ "Nora" er herlig, flink og rolig...Ja, åsså lit kosete så må innom stua for litt kos innimellom og ila fort inn igjen om ho høre nåkken klunk...

Elles er det massevis av herlige lyda frå valpekassa ♥ Det er ei herlig tid ja sjølv om eg søv dårlig om natta...men eg gleda meg til dei begynne å ta form så eg virkelig får sett på dei.

Barna for ut igjen på tur i bakken og då nytta eg og Tom tida å sjå ein film!! Lure på når tid vi gjor det sist!?...Då dei kom inn igjen laga Katja og Emilie middag og serverte oss på tallerken!!

Er redd det igjen går mot ein sløve kveld...er ikkje ofte eg er i slikt modus!! Kankje tek eg med The Holliday i senga, det må nå vere perfekt ilag med bakgrunnsklynk frå valpekassa 
Klem -Anja-

fredag 26. desember 2014

Kvit glede 2. juledag ♥

Rolig start på dagen...kjenne ein er litt trøttere enn normal med ni små som patta, klynka og sende gode lyda min veg på natta, ja omsorgen som Nora vise er heller ikkje heilt lydlaus.
Winter wonderland...rett utanfor husveggen 

God frukost, slumring og ut å kose seg i snøven både to- og firbeinte!! Gleda var stor då Tim Are såg ut mellom gardinene og kunne sjå så masse snø for då var det berre å ta fram Gråtass og kose seg med måkinga.
Tim, Tom og mr. Ferguson gjer godt arbeid...
Den gode og sjarmerande mr. Ferguson...
"Sky" storkosa seg ute i snøven ilag med lile "Mille" full i snøkladda ;)
 
Katja og Emilie har kost seg ute i heile dag, inn berre for litt mat og lage seg kakao...

"Nora" kunne nok også tenke seg å springe ute så det blei ein luftetur der ho fekk kosa seg, inn på bade for tørking og tilbake til dei små...Det er fortsatt ro og harmoni i kassa der alle er friske og raske med godt mat vett ♥ for nåkken nydelige skatta vi har fått...
God morsomsorg 

Ønska de alle ei fin romjul utan stress og bekymringar 
Klem -Anja-

torsdag 25. desember 2014

1. juledagsglede

Det er ekstra juleglede i hemen om dagen...å kunne kombinere jul, valper, sløvings og fjlltur på ein og samme dag kalla eg glede!! :) 
Men, skal vere den første til å innrømme at så masse søvn har det ikkje vore i natt...eg har lagt å hørt på små herlige klunkelyda, ei god mor som stelle godt med sine kjære små, ja så eit par hyl av valp som kom litt i trangsteg men det ordna eg fort opp i...i tillegg når det var tid for søvn hadde eg ein kjekke kar ved sida mi som ikkje heilt klarte å "oppføre" seg der han prøvde seg på fargbrev i snorking!!!....Herremin asså uansett kor mange ganga eg dulta borti og snudde på han så til slutt blei det litt sparking, ja kanskje skal eg få meg ei ny karriere innan kickboksing... :)

Jaja det blei tidlig opp og få litt til vaska og tørka, litt smårydding og døsing på soffan. Så var det berre å mobilisere seg ut på tur, stakkars Nora hadde litt lyst å vere med men på samme tid vil ho knapt forlate valpane sine.
For meg er dette vakraste utsikta ein kan ha ♥

Tok bilen inn til mamma og pappa der vi tok oss ein tur opp på Lervågfjellet. Løypa opp var isete og litt småfarleg så vi nytta oss av sidene, og på veg nedover så var det minst like gale der var det ut i lyngen og det var høgre enn det såg ut nokre plassa, så det kunne lett blitt litt tryning i eina. Hundane var meir som babi på isen og måtte le når lille Mille gjekk oppover glatta og stod på alle fire og seilte bakover...heldigvis alle like heile då vi kom ned som vi var då vi for oppover ;)
 Speilblankt og sjølv hundane prøvde å vere forsiktige...
Vakkert også utover mot Langevåg, Breisundet og Ålesund...
Glatt, glatt, glatt...

Etter julebrunsj ilag med mamma og pappa bar det heim til barna, gubben og 10 andre firbeint♥♥♥
Fredelig i kassa med dei ni som klynga seg sammen den tida dei ikkje dia...
Ønska alle ei fredelig og god jul ♥♥♥
Klem -Anja-

Det skjedde i...

...dag!! 24.12.2014 fekk "Nora" sine førstefødde...vi var ferdig med middagen og klar med dessert og gåver, men ikkje lange stunda gjekk før ho begynte å valpe så i år var verken kaffi og kaker eller gåver nåkke vi tenkte så masse på. Det blei ein julaftan utanom det vanlige der vi fekk ta imot 9 herlige små nøster!! 

