fredag 8. april 2016

Sakna du nåkke eller!?...

...Ja eg berre lure på om du kanskje sakna ein boxer, ein bh, lighter eller strømper!??  Kanskje litt i seinaste laget å etterlyse det etter at politiet har vore her å tatt med seg akkurat det. Men det politiet ikkje tok med var det tilgrisa vatnet og våte bilsete!!...så det kunne de kanskje komt å rydda opp i ;) Etter å ha sett kor de har oppført dåkke, så er min første tanke "steik kor grisete folk kan vere!"...

Men, om de absolutt ønska så sterkt å ta eit bad så kunne de oppført dåkke som normale reinslege folk...jaggu ha tatt ein dusj først og latt vere å tatt med deg "møkk" oppi karet, og når du ser bileta her og har vakna så tenke du kor innihampen ufyselig skitten du må vere akkurat no!! Æææææsj du har min fulle sympati for det vatnet var berre heilt forjævlig...eg er i utgangspunktet kresen men ditta var motbydelig sjølv for hardbarka staute kara frå politiet. Så når eg spurte om dei ikkje berre kunne hoppe oppi karet å ta ut det som låg oppi så takka dei gladelig nei :))
Sakna du nåkke av dette?? Ein mildere bh kanskje?? Men, kvar har de vore å rulla for å bli så skitten lure eg litt på?? Godt for dåkke at vi har plukka vekk alt av hundebæsj rundt om......
Ute på traktorer også men det var vel ikkje så lett når den var av det minste slaget??... Då vil eg heller anbefale gråtassen som vi he for den er betre til "vaksne folk"...

Så skulle ein tru de hadde det varmt nok oppi badet slik at det skulle vere unødvendig å ta seg til rette med å gå inn i bilen til dei som bur i kjellaren!! Klissblaut alt og lite kjekt å kjøre rundt i ein bil med blaute sete... Om de var hyrdestund (kunne nesten høyres slik ut etter at bh'en var tredd rundt girstanga) de hadde eller kva skal eg ikkje vere for bråkjekk å ha formeining om, men vil tru det hadde vore betre plass og meir komfortabelt å gjere frå seg i badet!! ;)

Med alt arbeidet vi har hatt og får med reinhald og sjå til at det funka som det skal...så håpe eg at de har storkosa dåkke slik at det er verdt arbeidet for oss ;) samtidig vil eg be dåkke ta ein skikkelig varm dusj og bruk skrubben godt!! 

Skjøna at det kan vere godt med eit slikt bad, men syns det er utidig å ta seg slik til rette på andre sin eigedom.......nesten gang får de ringe på å spørre om lov, og er du skikkelig grei så kan du kanskje få ta ein dusj først så slippe vi å måtte klore alt etterpå ;)
Til alle som skal bade i dag - Nyt det, men ta ein dusj først!!!
-Anja-

1 kommentar:

  1. Seriøst??? E d nokken som har hoppa oppi karet dokka????? Går d an...ditta var ufjølgt og toppen av frekkhet!Nokken folk altså 😬😵😡
    Toveklem :)

    SvarSlett

Kullet er godkjent...

...kom tikkande inn på e-post ikkje lenge etter vi var komen heim etter tur til veterinæren. Etter helsetest, vaksinasjon og ID-merking vart...