mandag 27. april 2015

Når enden er god er all ting godt


Tok med kameraet og det blei faktisk nåkken bilde som eg berre må dele med dåkke...Eg blir ikkje heilt metta eg asså ;)
Berre å trykke på dei for å få dei større!!

...og det er ein slik dag i dag, i fjell ved fjord og andre fjell!!
Eg sat med haveregrauten og eit glas grøn te i dag tidlig stille for meg sjølv og tenkte at turen måtte gå mot Rollonhytta, ja for på Langevågsida er der for mykje snøv for ein slik skrott som min ;)
Kjørte barna til skulen og var inne i Mauseidvågen ti over halv ni der eg heiv sekken på ryggen og "bikkja rundt magen"...rettare sagt i sele festa rundt magen ;) på Ullevål sa dei at dette sikkert var vldig fin trening for meg då det også går på indre musklatur! :)
Vi skunda oss oppover og "Sky" søkte godt i terrenget, ja vi sjekka litt i elva forskjellige plassa også...vi passerte Taustua og Rollonhytta i stor fart og fortsatte oppover på snøven, ja eg som ikkje skulle gå i snøv - men, du skjøna når eg er ute i fantastisk natur som vise seg frå si beste side jaja litt sur vind oppi der da, med den aller beste turkameraten i front og med eit mål om å prøve å finne ein sakna firbeint er det jaggu ikkje lett å stoppe.
Etter vi suste forbi Rollon såg vi oss litt tilbake, ein må uansett nyte litt av dette vakre her...
 Litt lenger oppe måtte eg ta meg tid til å ta eit panorama også...
 Her søke "Sky" litt ut mot venstre også går vi oppover...vi gjekk eit stykke til før vi snudde kunne nok berre gått til toppen så hadde eg fått på "check" lista mi også...

Vi gjekk bort til "foten av vardane" og då turde eg ikkje lenger, så gjekk vi mot Svanshornet ein liten topp før det og gjekk rundt der oppi i ulent terreng og med snøv som hadde føyka vart det nesten som ei bergogdalbane hadde sikkert vore lettare å gå opp til vardane. Då vi skulle gå nedover mot Rollonhytta bråsnudde "Sky" og begynte å snuse oppover igjen...jepp, der var eit ganske så ferskt firbeint spor alt anna var gjenføyka så vi fulgte oppover til det gjekk utfor...
 Her er spora og det gjekk heldigvis ikkje rett ned som det såg ut for først...Vi gjekk litt lenger opp for å få "oversikt" og eg ville ikkje gå for lagt ut på kanten...
 Her var kjerringa litt vågal og sank nedover eit par meter frå kanten...men klaup meg fast i ein lyngdott og "Sky" drog meg opp, ho måtte sjekke ut holet etterpå ;)

Når ein først er ute å leita i fjelet kunne det nesten ikkje vore på ein betre dag...med sol og fantastisk utsikt stoppa eg opp og nytte det eit par ganga, og då var det slettest ikkje dumt at kameraet var med...
Er det ikkje vakkert vel!?????...

Fornufta "seira" og vi er no på veg nedover igjen...Kom gjennom eit tett furukratt bak hytta her, ja faktisk ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne gå...
 Rollonhytta ligg der med sine fantastiske omgivelsa...

Ja, så måtte eg altså berre lytte til skrotten og begynne på turen ned igjen. 
Etter vel 3,5 tima i fjellet for vi heim for å slappe litt av. Ønske var å gå opp på Svanshornet frå Langevågsida no i ettermiddag kan no sei heldigvis så trengte eg ikkje det. Så lykka var stor då eg ein time etter heimkost fekk telefon om at hunden no var funne i god behold!!...Det er berre så godt med alle slike historier som enda godt!! Eigaren sat seg ned der han mista han og etterkvart kom hunden tilbake. Han har nok sprunge rundt der oppe i fjellet i formiddag, men leita/lukta seg heldigvis tilbake igjen...FANTASTISK!!
Storfjorden så vakker der du ligg å sola deg under fjella...

Etter ein mindre planlagt, men herlig tur i fjellet kan eg sei at mogonturen min var betre enn normalt, spesielt når alt enda godt :)
No må eg kvile og samle krefter til i morra, og tek med meg ei bok i senga. Så må de ha ein herlig kveld...
Klem -Anja-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...