Det tok litt tid før folk ensa pakkane og må innrømme at eg ikkje har fått med meg kva barna har fått og kven det er frå, men takk til dåkke alle!!...
Tim Are han kunne ikkje gå frå valpekassa for å pakke opp, for han måtte passe på familien sin! Han har passa på at "Nora" har hatt det bra i heile dag, han har hatt ho ved seg på soffan og vore ved valpekassa når ho fann den og fødselen nærma seg...Etterkvart med litt overtaling reiv han av papiret på ein del ;) Ja, om nissen kom spilte ingen rolle for han hadde jo fått så fin gave likevel...men då den kom så var han snart å finne ein valp å vise fram ♥♥♥
I skrivande stund klokka er passert midnatt og Tim Are sitte med valp i handa og synger julesanger "vi gleder oss til jul"...å få han til å sove i natt blir nok ikkje lett, men han har laga til med reins- og lammeskinn ved kassa og skal ligge der.
Katja kom med ein pakke til meg under fødselen, ho meinte eg gså måtte få med meg litt...
Tim Are vise stolt fram eine valpen til nissen...

"Nora" var så fin og rolig å ensa ikkje det slag at vi til tider var fleire på "valperommet"...Fødselen gjekk fint, sjølv om eg etter valp nummer to pusta letta ut for kvar svarte som kom ut.
Det blei altså 8 "jesusbarn" og 1 "marsipangris"!!...
Tim Are tok seg tid til å følgje nissen ut i døra...
Her er gjengen samla og jaggu ser den gule tigra ut før den blei heilt tørr...Med dei gule anlegga frå sin far håpa eg "Nora" har fått det brune med seg frå si mor!
Tim Are er heilt oppslukt og ber oss slappe av for han har full kontroll!!

Samme rom og plass berre ny farge på veggane fire og eit halvt år tilbake var Tim Are iherdig i valpekassa den gang også. Dette er frå sist vi hadde flatvalpa, her er "Lisa" med kullet til "Nora"...
Marsipangrisen vår merka seg ut og vil tru han vil gjere det framover også, barna har veldig lyst å ha den sjølv, men forklara at det ikkje går. Det skjønte dei, men dei håpa den kan få vere i nærheten...

Det har seg slik at eg fann først ut at far til Nora bar gult på paringsturen og etter år med "valpetørke" hadde eg ikkje tenkt gentesting av Nora då eg kun har hatt svarte og brune linjer tidligere litt ute av gamet ei stund hadde eg ikkje fått med meg at Jungman hadde gitt gult i eit kull. Men, så hører eg med Carina og teoretisk er det mulighet for gule anlegg på den sida også, dei har heller ikkje hatt gult tidligere...så under ein kaffikopp kom vi asså på at muligheten var der og jaggu ta blei det ein liten gul valp, eg takka for at det kun blei ein!! No må det gentestes her for å ikkje doble det og få fleire, men takka for at det kun er ein farge og ikkje sjukdom...og må innrømme at marsipangrisen vår har vore kveldens høgdepunkt blant dei andre familiemedlemane, ja må innrømme at fargen er fin men...
Så i dag har vi altså fått 8 "jesusbarn" og 1 marsipangris!!... Eller er det marsipangrisen som er jesusbanet sia den er den spesielle!?... 
For ei lita tid tilbake drøymde eg at det kom ein tigra valp ut, den var gul og svartstripa og dette sa eg til Tom og barna. Tim flira og rista på hovudet og meinte på at Daniel måtte lage drøymefanger til meg :)
Jaja, eg blei litt sur på meg sjølv for at eg har "sove i timen", men kombinasjonen synes eg er så god at eg er glad eg ikkje visste for då hadde eg jo ikkje tatt den!!...Det er faktisk berre ein farge og den kan eg jobbe vekk videre. Så den lille marsipangrisen blir nok litt spesiell her vil eg tru...
Dette blei sjølvsagt ein julaftan ikkje heilt etter boka...
I år var mamma, pappa og min bror Narve her med oss!! I år så sakna vi alle farmor, ja til og med min kjære bror som har feira dei siste 17 åra ilag med ho syntes det var veldig rart å ikkje ha ho ilag med oss. Men, eg og Katja var der med ho tidligere i dag og i går var Tom og begge barna der...

No skal vi berre nyte jula ilg med familien og kose oss med valpane...akkurat no kom Timmen med ein valpebæsj i handa og spør kor masse av det må han plukke? Trur eg får god hjelp av han framover! Ja, så var det greit å ta den for han hadde jo hanska på seg ;)

Dåkke kan tru vi har hatt ein fin julekveld og vi skal kosemose oss gjennom heile jula...
Juleklem -Anja-

Blei ikkje posta før i dag då augne sig sammen i går...I natt har Tim Are lagt ved valpekassa og passa på valpane, våkna ii ttre-havlfiretida då det var eit par valpa som skreik høgt. Han såg at eg ordna opp og la seg for å sove igjen ♥♥♥


Namna er klare

 …Kanskje på tide å få registrert dei når dei i dag er 7 veker inn i livet. Namna er klare og vi skal berre setje dei på dei forskjellige kv...